Frå Klæbu Seminar.

Her liver me godtsom skildt frå andre folk i ein trong avdal, Grytedalen, som sume kallar den, for me bur liksom nedi botnen av ei gryte.

Me går her og stullar for os sjølve og fær kanskje til ei forandring sjå ein og annan selbyggen, som ruslar på byvegen med toppluva og skinnskreppe.

Desmeir me er skildt frå folk, des betre er det, sae ein skulemeistar på eit stiftslærarmøte i Trondheim. Kvifor hev dei ikkje flutt seminaret enndå meire burt ifrå Folk då? Dei måtte hava lagt det uppi Tydalsfjella, der, som Armfelt og soldatane hans for og fraus og svalt, tykkjer eg. Det er då ikkje å venta, at me spræke bondegutar støtt skal gå med gammalmannsmina og lesa inni stoga; nei, me treng frisk luft me og; me treng rista bokstøvet av os ender og gong. Er det ikkje folkeverande ute, so gjer me byks og hallingkast på golvet, og er det folkeverande ute, renner me på skeisur, kjelke og ski.

Laurdagen den 18de februar hadde me premieskirenn. Veret var slikt, som me vilde hava de, og alle var friske og glade. No skulde me liva ein dag på normannsvis. Aa du! – kor gildt det er å taka seg eit rigtigt snjolaug. ”Berre dyk ikkje bryt hænder og bein,” sukka dei mest ynksame. ”Signe dyk då! skal me brjota beina våre? Me er då ikkje gjort av sukkergodt me?”

So bar det iveg. Dei stod godt dei fleste. Ein og annan var det væl som skaut bjønn og; men det gjorde ikkje noko. Då hoprennet var slutt, hadde me lengderenn. Lengda var 2675 meter; den snøggate gjorde det frå seg på 15 ½’, den seinaste på 22’. Fyr berre moro hoppa han, som tak fyrstepremien 15 meter stavlaust, og han som tok andrepremien gjorde eit hopp og eit kast nedetter bakken slik, at me, som såg på, trudde ikkje, der fans heilt bein i kroppen hans, men nei då! Det gjorde berre godt sa’ han; det var slik han vilde hava det.

Laurdagen etterpå hadde me fest. Seminarlærar Hartmann heldt festtalen og minnte um det gagnlege i å øva seg upp i idrotter og lagde os læresveinar på hjarte, at me måtte stå som vern mot dei trongsyn, at leik er synd, og at skilaup og andre idrætter er til fånyttes avdi, dei ikkje kan reknas ilag med anna arbeid. På den andre sida måtte me agta på, at ikkje styggedom blanda seg inn i leiken, so den på det vis kunde verta til nedbrot for kropp og sjæl istanfor til styrking.

Kvendi skaut saman til ein ekstrapremi (ei theskjei av sylv) åt ein. På hans skjemtsame spurnad um, kvifyre dei viste honom slik samhug, kvifyre dei hadde meire tilovers for honom enn for dei andre, vart svara, at det var hans mot og trottugskap og dei orda han ropa ut, då han skaut den største bjønnen: ”No går det godt!” Desse orda slog ned i kvinnehugen og vakte deira medkjensle. Han måtte hugsa desse orda, når han i framtida kom til å ferdast millom kvende; hadde han då motet godt, vilde det gå godt, og premien vera viss.

J. L.