Et Forbod

nedlegg Per Sivle i Kristianiaposten mot aa lasta Johan Sverdrups Regjering.

Vinstretingmennene er valde paa Tillit til Johan Sverdrup, segjer han, og so skal dei vera so god halda Munnen sin, um han fær aat aldri so gale.

Per Sivle kann nok snakka, han vilde vist ikkje bera Vaapen mot Sverdrup, um han vart verre enn baade Stang og Selmer.

For Per Sivle hev si Løn han, men Stortingsmennene hev aa tenkja paa Landsens Beste dei. Det var ikkje Mannen Sverdrup dei lova aa fylgja, men Politikken hans, slik som den var kjend fraa Stortingsdagane. Um Mannen fell ifraa, maa dei likefullt halda paa Politikken hans, som dei lova.