Bjørnson og Svensken.

Ein skriv aat oss:

I numer 1 af ”Fedraheimen” d. a. skriver De blandt andet om Bjørnson: “Sjølv driv han og hans Folk paa med aa gjera Svenskar av oss”.

Jeg er herved saa fri at bede dem om gjennem ”Fedrah.” at give Bjørnsons mange venner greie paa, hva de mener med dette.

1. Han skriv halv Svensk. Skilmerkje millom Norsk og Dansk ligg mykje i det, at

Norsken hev Tviljo og harde Konsonantar. Norsk: støyte, blaut, Leik, løype. Dansk: støde, blød, Leg, løbe.

Bjørnson skriv ikkje noko av dette, korkje den norske elder danske Form. Men han skriv dei Formene, som helst er svenske, han skriv nemleg: støte, bløt, Lek, løpe.

Svensk Tunge einast kjennes ved slike Former som sine eigne, baade i Danmark og Norig er dei uheimlege.

2. Han set Svenskane til Domarar yver oss. I Boka si ”Til dem, som forkynner eller lærer i det norske mål” segjer han S. 34: ”Det nye fællesmaal (d. e. landsmaale vaart) ”maa for Svenskerne ta sig ut som svensk almuesmaal”. Naar Svensken synes, at Landsmaale vaart ”tar sig ut” som noko, so skal me retta oss etter Domen deira i ei Sak, som berre kjem oss ved. Naar Svensken finn, at Landsmaale vaart er for simpelt for dei fine og berre likt eit ”almuesmål” – om den Mann, som fer med slikt, segjer me hugheilt: han vil gjera Svenskar av oss.