Ymist.

 

 

Grunnen til Dugløysa hjaa Ministeriet  vaartfinn det svenske Blad Fæderneslandet  aa vera tri Ting. 1. Kongen gjer Motstand. 2. Alle Smaating gjer dei blinde for dei store Spursmaal. 3. Dei hev aa dragast med eit gamalt Byraakrati elder Kantorstyre, som er so umaateleg seinført, at det hefter alle Umbøter. Det ser ut til, at det svenske Bladet finn desse Grunnarne fullgode, og det gjer daa til vissa Kristianiaposten, som finn alt fullgodt, naar det gjeldst um aa verja Sverdrup.

 

Likesom slikt skulde vera til Forsvar! Nei.

Dei berre ikkje orkar Uppgaava si, som nettupp skulde vera aa tygla Kongemagti, som Riksretten batt, og lata dei store Grunnsyn faa trengja gjennom dei minste Smaating og gjeva Kantorstyret fri Skjuss ut or Departemanti. Men i Staden so løyser dei Tyglarne til Kongen, druknar i Smaating og let Kantorstyret raada som i gamle Dagar.

 

Skulde daa det, at dei hev sviket si Uppgaave, vera til Orsaking for dei?

 

Det beste og det næstbeste. Hev du ikkje Mot nok til aa velja det beste, bør du taka det næstbeste. Er du ikkje so langt framkomen, at du kann lesa Fedrah. fær du taka Verdens Gang elder Dagbl., som er gode Blad baae tvo. Det fyrste er gløgt, kvast men ilskt, det andre er varsamt, upartisk og fint. Allvist Vikeutgaava av Dagbl. vert høvelegt for Landsfolk. Mykje Mat for liti Betaling Kr. 2.40 for Aaret.

 

Griseliteraturen  elder Portnografien som det heiter paa fint Maal blømar no i Bladi. Fordi nokre svenske Svin hev fenget Sotti, hev Tyskland forbodet Norig aa føra Svin til Tyskland. Likesom me hadde noko aa gjera med svenske Svin; men dei trur det jamleg i Utlandet, at Norig og Sverik er Namn paa det same, og Diplomatarne vaare ser det ikkje ut til vil taka den Trui fraa dei. Hadde me voret frie for Unionen, hadde me og voret frie for slikt. – No er det nokre Bygder i Sverik, som Sotti ikkje hev naatt endaa, men det er ikkje utrulegt, anna, ho naar dit ogso. Hadde no Norig stengt reint for svenske Svin, so kunne me vore trygge mot Sotti, og kanskje me kunne faa gjort i Vegen nokre Griser aat Tyskland ogso. Men so var det nokre Skipseigarar nede paa Halden, som gjerne vilde ha billegt svensk Flesk aat Sjøfolket sitt. Dei fekk Regjeringi til aa gjeva sume svenske Svin Fripass. Og so kjem Tyskland med Forbodet mot oss, og so kjem kanskje Sotti sjølv ogso.

 

Oftedølerne  sagde fyrr, at Fedrah. var ikkje sætande, fordi det var berre Kristianialiteratar, som skreiv der. No sidan Oftedølsbladet sjølv hev slegjet seg ned i Kristiania, fær Fedrah. høyra ifraa sama Kanten, at han er ikkej sætande, fordi han vil slaa seg ned millom Fjellbønderne. Fjellfolket stend nok ikkje høgt hjaa Oftedølerne.

 

Av Guds Naade” hev dei stroket or Kongetitelen i Holland. Gjera likeins hjaa oss.

 

Maalsaki. Skulekommisjonen i Vikøyr i Hardanger hev samrøystes vedteket aa kjøpa og dela ut i Skularne 30 Lesebøker paa Folkemaalet.

  

Sparepolitikk. Vinstresamlaget i Birkreim (Dalarne) hev m. a. vedteket at Embætslønerne skal setjast ned, so at ingen hev meir enn 6000 Kr. for Aaret og ingen meir enn 8 Kr. i Matpengar for Dagen, at Pensjonsstellet skal slutta, og at det skal lagast Sjølvpensjonering i Staden.

 

 


Frå Fedraheimen 17.12.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum