Eit visnat Skot.

 

(Del 3 av 4. Fyrste del.)

 

(Framh. fraa fyrre No.)

 

 

So gjekk Dagarne, den eine lengre enn den andre, og Vikurne gjekk, den eine lengre enn den andre. Det vart Sumar og kvælande varmt um Dagarne. Systrarne var ute, Mor hennar av paa Tigging. Ho hadde Hoste og Stikk i Brystet og vondt i Magen. Eit Stykkje gult, ramt Flæsk, som Systrarne reiv i seg av, som um det var ein Godbit, vreid Magen hennar seg for. Ho tok til aa stira med glødande Augor etter alle framande Kvinnfolk, ho saag nokonstad paa Vegerne. Ho trudde alltid, at det maatte vera Gudmor, like til dei kom nærare daa var det alltid nokon annan. Ho gjekk nedanfor Nausti og sette seg paa Steinarne med Henderne for Augorne og undradest paa, um Gudmor ikkje skulde koma no liksom fyrste Gongen. Det saug i Magen og stakk verre og verre for Brystet, daa ho hostad – men der kom endaa ingi Gudmor. Ho greet og hikstad og sparkad i Sanden; men der kom ingi likevæl. Og kanskje ho aldri nokonsinne vilde koma att. Voni minkad; men paa same Tid vart Minnet um Ferdi og Kringlerne, det einaste Eventyret i Livet hennar, so mykje meir daarande fagert. – Soleis leid det fram mot Hausten. Andlitet aat Jentungen var vortet endaa meir graableikt og innturkat enn fyrr, Pusten hennar meir stutt og tung, og Augorne saag endaa meir store og stirande ut. Men no stirde dei ikkje lengre etter nokor Gudmor – ho vantad henne ikkje lengre. Ho tok derimot stundom til aa stira, slik som Systrarne so titt gjorde... Ho hadde sett dei smjuga som Ormar innunder Naustveggerne og koma att med Turrfiskar og Sild og anna, som dei sprang i Skjol med. Eitpar Gonger hadde ho sett dei standa med glosande Augor paa Lur, til dei fekk snappa noko upp or Spand, som Ferdafolk hadde sett fraa seg paa Bryggerne.

  

Slikt vaagad ho seg ikkje til. Men daa ho var aaleine inne, tok ho til aa stira ikring seg. Stundom hadde ho ogso sett tvo av Systrarne klyva upp paa ein Krakk og snappa noko ned av Hylla. Og det var just der, Mori fant Kringlemolarne og Kakebitarne, naar det vart altfor ille... Ho fekk Vatn i Augorne og fimrande Hender, da ho snikte seg burt og sjølv vilde prøva og klyva upp; men so var der alltid nokon, som gjekk utanfor, og ho rømde rædd vekk. Men so var det ein Dag Mori var ute lengje att, og der vart stilt, daudstilt. Ho lydde lengje etter; men der heldt paa aa vera stilt. Ljodlaust flytte ho ein Krakk aat Hylla og klauv upp. Ho hadde alt Tak i noko med handi – daa høyrde ho ein Naseljod gjenom Klinkeholet, og det var som um nokon fomlad etter Klinka i Døri. Med eit forstod ho, kvifor der var so stilt: Mori stod paa Lur og lydde etter! Avskræmd snudde ho seg for aa koma svindt ned; men daa trødde ho ut paa Kanten av Krakken, den kantad um, og daa ho i Fallet trivlad burt i Hylla for aa halda seg fast, reiv ho ikoll ei stor Krukka med Mjølkeblande i, so den datt ned saman med henne.

 

Mori var ikkje utanfor Døri – der var ingen utanfor. Mori stod just burte ved ei Grannehytte og hadde snakt med ei framand Kone, daa ho høyrde eit skjærande Skrik inne, og daa ho kom inn, laag Gjentungen og sprællad i ein Sjø paa Golvet saman med Krukkebrot. Og der laag Krakken i koll, og Ungen hadde ein Kakebit i Handi, so der ikkje var Tvil um, korleis dette var gjenget til.

 

Er det det sjuke  Kræket dette?” skreik Mori og slog Klørne ned i Hovudet aat Ungen og lyfte henne upp. ”So det er du, som hev drivet paa med denne Stælingi, som eg lengje hev merkt?”

 

Katrin svarad ikkje og sparkad ikkje imot. Ho hadde set det glodraude Andlitet, dei brennande Augorne og Rivtennerne aat Mori, og ho heldt Augorne att. Rædsla tok Anden fraa henne, so det var ei heil Stund, fyrr det piptad i henne.

 

Trur du, at du skal kunna berga deg endaa ein Gong med denne Jammerslaaten? Er du sterk nok til aa gjera vondt, so er du sterk nok til aa tola Riset og!” ropte Mori. Ho støytte upp Døri, drog Ungen ut i Gongen og reiv ned Riset yver Døri. Det blødde or Nosi aat Katrin etter Fallet ned av Krakken; men utan aa merkja paa dette, slog Mori henne yver Hovud, Hals og Hender med Riset. Skriket var snart høyrt burt aat Grannehytturne og ned aat Strondi, og Hopar av Ungar kom laupande fraa alle Kantar for aa sjaa paa Uppstyret. Ragnhild hadde lyft Ungen upp etter den eine Oksli og trugad henne til aa tegja still. Daa vart Døri med eit skygd av eit stort Kvinnfolk, som kom. Ho trengde seg fram og reiv Gjentungen fraa den uppøste Mori.

 

Er du Mor og slær forderva ditt eiget Barn?” sagde ho og saag ned i det litle blodutte, blaanade Andlitet.

 

Kanskje det kjem deg  ved, um eg prylar det Utinget? _ _men hellest skulde eg ikkje verta til noko Bygdenarr av Sorg, um eg miste ein elder tvo Ungar helder!” sagde Ragnhild med nykveikt Sinne yver denne Innblandingi. Den framande Kona svarad ikkje paa dette. Ho tok fram eit Plagg og turkad Ungen i Andlitet og strauk Haaret burt fraa Skallen hennar. Katrin slog idetsame Augorne upp – og so saag ho upp i eit stort, venlegt Andlit, og ho høyrde eit kjent Mæle... Ho heldt eit Augeblik upp med Skriket og stirde med uppspilde Augor, og so greip Fingrarne hennar med Krampetak fast i Klædi aat den framande, og ho trykte seg inn aat henne som ein Igel. Var det sant dette? – det var Gudmor, som ho so lengje ventad paa!

 

Det er ikkje eg, som hev teket noko... eg vil vera med deg!” skreik ho og heldt seg endaa fastare.

 

Du skal faa vera med meg”, sagde Gudmor laagt. Ho tok henne i Armen og leidde henne ut utan aa sjaa attende paa Ragnhild. Hopen av nasvise Ungar flytte seg vekk med Age og sluttad aa læ. Ragnhild kom ut i Døri, trødde paa det blodutte Plagget, som var dottet ned, og stirde etter henne saman med nokre Grannekjeringar.

 

Dei visste, at Gunnhild var ulik andre Folk, so dette var ikkje so mykje aa undrast paa. Dei hadde just havt Moro av aa fortelja einannan, at den rike Gardmannskjeringi var halvjaallut, daa dei idag, Aarsdagen etter det siste av Borni hennar døydde, saag henne reisa til Kyrkjegarden att.

 

Det Venskapet varar vel lengje!” sagde Ragnhild med ein gneldrande Laatt, daa ho gjekk inn att og slog att Døri etter seg.

 

Katrin høyrde det, men vaagad ikkje aa sjaa attende. Ho heldt Augorne att og heldt seg fast og fylgde. Ho vaagad ikkje aa skrika høgt eingong, daa Gudmor hyssad paa henne. Soleis bar det avstad, til dei var komne upp under Bakkarne. Der stod Karen, som hadde voret med og rott, og ventad. Han tok Katrin paa Ryggen, og so bar det vidare. Ho hadde endaa Rider av Skjelving etter Rædsla, so ho snaudt kunde pusta. Det heldt paa aa skymra, daa dei foor uppetter, ho saag Hestar tett ved Vegen og heldt seg fastare og fastare. Ho saag berre etter um Gudmor kom etter. Jau ho var tett bak. Daa lagde ho Augorne tryggare att, det susad i Hovudet etter Naseblodet, og det voggad so lindt upp og ned, daa det bar gjenom ei myrk Bjørkelid, at ho seig halvt ned i Ørska. Daa vart ho med eit støkt upp av, at ho vart sett ned. Dei var framkomne, det skein ut av eit Kjøkenvindauga, og Gudmor leidde henne inn i Gangen. Gjenom ei Dør saag dei inn i ein stor, rumleg Kjøken. Der var blænkjande ljost av ein stor Eld paa Gruva, mitt paa Golvet sat Husfolki rundt ei stor Gryte og renskad Poteter, medan Alv, Gutungen, sat i Gruva og steikte Eple i Glørne. Men Gudmor gjekk ikkje inn der. Ho leidde henne forbi Døri og inn aat Stova og sette henne ved Omnen. Der var endaa myrkt – det skein berre ut or Omnen og burtyver Golvet lidt. Her høyrde ein berre Suvret av Snakket ute i Kjøkenet, medan det durad i Omnen, og her var varmt og godt. Gudmor gjekk stilt ut; men daa Katrin saag upp, var ho komi att med varm Mjølk og Mat aat henne. Ho kjende seg med eit so varm, so strøymande varm og so trygg, og Rædsla var som smeltat burt. Men daa kunde ho ikkje lengre halda seg fyrr Graaten, som Rædsla hadde haldet inne os lengje: han braut fram, so ho ikkje kunde smaka nokonting. Ho kunde ikkje stansa han, daa Gudmor turkad Augorne hennar og leidde henne inn i Kammeret, klædde av henne og hjelpte henne til sengs. Ho heldt endaa paa aa hiksta og skjelva og pusta tungt og ujamnt, etter ho var somnat.

 

 

(Sluttar.)

 

 


Frå Fedraheimen 17.12.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum