Den nye Tid.

 

  

Ho kjem, ho kjem med alt sin Ungdoms Eld,

som Morgondagen etter myrke Kveld.

Ho kjem, som Vaaren med sin Knupp og Blom

kjem etter Vetren med sin Daudar-Dom, -

som Lauv, det kjem paa svarte Bjørkeris,

som Foss og Flaum og Flod kjem etter Is,

som etter Moder kjem den fagre May,

som Son min veks til Mans, naar eg maa døy.

  

Det er eit heilt Umskifte i Aandslivet i vaare Dagar.

 

I det politiske, sosiale og religiøse er det Umstøytingar og Nybyggjingar og visst er det, at Tidi vaar arbeider med store Ting, so ein maa ganga langt attende, skal ein finna Maken.

 

Me byggjer paa det Grunnlaget, som vart lagt i Reformasjonstidi, men likevæl er det berre dette siste Hundra-aaret sidan den franske Revolusjonen, som ein heilt ut kann kalla for dne nye Tidi.

 

Den, som er uppalen i Præstelærdomar og Bygdetanken og lite les sjølv, kann snart raaka til aa verta reint for skræmd, naar han høyrer lause Ord flaksande gjennom Lufti um eit elder anna, som er for seg havt no um Stunder. Han fatar det ikkje, han hev ikkje noko Grunnsyn til aa forklaara det, og trur difor, at det er berre nokre faae Agaløysur, som veld alt dette nye, alle desse Nylærdomar, som han ikkje hev lært av sine Fedrar. Og so sig han ihop med Bakstrævet nedi Voki, og Isveggen skil han for all Tid med det livande Liv.

 

Norske Bonde, ver ikkje for braa til aa døma um ymist nytt, du høyrer gjetet, og tykkjer er ufellelegt og fælt. Set ut med aa døma, til dess du hev fenget Vilkaari for det.

 

Tak fyrst for deg og gransk Tidi vaar, so du fær Samanheng i Hendingarne, fyrr du vaagar deg til aa døma dei einskilde Utslag.

 

Tak for deg og gransk Historia i Aarhundradet vaart.

Fyrr du treng aa vita um alle gamle Tider og Hendingar, bør du kjenna di eigi Samtid, bør du kjenna den Jord, du byggjer paa, og dei Folk, du liver ihop med.

 

Me vil her minna um nokre Bøker, som gjev deg Rettleiding i so Maate.

 

Det beste historiske Verk, du kann lesa, til Lærnad og Skyn paa Tidi, er Steinar Schjøttsmeistarlege Bok, som det norske Samlaget hev gjevet ut heftevis og som vert ferdig til næste Aar. (Fraa 1789 til 1815. Fraa 1815 til 1830. Fraa 1830 til 1852. Fraa 1852 til vaar Tid). Denne Boki burde finnast i kvart Hus, og paa dei høgre Skularne, Folkehøgskularne og Gymnasier vilde ho vera den beste Lærebok. Naar Ungdomen vert kjend i den, so veit han det, som ein norsk Samfundsborgar treng um aa vita.

 

Allvist vil me nemna det siste Heftet, som er utkomet, Fraa 1852 til vaar Tid. Dei fyrste 45 Sidurne der handlar um Aandslivet i vaare Dagar i stutte greide Stykkje, som er overlag upplysande og lærerike.

 

Dei fortel um den nye Vitenskapen, kva Astronomien lærer oss og Geologien, um Darwinismen, den nye Filosofien (Positivismen), dei nye Grunndrag i Bokheimen o. s. v. Stutt sagt, me fær sjaa heile den sist Mansaldren i eit Umsyn.

 

Den andre Boki, som me vil serleg nemna er ei av ”De tusen hjem”s Bøker. Udviklingslærens nuværende standpunkt  af  Johan-Olsen.

 

Ho umhandlar Stortanken i Aarhundradet vaart, Utviklingstanken, og dei Menner, som hev boret den fram, Goethe, Lamarck og Darwin, og daa allvist den siste. For 20 Øre fær du her ei lettlesi Utgreiding um Darwinismen og Striden um den. Forfattaren upplyser oss um, at no for Tidi liver det ingen framifraa Motstandar av Utviklingslæra.

 

 


Frå Fedraheimen 17.12.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum