Boksjaa.

 

Svenske Folkeeventyr” av Djurklou. Oversatte af Nordahl Rolfsen. Kristiania. Jacob Dybwad. Kr. 2.75.

 

Ei god Eventyrbok vil altid verta lesi med Gleda baade av store og smaae. Og serleg naar dei er so godt fortalde som desse hans Djurklou. Det stend ein frisk Ange av dei paa lang Leid. Det er som hadde du ei ny Samling fraa Asbjørnsen og Moe, so meistarlegt er dei fortalde. Umsetjingi er ogso framifraa god. Rolfsen hev nyttat mange norske Ord og Vendingar og Werenskjold og Kittelsen hev teknat mange gilde Bilæte til ho. Alle, som ynskjer seg god Barnelesnad, bør kaupa ho. Utstyret er framifraa gildt.

 

 

Heile Hans N. Hauge av Prof. Bang er enno aa faa for Kr. 2.00.

 

 

Alb. Cammermeyer  hev sendt ut ei Mengd Bøker iaar. Me hev fenget nokre; men Romet tillet oss ikkje enno aa skriva um dei alle. Unge damer  heiter fyrste Arbeidet av ein ung Student, Aug. Balle. Boki hev mange gode Sidur, endaa ein som oftast merkjar Nybyrjaren. Han kann koma til aa skriva den Karen, fær han utvikla seg. – Erindringer fra en norsk Landsbyer av dei Bøker, ein Bokhandlar som Cammermeyer burde halda seg for god til aa gjeva ut. Ho er keidsam fraa Ende til annan, so ein rett som det er vert freistat aa kasta ho fraa seg. – ”Gut” av Per Sivle hev me so god paa Landsmaal, at ingen Maalmann kauper han paa dansk; endaa Umsetjingi er framifraa god, gjer ikkje ”Gut” so godt Inntrykk som ”Sogor”. Danskarne og dei, som ikkje vil lesa Norsk, vil lika han godt. – Andersons ”Mythologi  vil vera ei gild Bok for alle Sogevener, og likeins ”Heimskringla”, som no alle Maalmenner maa sjaa til aa faa ut so vidt som mogelegt. Dei, som vantar andre Heftet, kann faa dette serskild for Kr. 1.30. Alle 4 Hefte til saman kostar berre 4 Kronur. – Naturens Lov i Aandens Verden  av Henry Drummond er ei av dei Bøker, me skal koma attende til seinare.

 

 

Bibliothek for de tusen hjem hev sendt ut mange gilde Bøker no til Jul. Etter dei, me sist nemnde, hev det komet ut No. 83-85 Luther: ”Reformationsskrifter”, 86-88 Dickens: En Julesang paa prosa, 89-90 Reuter: Onkel Bræsigs Reiseevetyr, 91-93 Daudet: Naar Kunstnerne gifter sig, 94-95 Mortley: ”Historiske Brudstykekr”, 96 Irwing: Skissebogen III, 97-99 Dickens: Sirissen i Peisen. Kvart No. kostar 10 Øre. Alt dette er god Lesnad, som alle kann lesa utan aa ræddast for nokon Styggedom. Me kann ikkje noksom rosa dette gilde Tiltaket med desse billege Bøker. Tenkja seg til aa faa ei so gild Forteljing som t. D. Julekvædet hans Dickens elder Reformasjonsskrifti hans Luther for 30 øre!

 

 

Umframt desse gjev ”Bibliothek f. d. t. hjem”, ut ”paa Landsbygden” av Fritz Reuter i 10 Hefte til 20 Øre. Heile dette Verket fæ ein altso for 2 Kronur. 4 Hefte hev komet ut. Det heile vert 8-900 Sidur.

 

 

Naar du skal kaupa Bøker til Jul, bør du fyrst og fremst hugsa paa dei norske, og dinæst paa ”de tusen hjem”s Bøker, der er du trygg um aa faa god vare, og so billegt daa.

 

 

Juleroser” innheld mykje gildt iaar og. Kostar Kr. 1.50.

 

 

Paa Bojesens Kunstforlag, Kjøbenhavn: ”Japanesiske Eventyr” I, II, III. Paa Dansk ved Agnes Berner. 85 Øre Heftet. Trykte i Japan, med japanesisk Utstyr, Papir, Hefting og Bilæte. Fælt løglege og snaale, allvisst Bilæte. Den eine handlar um ”Krigen mellem Aberne og Krabberne”, den andre um ”Spurven, der mistede sin Tunge”, den tridje ”Brændehuggeren og Troldene”. – Paa same Forlag ”Børnenes Juleroser”, gildt utstyrt baade med Bilæte og Lesnad, og kostar endaa berre 1 Kr. Kaup ikkje Skarvebøker aat Borni med grove Bilæte, som berre øydelegg hin Sans hjaa dei, men kaup ei slik, som er reine Kunstverk i. Bak i Boki er det mange Blad til Utklypp og morosamt Arbeid.

 

 

Et Samliv” heiter den nye Boki hans Jonas Lie. Kostar 3.25. Me hev ikkje leset ho endaa, so Meldingi ikkje kann koma fyrr i næste No. ”Ei Syndetavla” vert og meldt daa.

 

 


Frå Fedraheimen 17.12.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum