Arne Garborg og det sedelege Spursmaal.

 

(Del 5 av 6. Fyrste del.)

 

IV.

 

 

I 1884 var det fyrst, at Garborg blandad seg inn i Ordskiftet um det sedelege Spursmaal paa ein Maate, som fekk Folk til aa tenkja, til aa bisna og fæla.

 

Han skreiv daa ”Ungdom” (i Forteljingar og Sogur). Paa same Maaten, som Bjørnson hadde umhandlat Spursmaalet i eit Spilstykkje (”En Handske”), so tok no Garborg det for seg i ei Forteljing. Han saag, at det nyttad ikkje aa greida det med tinglaus Tale elder Avhandlingar. Ein maatte syna fram sjølve Livet, skulde ein faa Folk til aa lesa og skyna.

 

Ungdom” umhandlar, kva Kjærleik er. Paa den eine Sida eit sedelegt Forhold, ei Fortoning, utan Naturgrunnlag, Karlstad og Jenny, paa den andre Sida eit sanselegt Forhold utan sedelegt Grunnlag, Karlstad og Anne Malene. Inkje noko av desse Forhold vert sette upp som Mønsterforhold. Jenny er moralsk og usanseleg, Anne Malene er umoralsk og sanseleg. Men Forfattaren set liekvæl Forholdet med Anne Malene høgre, fordi det er sann Natur i det. Det er fyrst ved det sanselege Forhold, at Carlstad kjem til Forstaaing av, kva Kjærleik verkeleg er. Han segjer: ”dei talad og skreiv um aandeleg Kjærleik, og sedeleg Kjærleik, og usedeleg Kjærleik, og Sjukdom, og Satansmagt, men ingen visste noko um Kjærleik! for den var korkje sedeleg elder usedeleg, men sterkare enn Dauden”.

 

Floken ligg i det, at Jenny, som var konelagom for han, var ikkje noko til aa elska, og Anne Malene, som var til aa elska, høvde ikkje til aa vera Kona hans. Den som hadde aandeleg Daning, hadde ingen Natur, og den som hadde Natur, aatte ikkje det Slag av Kultur, kunne ikkje skilja millom sant og usant, og var for lettlynd i alle Maatar.

  

Garborg tek seg ikkje for aa løysa Floken her, berre steller han fram til Ettertenkjing ved eit klaart Bilæte utor Livet.

 

Han peikar likevæl paa, at det maa til ei betre Forstaaing av Kjærleiken, at det, som i seg sjølv berre er reint naturlegt, ikkje er nokor Synd, men at det er Samfundsforholdet, som klær det inn i Former, so det vert ureint og syndig. For det andre peikar han paa ei Raadbot i tidlege Ægteskap gjennom Karlstads Ord:

 

Kvi fekk me ikkje gifta oss, so snart me vart vaksne? Det var Spursmaalet. Hadde Jens gift seg med Jenny, daa han var sekstan Aar, so hadde han aldri komet paa galne Veger med Anne Malene. Men Kvinnfolki, dei giftad seg, naar dei var syttan Aar, dei, so dei kunne nok koma ifraa det”.

  

Næste Aar 1885 tek han Spursmaalet for seg i ei Melding (Nyt Tidsskrift av Amalie Skrams Bok ”Constance Ring”.

 

Amalie Skram, segjer han, fortel um eit Kvende, som er skapt til aa elska, men ikkje kann, fordi ho ingen Natur hev. ”Thi Naturen er en streng Herre, og den lader sig ikke spotte, selv ikke naar den spottes i Dydens Namn”. __ __ __ ”Kvinderne opdrages systematisk i Uvidenhed om det, der vedkommer deres Opgave som Kvinder. De opdrages, som om de ikke var Kjønsvæsener. Den Side af deres Natur søges ved alle Midler undertrykt. Da dette gjennemføres systematisk og Slægt efter Slægt, bliver Resultatet for flere og flere Kvinders Vedkommende, at Kjærlighedens Nerve bliver lam.__ __ __ __ __Formedelst Uvidenhed forspilder de i tusinde Tilfælde Livslykken baade for sig selv og andre, ja blir Opløsningsmagter i Samfundet, farlige og frygtelige Aarsager til Usædelighed”.

_

 

At prædike er en let Sag. Men det er ikke altid det hjælper. Der prækes rundt omkring os, saa Ørene kunde falde af: man skal være dydig. Men Menneskene er ikke dydige alligevel. __ __ __Det blir da tilsidst nødvendig at tænke paa, hvordan dette egentlig hænger saman. Thi Sammenhæng er der, det kann man være rolig for. Hvor er Aarsagerne?

 

Som skrevet staar: det er let at snakke om, at Jeppe drikker. Men ingen snakker om, hvorfor  Jeppe drikker. Og dog er det vel egentlig det, som er Sagen. Kan man faa Greie paa Ondets Aarsager, saa vil der kanske enda være Haab”.

 

Det er visst ikkje bra, at Jeppe drikk, segjer han. Men skulde ein til aa leita etter Grunnarne, so kunne det koma til aa gaa ut yver ymse Folk, ikkje berre Mor Nille, men og Jacob Skomakar og andre. Samfundet likar ikkje, at ein rotar upp i sovorne Ting. Dei veit, kva dei hev, men ikkje, kva dei kann faa. Og dei likar det me hev, ”Monogami med Friller, Monogami med Kvindesalg, Monogami med Unævnelige Laster, med unævnelige Sygdomme, og med en Fordærvelse saa dyb og infam, at det ikkje gaar an for Menneskers Børn at vide om det. Kort sagt: Monogami med Prostitusjon”.

 

Men imidlertid drikker Jeppe. Og Spørsmaalet om, hvorfor han drikker, vil ikke kunne holdes nede i Længden. Thi der er ikke Maade paa, hvad Menneskene under den bestaaende Uorden maa lide for den Tings Skyld, at Naturen presser dem til at avle Børn. De, der skjønner, hvordan Sagerne staar, vil vide, at det her ikke gjælder om Talemaader. __ __ _Hvad det i Virkeligheden gjælder, er, om Menneskene kan arbeide sig ud af den Lidelse og Fordærvelse, hvortil Samfundets Unatur i Tidernes Løb har forvandlet det, der ifølge den naturlige Orden er det skjønneste og helligste blant Mennesker, Livets Sundhed og Lyst, den eneste Lykke, som det i denne Verden egentlig er værdt at snakke om.

 

Og først maa vi have Greie paa Ondets Aarsager”.

 

Dette freistar so Garborg aa finna næste Gongen, i ”Mannfolk”.

 

(Meir.)

 


Frå Fedraheimen 17.12.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum