[Ymist.] Til aa friska paa Samvitet.

 

 

Det er mangt galet, mangei Synd ein gjer framigjenom Aaret. So at naar det lakkar og lid til Nyttaar, er det mange som tykkjer, at Byrdi vert noko drjug, og at det kunne vera godt aa faa friskat litevetta paa Samvitet, tenkjer Pastor Oftedal. Han er aldri raalaus, sjølv i desse ”forretningsflaue” Tider veit han aa hitta paa eitkvart nytt.

 

Oftedal er skuldig 13000 Kr. paa ein Smaagutheim. So lyser han ut i Bladet sitt: gjev meg desse 13000 Kr. helst ein elder tvo. ”I ville derved gjøre større Forretning end I aner”.

 

Den store Forretning skal liggja i det, at slikt ”vilde ta sig saa godt ud ligeoverfor den store Giver i Himmelen, Lysenes Fader, fra hvem al god og fuldkommen Gave kommer”. Det er daa rimelegvis Oftedal sjølv, som skal skriva under paa Avlatsbrevet. Han er og so naadig, at han tek imot mindre Summar, endaa dei daa naturleg ikkje gjer sogod ei Forretning; men for den, som hev berre Smaasynder, maa rimelegvis ogso nokre Hundrad kunne hjelpa utruleg paa Samvitet.

 

Men det same skal ogso Fedrah. lysa ut, at han og skal gjeva Avlat for gamle Maalsynder, ubetalte Bladpengar for dette og fyrre Aar o. s. fr., soframt Folk vil koma strakst og betala, gjerne for næste Aar med ein Gong. Me skal og gjerne taka imot 13000 Kr. av ein, tvo elder fleire. Me hev nemleg ikkje Tvil um anna, enn at dette ogso ”vilde tage sig saa godt du ligeoverfor den store Giver i Himmelen, Lysenes Fader, fra hvem al god og fuldkommen Gave kommer”.

 

Det vilde ogso maata for Fedrah., um me vidare brukad Pastor Oftedals Ord: ”Gjelden maa betales. Der er ikke Bøn for det. Vi kunde dog ikkje lade det komme ud i Verden, at min Herre og Eders Herre i Himmelen henvender sig til os om saa kurante Udtællinger. Det maa ikke spørges. Eg venter derfor fremdeles hver Dag paa Indbetaling”.

  

Samstundes vil me upplysa um, at Lesarar av Fedrah., som laaner Bladet av andre elder held det ihop med andre, vilde friska utruleg paa Samvitet, um dei heldt og betalte det kvar for seg. Hugs paa, du kann faa det for berre Kr. 2.50 um Aaret, dersom du steller deg rett.

 

 


Frå Fedraheimen 17.12.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum