[Ymist.] Høgre likar Sverdrup.

 

Me hev fyrr fortalt, at baade Morgbl. og Budst. hev Lovord um Johan Sverdrup; me kann idag leggja til, at Fædrel. er paa same Vegen. Ein Prest, Bøckmann, skriv der nokre lange Stykkje um ”hvorledes vi nu egentlig staar”, og han finn ut, at Oftedølerne er godt brukelege for Høgre. Det er daa fyrst og fremst Kyrkjesaki, som skal semja dei. Til næste Val maa Høgre gjera Kompromis med Regjeringspartiet, segjer han, ”vi bør være villig til at indgaa det, hvor det er mulig og nødvendig. Vil Regjeringspartiet holde Venstres Vantro Skarer ude, saa bør vi være villige til at række Haanden dertil”.

 

Prisen for Samlaget med Høgre er soleis, at Sverdrup skal halda det som dei kallar ”Venstres vantro Skarer” ute, umsett fraa det prestelege til vanleg politisk Maal vil det segja det same som det radikale og reine Vinstre.

 

Presten set alltid upp ein Pris til, nemleg at Sverdrup skal angra Riksretsyndi. Men det ser ikkje ut til, at han er so streng likevæl paa dette. Men um so var, so kunne væl Sverdrup vera Kar til aa senda ut nokre tøygjelege Frasar til aa dekkja og sona ned Riksretten ogso han. Han er truande til alt, naar det gjeldst um aa skapa eit Fleirtal og halda seg sjølv ved Magti. For han hev sagt det, at han tek Fleirtalet, kvar helst han finn det.

 

Me held det ikkje for umogelegt, anna han nok kann faa seg eit Fleirtal av moderate Høgre og Vinstre, anten paa næste Ting elder ved Vali.

 

Me er ikkje som dei ”reine” Bladi rædde for aa fortelja, kos me trur Stellingi er. Me er ikkje det Slag rædde for aa fortelja, at me trur, me sjølve er i Mindretalet. Men den Trui hev me ogso, at vaar radikale Politikk likevæl vil vinna um nokre Aar, fordi, at det heilstøypte alltid raar paa Fuskeverket.

 

Me held det for det fyrste for Uppgaava vaar aa reinska Laaven, so at Agner og Lettekorn fær skilja seg i sineHaugar og den tunge fullmogne Veggerandi samlast i ein liten god Dunge umkring Fedraheimen  og den radikale Politikk.

 

 


Frå Fedraheimen 17.12.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum