[Ymist.] Dei toler ikkje ein Øyrefik

 

 

eingongdesse gamle Lovmakarar og Domarar.

 

Kva hev dei aa blanda seg inn i det, um eg gjeng stad og gjev Grannen min ein under Øyrat?

 

Ja hev eg slegjet han til Skades, er det so si Sak. Men elles? Jau vert det meldt, er det det einaste dei hev aa sjaa etter, um eg hadde Grunn til aa slaa. Finn daa dei, at eg slo grunnlaust, fær dei døma so, at Grannen fær Lov til aa gjeva meg Slaget att, det er det einaste vituge, og ikkje fara som dei gjorde i Byretten i Kristiania, der dei dømte Maalar Thaulow til aa setjast fast i 80 Dagar og betala 40 Kr. i Statskassa, alt dette berre fordi han kom til aa daska Bladstyrar Schibsted litevetta under Øyrat som kontant Betaling for nokre Ljugerispur. Aftenp. hadde sett ut um Thaulow og Kunstnarstellet.

  

Men Domaranne var so rædde for Kjakarne hans Schibsted, at dei ikkje saag etter noko anna.

 

Hadde det no voret Jury, so kann henda dei hadde dømt so, at Schibsted var væl verd aa faa ein Øyrefik so stygt som han hadde faret aat, ja at han, utan Straff for Slaaaren, kunne ha gjort seg fortent til baade tvo og tri, so at han kunne vera glad for, at han slapp med den eine.

 

Um noko slikt skulde taka Styraren av Fedrah., at einkvar kom og svarpad til’n, so vilde han ikkje gjera anna, enn faa det greidt ved vitug Mans Dom, anten Slaget hadde Grunn for seg elder inkje.

  

I siste Tilfelle vilde han berre gjeva Slaget att der det kom ifraa.

 

I Kulturlandi der er ikkje Rettarne so smaalege aa blanda seg upp i det som gjeng for seg mannamillom. Dei let Folk faa greida Trætturne sine jamvæl med Sverd og Spjot. Det er no for mykje av det att, men lat Kararne faa koma ihop og verna kvarandre med Nevarne, det er baade ærlegare og lettvintare enn desse lange Retstrættur, og like so stor Von er det um ein rettfærdig Utgang. For den vinn, som er sterkast; og den er sterkast, som er mest sinnad; og den er mest sinnad, som hev lidet mest Urett. Og skulde det endaa gaa so galet, at ein liten og rettferdig fekk Juling av ein, som var større og sterkare og urettferdig, so hadde dei endaa Domararne aa ty til, som daa i Tilfelle fekk halda den store Slagesi, so at den rettferdige fekk Tak til aa banka Kjøt det han hadde Hug til elder det som trengdest, til at han kunne vinna att Freden i Hjartat.

 


Frå Fedraheimen 17.12.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum