[Ymist.] Arne Garborg og Hulda

 

 

hev no flutt uppaatt Savalen med alle Tølurne sine. Dei hev fenget seg ein Komfyr til aa hjelpa Skorsteinen med aa verma. So det er nokso godt og lunket, naar ein kjem der no i 20-30 Gradar Kulde. Noko trongbølt er det alltid i den gamle vesle Legdestoga, som aldri hadde tenkt paa, at ho skulde faa hysa slike Storfolk, men dei hev Tid til aa byggja seg ut, um dei vil; Skogen er vid han. Og trivast gjer dei, er det likt til. Men det kann ikkje Tynnsetingen faa inn i sitt Hovud, kva gildt det skal vera for slike Folk aa slaa seg ned midt uppe i Villmarki i Brennkalden. Men eg segjer no det eg, at eg kjem ikkje inn nokon Stad paa heile Tynnseten, der de er so koselegt som hjaa Skogsfolki paa Kolbotten. Rett naar dei legg paa Aaren og dreg attfyre Glaset, so ljoset fell burt paa Kui og Mannen ved Strandi og Jaren, som dei hev hangande paa Veggen, daa er det ikkje godt aa koma ifraa dei.

 

Elles er berre Moro aa fara ute og no. Ein veit ikkje kva Østerdalen er verd, fyrr ein hev set han i denne glitrande skire Lufti, naar det er Solskin og 20-30 Gradar. Daa er det straalande aa fara i Fjellet daa. Du hev aldri i ditt liv drøymt um noko so reint og vent. Det er ingen Ting her um Sumaren imot no. __ __ __Men eg torer ikkje skriva meir um dette, for elles kjem heile Verdi setjande og vil sjaa. Men er det so, at De vil vitja Garborg, so segjer eg Dykk det, at for det fyrste finn De ikkje paa, Stoga ligg midt i Skogen, og det finst ikkje Veg; og for det andre er han mannvondav Naturen, endaa Folk segjer det, at Grannen hans, Savalguten, er tie Gonger verre.

 

Garborg er her elles berre som snøggast no, han skal til Kristiania og gjera fraa seg som Statsrevisor, fyrr han kjem rett for Aalvor.

 

Tynnset 13-12-87.

 

I. M.

 

 


Frå Fedraheimen 17.12.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum