Det nye Program.

 

 

Fraa ein vyrd Tingar hev me fenget ymse Undringar um Programmet vaart. Me veit ikkje, um det var Meiningi aa faa det inn i Bladet. Korso tenkjer me, at han ikkje hev noko imot, at me tek inn noko.

 

I dag sender eg Halvaarsbetaling fyre Bladet. Eg lyt daa segja det, at eg ikkje tenkjer paa aa segja upp fyre det fyrste, um De i ”Vil De vera med, so heng fast!” hev tergat oss til aa segja upp, naar me ikkje likar Bladet. Eg synest Fedraheimen  hev komet seg i det siste. _ _ _Han veit um mange Parti i Landet, og sjølv vil han vera Organ for dei radikale. Det er væl. Men det er ikkje væl, at Maalbladet kallar det norske Landsmaal eit nytt Maal. Det er Høgretale. Elder heng det saman med, at Fedraheimen  synest vera ferdig med Bonden no? Skal det, at han vil vera radikal, tyda, at han vil laga eit nytt Samfund og eit nytt Maal – utan aa taka nytt Samfund og eit nytt Maal – utan aa taka med i Rekningen det Folk og det Maal, som no liver, - berre av den Ungdom, som han trur vil flokka seg um Fedraheimens  nye Program: ”Ned med o. s. v.”? Korleis vil han daa bera seg med aa faa dette gjenomført paa Folkevis? Korleis vil han faa ned Kongemagt og Prestemagt, Stormanskap og Pengevelde? Og Svenskar? Er det Meiningi, han vil skjota dei, kvar han treffer dei? Elder kanskje han vil taka heile Sverige? Og so ”Bondegjøling”? Kva er det for noko? Det finst ikkje i mi Ordbok. –

 

Eg likar det aa vrea radikal. Men eg likar ikkje store Ord, som ingenting utrettar. Der finst i Norig eit væl kjent lite Blad, som i lange Tider hev vedkjent seg aa vera republikansk. Men naar dei arbeidande Politikkararne hev gjenget eit Stig fram, so hev han gjenget eit Stig tilbars, og no stend han i Høgreflokken, fortel dei”. –

 

Det er vandt aa skriva so vart, at ein ingen støyter; skal ein det gjera, vert det so veikt, at ein daa visst ingen vekkjer. Dette her Brevet var elles so rimelegt skrivet, at me vil svara lite Grand paa det.

 

Det hjelper ikkje nytt Maal for gamle Tankar. Nytt Maal for nye Tankar, det er Maalsaki det”.

 

Me meiner med desse Ordi, at ei Maalreisning berre for Maalet si Skuld hev lite Verde, naar ein ikkje hev noko serskilt aa bera fram i det Maalet. Det kann vera godt nok, naar inkje større er uppe, men det er ikkje Formi det gjeldst, det er Tankarne fyrst og fremst, det Maalet, som best kann gjeva Folket Kultur og Tankar, det er det beste for eit Folk.

 

Um Dansken hadde magtat gjeva oss ein tidhøveleg Kultur, vilde me haldet paa Dansken. Og det hev synt seg, at Dansken var god nok til aa bera den gamle teologisk-seminaristiske Bondekulturen. Heldt me paa den, vilde me og vera nøgde med Dansken, aa verja um Dansken, fordi Norsken vil velta den ned. Det hev synt seg, at Dansken kunne tøygja seg endaa lenger, han kunne bera politisk Liv og nyare Aandsliv i det heile; han kunne bera Jaabæks Sparetankar og Sverdrups Frasar og Bladheimens smeikjande Bondegjøling. Og han hev boret nyare Tankar inni Landet, so dei hev slegjet Rot i Byarne, han hev boret Diktarar, boret Bjørnsons store Voner og Ibsens Tvilar.

 

Men nokon heilstøypt ny norsk Kultur, Politikk, Bokheim, Religion o. s. fr. hev Dansken aldri boret her i Landet.

 

Til slikt noko maa det norsk Maal til, soleis som tvo av vaare største Aandar, Vinje  og Fjørtoft  hev synt Vegen.

 

Den som vil halda paa det gamle, bør anten bruka Dansk elder Gamallnorsk.

 

Me som vil hava nye Tankar, ein moderne Kultur og radikal Politikk, kann ikkje berga oss med Maal, som er tøygde paa dei gamle Leistar. Me maa skapa ny Form for det nye Innhald. Og daa tek me det livande norske Talemaalet og freistar temja og skapa og mykja det til soleis, at det vert ein høveleg Bunad. Og ifraa det gamle Talemaalet hentar me berre slike Emne, som me ikkje finn jamgode nokon annan Stad.

 

Aa fara med Maalstræv, naar ein ikkje er radikal elder hev nye Tankar aa bera fram, det finn me berre er Tufs og Tull elder i det meste ei hugnadleg Tidetrøyt. Men alle som hev noko nytt aa bera fram, maa laga ein ny Maalbunad til aa syna det i.

 

De tarv ikkje syta, Godtfolk, Fedraheimener nok ikkje ferdug med Bonden endaa. For no vil han flytja paa Landet med alle sine Tølur, uppi store vide Bondebygdi, og vert han ikkje ”bondelugum” endaa, so veit ikkje me.

Elles kjem han til ein Stad, der Folk ikkje er vande til formykje Kjæling. Den Bonden, som vil hava Kjæling, fær nok halda seg tilvens med Presten og Prestebladi. Me vil berre leggja Vinn paa aa tala Sanning um Bonden; anten det vert til det gode elder til det vonde, fær daa vaaga seg.

  

Det er nok ikkje so reint fritt, anna Bondegjøling burde standa i mange Ordbøker lell, me tykkjer rett som det er, at me høyrer gjetet, at det skal verta ein ny Politikk no, Standspolitikk, der berre ”Bonderøynsla” og ”Bondevitet” skal styra og alt anna haldast utanfor. Det er slikt man ikkje kann lika.

 

Me vil ikkje anten drepa Svenskar elder hervinna Sverikje, me vil ikkje drepa anten Kongar elder Prestar. Me vil ikkje preika Revolusjon. Me vil bruka lovlege Midlar.

 

Me vil arbeida for Maalemni vaare paa den Maaten, at me dømer alle Saker, som kjem upp i det politiske, unionelle og kyrkjelege, ut ifraa vaare Synsmaatar, døma elder fordøma alt etter som det tener dei Fyremaal, som me hev sett oss.

  

Me fæler helder ikkje for, at det skal ganga oss som det hev gjenget med Almuevennen, byrja med radikale Lyster, slutta som Høgremann.

   

For me vil alltid stydja mest det Parti, som arbeider mest til vaar Bate. Og det er det reine Vinstre. Men me hev det so lagat allstødt, at me freistar aa tukta upp vaare Vener. Dei hine vyrder me ikkje.

 

 


Frå Fedraheimen 19.11.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum