Vil De vera med, so heng fast!

 

Vil De vera med, so heng fast! Men De lyt henga godt fast Folk og henga atti strakst og, alle som er heilhugad og urædde og torer høyra eit sant og ærlegt Ord, for no slepper dei Tak alle Gamlingar, som hev fenget Nodrurne og skjelv i Hug og Hjarta.

  

Den gamle Maalmannen Jørund Telnes hev sagt upp Bladet og ligg no og skriv paa Dansk imot Maalskulen i Telefylkjet. Som han so fleire av dei som hev gildat seg av aa vera Maalmenner. Teologar, Prestar og presteridne Sellar dett fraa i haugevis.

 

Segje likeso godt upp Bladet alle saman med ein Gong no, De som tykkjer De hev vortet for gamle og styrde og styvne, so De ikkje trottar Døregusten av den nye Tid! So fær me sjaa um det finst Ungdom i Norig, ja um det daa er att so mange, at det munar aa skriva Blad for dei.

Raatt og rotet skal med Rotom rivast. Ned med Kongemagt, Prestemagt og Svenskar og Stormannskap, Pengevelde og Bondegjøling! Upp med Husmenner og Arbeidarar og Smaafolk og alt som lid Urett og Mein i den gamle Samfundsbygning Fri Tenkjing, fri Ording, fri Skuring i alle Slag! Og ingen Mannamun!

 

Maalsaki skal som fyrr alltid vera Nummer ein. Men det duger ikkje aa arbeida for ho, utan naar me driv radikal Politikk. Det hjelper ikkje nye Tre paa skjemt Vin, det hjelper ikkje nytt Maal for gamle Tankar. Nytt Maal for nye Tankar, det er Maalsaki det!

 

 

I. M.

 

 


Frå Fedraheimen 15.10.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum