Meir um Skulesaki og Jørund Telnes.

 

  

Jørund Telnes skriv til Fedrah. mill. a.:

  

I Fedrah. for 16de Juli skreiv Mortenson um meg for Ferdi mi i Amtstinget millom anna detta: ”Den som hadde mest imot Folkehøgskulen var likevæl Jørund Telnes, Ordføraren i Seljord”. For 3dje September skriv han: ”Telnes meiner væl aa pynta paa ei daarleg Gjerning med rettenkte Ord etterpaa”.

  

Kva er det for daarleg Gjerning eg heve gjort? Eg heve voret med paa aa fengje burt Tilskot baade til Amtsskularne og Folkehøgskulen, nettupp det som Bruun og Ullmann skreiv um var det beste for nokre Aar sea, som Kyrkjekomiteen 1885 heve halde fram, og som Ullmann sjølv og so mange med han stødt og stendugt heve sagt like yver for Seljords Heradstyres Vedtak og like yver for Bratsbergs Amtsting vilde verta rett. Og kva er det, eg ”pyntar” paa etterpaa? Eg heldt fram i Amtstinget sama Grunnarne baade i fjor og iaar som eg no seinare heve halde fram.

 

Der er tri Traadar som heve tvinnat seg saman for meg. Ein ny Skuleskipnad, burt med Tilskot til Amtsskularne eg burt med Tilskot til Høgskulen. Eg heve sagt det eg heve tott baade um Amtsskularne eg burt med Tilskot til Høgskulen. Eg heve sagt det eg heve tott baade um Amtsskularne og Høgskulen og ikkje hevla meg korkje fyrr elder no. Nei du, koma aa segja, at eg ”pyntar”, det er nok meiningslaust; det er nettupp for det, at eg segjer det, eg tykkjer um Høgskulen og Ullmann, at eg no vert forfylgd og utskjeld. Stipendiarne, som du talar um, vart der ingen i Amtstinget som nemde. Eg kann ærlegt segja, dei kom ikkje i Minnet mitt. Dei som skulde greidt den Saki hadde daa lote vore Skulekomiteen, der var eg ikkje iaar, eg fekk tiggja meg inn i Vegkomiteen. Du fær helst snu deg til Skulekomiteen og dei otte som stemde mot Vedtaket med denne Anka um Stipendiarne. Forresti maatte der ei ny Stortingsavgjerdsle til, etter det eg trur, for ein kann faa bruke desse Stipendiarne so beint fram. Aa deile ut Stipendiar til Skular, som ein veit ikkje kjem til gange, er væl au meiningslaust. No viste me nok, at Høgskulen kom til gange det sama, men naar han ikkje hadde den gamle Konkurrenten sin, so er der helder ikkje Tale um ”fri Tevling”. Høgskulen ”raar daa Grunnen aleine”, han hev no ingen aa ”tevla” med. Kvifor skal han daa faa Stipendiar? Det kann fyrst verta Tale um Stipendiar, naar der veks upp Konkurrentar, og der stend upp Spursmaal millom Borgararne um aa faa Høve til aa søkje den elder den Skulen, som heve den Lit og det Lag, som kvar helst ynskjer for seg. Daa gjeldst det um, at ein ikkje steller det so, at ein hjelper den eine og ikkje den andre. Det vart helder ikkje nemnt av nokor Sjæl av Høgskulefolket, som var med paa aa kasta Tilskoti til Skularne, at der skulde deilast ut Stipendiar, og som sagt, dette maa verta gjort beintfram av Stortinget, naar der veks upp Skular, som stend som Konkurrentar. 


Dette um Stipendiarne, som Mortenson kjem med, er eit meiningslaust Baksnak. Men um me no fær Stipendiskipnaden, so maa der væl endaa krevjast ”Garantier”. Vilde Mortenson at der skulde gjevast Stipendiar til aa gange paa Mormonskular med, elder um der vart set ein Skule med Helenbachs og Bohêmemoral, vilde Mortenson stydja dei? Det vilde ikkje eg”.

 

Telnes skuldar her fyrst paa Minnet sitt, at han gløymde reint av den Tanken, som han heldt fram i fyrre Stykkjet sitt og som me likad: Tanken um frie Stipendiar.

 

No skulfe ein daa tru, at han maatte vera fælskleg harm paa det klene Minnet sitt, som fekk han til aa svika det som han vilde hava fram.

 

Ja harm og tregefull maatte han ha voret, soframt han hadde meint det aalvorleg med aa hjelpa fram Upplysning og Framstig i Telefylket.

 

Men han hev ikkje meint det aalvorleg, han tregar endaa ikkje. Han riv nedatt jamvæl den Stelling han bygde upp for seg i fyrre Stykkjet daa han ynskte Stipendiordningi. Misminnet hans var nok ikkje meste Grunnen til at Ordi ikkje kom yver hans Munn paa Amtstinget. Men Grunnen var, som han sjølv slær paa, at den mest rettferdige Ordning, fælte han, vilde hjelpa Høgskulen, som han hadde personleg imot. Han var rædd for aa gjeva Stipendiar, med di han skynad, at det var berre Skular med Livskraft i seg, som kom til aa njota godt av dei, og det visste han einast var Høgskulen. Og daa helder tyna alt, enn at den skulde liva, det var Tanken hans.

  

Hadde Telnes havt verkeleg Tru paa andre Slag Skular, anten bygde paa ”Bonderøynsla” elder paa einkvar Tusselærdom og Huldresyn fraa Telnes, daa hadde han forstadet, at ei Ordning med frie Stipendiar vilde voret beste Maaten til aa lokka slike Skular fram.

 

Men so vrid Telnes seg og segjer, at det var so vandt aa faa ein slik Ordning i stand, Stortinget maatte ha gjenget i Fyrevegen o. s. fr. Aa du kann nok lita paa, at Stortinget hadde nok vist aa koma etter  og det. Elder er det ikkje sopass Karar i Amtstinget i Telefylkjet, at dei kann gjera noko av seg sjølve, utan at det nettupp skal vera ein Autoritet til aa peika det ut aat dei.

Bytingi av Stipendiar segjer so Telnes til Slutning, at det kom til aa verta slik ein Vanske med. Folk kom til aa reisa paa Bohêmskular og alt som er, kor skulde ein finna ”Garantier” helst? 


Slike ”Garantier” var det ikkje langt aa leita etter; um ikkje anna fanst, kunne dei fullgodt bruka den Styringi, som dei no hev gjort arbeidslaus, nemleg Amtsskulekommissjonen. So at naar ein Ungdom hadde Hug til aa vera ved ein Skule anten der i Fylkjet elder andre Stader, so sende han Søknad um Stipendium aat Amtsskulekommissjonen, som so baade granskad Trongen hjaa Søkjaranne og Dugleiken av dei Skular, som Folk vilde reisa aat.

 

 


Frå Fedraheimen 15.10.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum