Kristiania, den 14de Okt. [Tidender.]

 

 

Kva Juryen vil kosta  hev Qvam gjevet Greide paa i Dagbl. 123,000 Kronur er det Meirutlegget, me vil faa etter Reknestykkjet hans. Han ender Stykket sitt med nokre Ord til Motstandaranne. Desse er so paalag:

 

Freista heller paa aa faa ei billeg og vitug Ordning av dei andre Greiner av Embætsverket, av dei utlivde og vitlause Ordningar, som krev Utlegg utan aa gjera Nytte i staden. Set Dykk mot alle unaudturvelege Embætte og sjaa til aa faa burt alle desse nyttlause Postar i Toll- Jarnvegs- og Telegrafstellet, som krev Utlegg i Tusundvis og fyller Landet med Dagdrivarar. Lag det soleis, at dei militære Embætsfolki vaare kann faa noko aa gjera i staden for aa slengja meste Tidi burt. Tenk ogso paa, um det ikkje skulde vera Raad aa spara inn nokre Hundrad Tusund av alle dei Pengar, som gjeng i Prestarne. Vil dei arbeida for noko, so arbeid for alt dette og daa kann det kannhenda vera mogelegt, at dei paa den eine Sida kann faa burt ei mengd Latmannspostar og paa andre Sida innspara likso mange Hundradtusund, som dei no trur aa kunna spara Titusund ved aa arbeida mot Juryen.

 

Hugsa paa, at Juryen krev det hardaste, dugelegaste og nyttelegste Arbeid, som kann verta gjort i Landet. Kann de peika paa ei einaste Grein i Embættesverket vaart, der det vert arbeidt somykje til Gagn for det Heile som Tilfellet vil verta med Juryembætti? Dei utlegg, som det er Tale um, er nyttelege og vil vera til Gagn for Landet; kvifor arbeida mot dei. Kvifor heller ikkje arbeida mot alle desse nyttelause Utleggi, mot alt dette gamle, ligg og gjer Ugagn, og som ein tankelaust gjev pengar ut til?

 

Dessutan so er det no ein stor Daarskab aa arbeida mot Loven no, etter at han er komen. Trur de verkeleg, at det norske Folk vert so skræmd av Reknekunsterne dykkar, at det gjev upp det beste og folkelegste, det hev stridt seg til, sidan Formannskapsloven utkom for 50 Aar sidan?

 

Men vil de halda paa like fullt, so skal de ikkje faa skræma oss, som baade hev arbeidt for Juryen og som hev sett upp Spursmaalet um Sparsemd i Riksstyringi og Minking i Embættesstellet paa Programet vaart. Motstrævet dykkar vil berre hjelpa vaart fram”.

 

 

Henrik  Ibsen  fær Mot han og no. Han sagde det i Kjøbenhavn, at han var ikkje noko rædd for aa segja, at han var Sosialist.

 

Den som hev Mot, skal ikkje faa Mat, segjer Oftedølerne.

 

Farvæl Ibsen!

 

 

Valet  til Riksdagen for Stockholm vert um inkje, for det at det var ein av Valmennerne, som ikkje var valbar. Denne eine gjer, at Valet kjem til verta reint motsett det, det var, og dette gjer, at heile Riksdagen fær ei anna Farge.

 

 


Frå Fedraheimen 15.10.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum