Fraa Savala.

 

(Del 2 av 4. Fyrste del.)

  

(Eit Brev fraa Ivar Mortenson  Savala).

 

 

Den 25de September.

 

(Framhald).

 

 

Ein skal kanskje ikkje røda for mykje um seg sjølv? Men her er daa ingen annan du, og ein maa daa faa vasa litevetta i sitt eiget Blad, allvist daa Garborg segjer, at det er Vas Folk helst vil ha, og so berre løyser eg Tappen av Tunna og let det renna eg.

 

Kallen sit i Kjellaren,

tappar Øl i Skaaler,

d’er ’kje rusand’ Ølet mitt,

De maa fullvæl det tola.

 

* * *

 

Stundom er eg hugsjuk eg og, er so sturen i mange dagar, at det ikkje kjem eit Ord or min Munn – ja ikkje for det, det er ingen aa tala eit Ord med helder. Men det var ikkje det eg vilde fortelja, men det var ei Raad imot Hugsjuken. Det er aa leggja paa Aaren og sitja og stira inn i Brandarne all Dagen, ja den eine Dagen etter den andre, alt til ein vert god att; for ein vert god att daa, det hev eg freistat. Det er merkjelegt aa sjaa burti Brandarne, reint merkjelegt, heiltupp eit Under _ _eg sit just og ser paa dei i denne Stund. Det er korkje Tankar elder Ord i dei – berre syg og syng og sprakar og smell, stundom sukkar og stundom skratlar so for seg sjølv, men der er Sus og Rørsle og Arbeid i dei jamt, det er Løgje aa sjaa, korleis jamvæl gamle sure Kallar og Vriumpeisar heiltut, naar dei kjem i dei rette Høve, ikkje paa Lengdi kann fri seg for den eldande Kjærleikens Magt. Fyrst kjem det ei liti fin Eldtunge grann og mjaa som ein Seljerunne, blaa Stakk og raude Bordar, tittar upp paa Gamlen og hoppar attende – han ansar ingen Ting; so kjem det eit Par med ein Gong, dansar og skyt seg i lause Lufti, og so nedatt gøyma seg, og so er det ei, som nokso hugheilt slengjer Armen kringum Livet paa’n og rimelegvis spør, um han skal ha seg ein Dans – og daa er eg mest ferdug til aa taka Fela og spila ein Springar aat dei, men so vert det ikkje noko av endaa. Jau paa Slutten er det ei, som triv so fast Tak i han, at han lyt til aa loga litt han og. Men som det gjeng likast – best det er, vert det Slutt. Det var berre ei liti Forelsking, som snart er utbrunni, og det er ein graa Røyk i Staden. So tykkjest alt vera vonlaust, ingen Dans av Eldtungur meir, ingen Smeiking og Kyss og Klapp, berre ei raud Blygsle, som snart skiftest ut i ein bleiksottig Graalit. Og alt er kyrt og stilt som i ei Grav. Men rett som det er – med ein Gong brakar og braskar det iveg, og Gamlen er ”i Fyr og Flamme” all igjenom, gripen av Kjærleikens aalsterke Magt. Det hev væl siget innpaa’n etteraat, kann eg tenkja, so han og kanskje hev havt sine løynde Raader ute i Millomtidi og lokkat dei fram att, daa han nok totte gildt i dei lell, og no daa dei gjer Storm paa’n, er han seld med ein einaste Gong. Og eg hev gaatt det, at naar Kjærleiken soleis ein Gong for Aalvor hev teket slik ein Lurk, daa er den usløkkjeleg, daa varer den for Livet; ikkje soleis, at han vert uppeten med ein Gong som desse unge Teinarne, nei han ligg og ruklar og hev det i seg som ei varm Magt igjenom eit langt Liv.

 

So kann eg sitja og naudstira inn i Elden til langt paa Natt, og eg sig inni Halvsvemnen og tykkjest eg baade ser og høyrer so mangt underlegt. Ja eg synest mest det sit Folk frammed Aaren og talar med meg, som eg skulde kjenna, Kvinnfolk jamvæl, so eg mest vert rædd; men naar eg so ser meg rett umkring, er det ingen Ting.

 

* * *

 

Gamle Besta, trugne Godmor, aldruge Traana, Augo dine blikar endaa so klaart, at du tykkjest vita kvar ein Løyndom, som i Hjartat bur. Mangt hev du set og meir fær du væl sjaa. Streng hev du voret, som du stod der gamal og graa som ein Domar yver Ætterne, eg minnest dei djupe Rukkurne dine fraa eg var liten, kor eg fælte for deg. Du er den same, berre eg no hev vakset til, so eg ser deg fraa ei onnor Side, eg merkar ikkje so mykje Strengleiken din no, eg hev meir Kjensle av Vyrdnad og Fred, kanskje fordi eg sjølv er vitugare no, enn daa eg var ubydne Ryssen. Men det merkar eg endaa, at ditt Auga vaker paa meg, kor eg gjeng, korkje mine Gjerningar elder Tankar er visst løynde for det. Og det einannan veit, det kjem so ut likevæl, det fær Far Sølen vita og alle saman. So det er visst like so godt eg fortel Galenskapen min sjølv. Pyh! det er i Grunnen ikkje so galet lell for ein Ungdom, berre det at eg er litevetta bljug.

 

Ja det var det daa, at kvar ein Dag mest maa eg ut paa Vegen og titta paa Gjenturne, nei Droserne, skal eg segja, nei Huldrerne! Men i Grunnen er det daa og dei, som gjeng og tittar etter meg. Tak ingi Forarging, gode Folk, eg er Teolog og eg gjeng etter Bibelen og ”held ikkje Kjøt for min Arm” og hev bannlyst Kvinnfolk for iaar daa. (Umsett i din prosaiske Tale vil det segja, at eg ror meg ut paa Sjøen Hundrad Meter og ligg gloser paa Rundarne).

 

Jau eg lyt daa segja lell, at det er eg, som fer og tittar paa dei, dei maa hava litt Smeiking maavita, det var berre ein Tverhaus som vilde segja anna og vilde faa det til, at naar det er Fjellgardar rundt um Sjøen, men ein Port bak Einundfjellet, so er det dei, som heisar seg upp og lyfter Hovudet fram, so vidt dei kann faa sjaa ein Glytt av Savalen. Ja det er elles berre Garborg og meg dei fer etter, vonleg fordi me er Ungkarar, dei andre bryr dei ikkje det Slag um. Dei kjem alltid ikkje heilt fram og ligg frami Dørom for meg, Fredlysingi hev nok skræmt dei, so dei held seg etter Vegen. Men paa Kolbotten er det ei so nærsøki, at ho ligg gynser fram millom Buskurne, som ho ser radt burti Veggen hans. Var eg han, vilde eg byggja upp ein stor Planke til aa hindra slikt ”Bespeideri”, for det er daa baade usømelegt og forargelegt for Menigheden. Det er den store der, høgbarmad og hovdesterk, som allstøtt møter meg au fyrst, naar eg fer ute paa Vegen, ho er den djervaste av dei. So kjem det ei, som er so overlag prydd med Sylgjur og Maler og Lekkjur av alle Slag, at det er reint utor Laget, det glimar kvitt som Snø paa det blaae Livet; det er rett ei Drysjedrambe det. Aller sist kjem det ei, som halvt snur seg mot dei andre, so eg ser heile det store kvite Skautet yver den yndefulle Nakken rullar nordetter Herdarne. Etter Gjerdi paa Skautet aa døma, skulde ho væl vera Kjering, men etter dei bljuge Læte hennar dømer eg daa, at ho likevæl er Møy endaa, elles vilde ho væl ikkje faa fara soleis og glaapa, tenkjer eg. Det er nok ei, som trass Bljugskapen er den aller kaataste det, tenkjer eg. 

 

Vert ikkje rædd no Gamla mi, for at eg igjen skal gaa stad og gjera Galskapar – det er berre paa Avstand.

 

For sjølv um eg legg i og kved litevetta varmt, rørd av milde Kjenslur, og talar nokre fagre Ord, som fær Auga deira til aa raudna etterpaa, ja um dei ein klaar Dag, naar Stemningi er rett uppe, tykkjest vera meg so nær, aa tykkjest koma smjugande bakum Svarthu’n inngjenom Skogen etter meg og likesom beda, so eg kunne slaa Armen kringum Halsen deira, naar eg vilde – so kjenner eg likevæl for godt til slike Naturar, veit for godt, at naar det var eg, som vilde gjera det minste Stig til Tilnærming, so reiser dei seg og legg til Sprangs, og til meir eg elter etter dei, di meir atrar dei seg, so at naar eg hev sprunget eit Par Dagar, ser eg dei berre som ei blaa Sky bakum dei burtlengste Fjellbruner.

Difor gjer eg ikkje noko meir av det, berre tittar sjølv og let dei titta, daa er det til Moro for oss baae, men det hitt meire vilde berre valda Sut og Trege. Nei for aa vera fullsikker tek eg Salmeboki mi eg, naar eg er heimkomen og syng: ”Troskab er den ellers ægte”, og gled meg i den Kjærleik, som eg hev.

 

Men fagre er dei Trolli, og det er daa væl ikkje Synd aa sjaapaa det som er fagert, veit eg, naar ein ikkje gjer noko meir av det, naar ein ikkje let seg hildra av dei blanke Huldrer, so dei stel fraa ein Hugen. For dei er daa Guds Skapningar dei og.

 

Aa nei idag eg var utpaa, saag eg, at det og hev vakset upp nokre Smaagjentur, eg aldri hev set fyrr, dei tøygde seg fram yver Oksli paa dei hine, fagre er dei i sin sprettande Ungdom og forlivande bljuge Kaatskap, men det er tidleg aa koma ut paa den Vegen, Smaagjentur. Det er snarvint aa flangra burt Hugen sin!

 

Eg tenkte aa dylja noko av Daarskapen min, men eg kjenner paa meg, at eg maa ut med alt i hop.

 

For det hender ikkje so sjeldan, at eg gjer Landturar, raakar dei uti Vegen og legg meg til med Hengjekøye og Kaffikosing ilag med Droserne mine heile Dagen uti Purkevika.

  

- Merknad til den prosaiske Lesar!  Du tykkjer, at eg er væl vill uti Fantasia, sidan eg let kalde steinharde Fjell verta blømande, hugvarme Droser (endaa det var ikkje mine Ord, at dei er hugvarme). Men til det vil eg berre segja, at det ”kippest i Kynet”, det vil segja det ”føl mæ Arta”, for eg er ikkje den fyrste av dei prosaiske Østerdølerne, som fer og fantaserar her paa Savalen. Det hev dei gamle Fiskarar ifraa Faaset og Straumen gjort sameleis longe fyrr mine Dagar. For dei fantaserad jamvæl um det som ikkje er synt for Dagen, um Grunnar paa Havsens Botten og dei Kararne. Her er no fyrst ”Reinen” og ”Bjørnen”, ”Galten”, ”Purka”, ”Lommen” og dertil baade ”Fela” og ”Matsekken”, sume yver og sume under Vatnet. So det er ikkje Under, at eg gjeng og liver i hop med Tre og Fjell og alt sovoret liksom det var andre Menneskje, daa jamvæl min ovvituge Granne, han Aadne K. botté, ikkje er fri for slikt. -

 

Ja det var det eg vilde fortelja, at De kann aldri tru, kor koselegt me hev det uti Purkevika, eg og dei hildrande Huldrerne mine. – Nei veit du kva dei gjer, naar dei tykkjer, at eg tek til aa verta leid av aa sjaa paa dei? Jau daa skifter dei Dragter all Dagen utyver, so dei klumsar meg reint og eg slepp mest ikkje fraa dei, fyrr det vert myrkt, for dei er nok myrkrædde, elder det vert Styggever, daa og er dei snare til aa skunda seg i Hus liksom andre fine Fentur. Dei likar nok best dei blaae, kvite og ljoseraude og gull-gule Fargarne, jau stundom er dei ogso svarte og graae, daa tenkjer eg meg, at dei anten er hugsjuke, harme elder sære, og daa narrar dei meg stundom til aa kveda mine fagraste Elskhugsstev til aa blidga dei. Aa du skulde sjaa, naar dei dreg Sløret for Andlitet, stundom hev dei lange, side Brudeslør, daa er dei det mest yndefulle du kann sjaa for Augo.

 

Her ein Dagen var det so løglegt, dei kom alle tri dragande fraa Gudbrandsdalen med ein stor loden blank Skinnfeld bakyver Hovudet paa seg daa, fin Ull skinande som Silkje; gjeve den var min. So ”smilad dei so listig under Skinn”, som det stend skrivet.

  

Naar Bylgjurne skvalar mot Strandi og gjev Musikk, og eg so ser mot Traana – ho hev fenget ei fin klædeleg kvit Hette no paa den graablaae Dragti, aa nei kor vyrdnadsfull – ja daa tykkjest eg høyra Bruremarsen fraa Tynnset med sine sterke støde Slag; men naar eg ser burtpaa Rundarne, leikar det for Øyrat som Fanitullar, Kivlemøyar og Tusseslaattar med all Villskapen sin og attaat desse usegjeleg mjuke Tonarne. Traana ho er for meg Ætti, Østerdalen; Rundarne dei er heile det andre Norig, og so syng eg: ”Fra Vesterhavet til Kjølens Rand”. Eg treng hava Dykk alle saman.

  

Fagre Rundar De er mine Elskarinnur, Traana Bestemor, Stoga ”Medhustru” og so du kjære Fedraheim  mi ægtevigde gode Kone, og Borni med Dykk alle saman det er nokre Benkjerekkjarar, slengne ”Sellar”, ligg i alle Krør, og eg veit ikkje korleis det skal verta Folk av dei. Her hev De heile Familien, naar eg so legg til, at Trei, Spurvarne, Fiskarne og Myserne repræsenterar Samfundet, kva meir treng eg so, kva saknar eg daa? Jau ein Ting saknar eg likevæl, det er at du, den kjæraste av alle, min uforgløymelege Fedraheim ikkje er hjaa meg.

 

Og til deg syng eg difor av fullt Hjarta:

 

Eg vild’ at Milinn’ dei kunne styttast,

og Fødesheimen din den kunn’ flyttast,

eg vild’ du var ikkje lenger fraa,

enn eg deg dagleg kunn’ høyr’ og sjaa”.

  

Men til eg fær sjaa deg att, lyt eg trøysta meg so godt eg kann med dei andre i Staden. Vert ikkje vond no Gamla, du veit eg elskar deg so innerleg væl i Grunnen!

 

 

(Meir.)

 

 


Frå Fedraheimen 15.10.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum