Ymist.

 

  

 

Nytt Maallag. I Thime paa Jæren hev dei no nylegt fenget i Stand eit Maallag - Norskdoms-laget, heiter det. Det er eit Ungdomslag. Ei Boksamling med norske Bøker høyrer til. Jon Line er Styraren. Dei driv paa med Foredrag, Ordskifte, Song og Upplesning. Skal snart taka til med Undervisning i Landsmaalet. Ungdomar ikring Landet, gakk stad og gjer likeins! Det vil løna seg.

 

Nye Bøker paa Landsmaal. Um kort Tid kjem ut tridje Utgaava av ”Nokre Salmar”. – Ei Syndetavle”, - ei Umskrift av Boki hans Nikolai Wergeland ”om Danmarks politiske Forbrydelse mod Norge” av Eirik Bruhjel og ”Kjærleik”, Forteljing av Jens Tvedt. Det siste kjem i Kommissjon og dei tvo fyrste vert utgjevne av Mons Litlere, Bergen.

Prest I. Belsheim  kom for ei Tid sidan heimatt fraa Utlandi, der han hev voret og leitat igjenom gamle Bibelskrifter. Det han fann, kjem ut i ei Bok med det fyrste.

  

Naar det ber i Helingi, so kjem det nok til aa spøka for han Jacob Sverdrup lell; for ettersom det lyd no, so kjem Stockholms-raadarne hit med det fyrste, og daa heile Styret skal samlast, er det vel ingi Smaasak som skal fram. Det skal vera Arctander og Astrup, som er dei striaste til aa halda paa fullt Fleirtalsstyre.

 

Gull hev dei funnet i Grefsenaasen herinne. Berre det no ikkje er med Gullet som det vart med Bjørnen, dei fann i fjor. Men han Amund Helland er no vel ingen ”Haug fraa Nannestad”; og det er Helland, som hev sagt at det skal vera Gull i ein Stein, dei synte han.

 

Kristiania Teater  hev havt halvhundreaars Fest. Dei spilat Marie Stuart i Skotland av Bjørnson, og gamle Nielsen framsa eit Dikt, som var etlat Dagen.

 

Baade  Blautraate og Turr-raate er komet paa Poteterne her i Nærleiken.

Strindberg  hev skrivet ei ny Bok, heiter ”Faderen”. Ho er nett no komet ut.

 

Edison, som er namngjeten for sine magnetiske og elektriske Uppfinningar, hev no funnet upp tvo til. Den eine trur han skal løysa av Dampmaskinen.

 

Blodet  av 1200 Millionar Menneskje ropar høgt: ”Slutt med Krigen, slutt med aa drepa kvarandre!” Ja for dei hev reknat ut, at for kvart hundrad Aar drepast det 40 Millionar Menneskje og no veit me for Vissa, at Krigen hev varat i 30 Hundrad Aar. Paalag 1200 Millionar skal vera ilive paa heile Jordi no au.

 

Den rysske Keisaren, som no ligg i Kaupenhamn, blaaser no i alle Nihilistar. No hev han Moro. Her er ein Smakebit paa ho: Kong Christian sat ein Dag og skreiv, so tok dei til med eit uhorvelegt Spetakkel inn i eit Rom ved Sida.

 

Nei no fær de jagu vera stille der inne. Ein kann jo ikkje høyra Mannamaal”. Han glyttad paa Døri, og kva fekk han sjaa? Jau sjølve den rysske Rusken laag paa Golvet so lang han var og i Tjaugevis av Smaaprinsar og Prinsessur hoppad um han og slog han, alt dei orkad.

 

August  Strindberg  og Kona hans er vortet leid kvarandre og vilde skiljast; men dei som hadde med dette aa gjera sa nei, for Søknaden var ikkje ”reglementeret”.

 

Smøret  kjem til aa stiga. Ein svensk Meieriagent i Manchester, heiter H. Wedin, spaar det, at Smørprisen kjem til aa koma so høgt iaar, so det er lenge sidan han var so høg, skriv det svenske Aftonbl.

 

Det kjem no for det fyrste av den Ovturken, som var so seig i Sumar; men ein annan Ting gjer au sitt, og det er at det engelske Tinget hev paabodet, at heretter lyt alt ”lagat Smør” heita ”Margarin” i stedet for ”Buttertine” og dette Paabodet vil minske Salget av dette Konst-smøret utrulegt.

 

Ei diger Skipsveit, som skal gravast millom Manchester og Sjøen, og som kjem til aa kosta 160 Mill. Kr., ankar au paa Smørhandelen.

 

Ja det var væl um Folk no hadde litt aa lita paa, for det ser myrkt ut for Bonden no.

  

Det er ikkje hjaa oss, men i Sverik, som dei paa ein Kusntsjaabygnad hev 7 jamnstore Flak, og av dei er dei 6 reine.

 

Det er so realt  aa betala etter Lov og Dom”, sa ein Mann, som støtt lot seg stemna, fyrr han betalad det, han var skuldig.

 

Regjeringsbladet, som ikkje kom ut, hev kostat Astrup somange Pengar, at um Fedraheimen hadde Halvparten, kunne han koma ut kvar Dag. Men Fedraheimenskriv ikkje for Statsraadspengar, han.

 

Nyt Tidsskrift styrt av J. E. Sars og Olaf Skavlan, Hefte 9 er utkomet. Det inneheld:

 

A. Taylor Innes. Hvor er brevene? – Gustaf af Geijerstam. Barndomshemmet. Fyrst Kropotkin. Anarkiots videnskabelige grundlag. – Percy Frankland. De skabninger, vi indaander. – Kitty L. Kielland. Et par ord i diskussionen.

 

 


Frå Fedraheimen 08.10.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum