Fuskepolitikk.

 

  

Kravet um Røysterett for alle hev voret lenge uppe, hardare og hardare vert det kravt, og endeleg er me daa komne so langt, at Noregs Vinstreforeining hev peikat det ut som Valprogram.

 

Og ikkje noko Spursmaal kann tenkjast meir praktisk, meir tidhøvelegt og meir rettferdig. Det er eit av dei greide, store Spursmaal, som skulde hava Magt til aa samla eit Folk og vinna for seg ikkje berre dei, som hev stadet paa Vinstresida i dei siste politiske Stridar, men alle som elskar sitt Land og Folk, alle som vil vera med og reisa oss av den nasjonale Skam, at me ikkje er eit sjølvstyrt Folk, daa det er berre ein av tjuge, som hev Rett til aa bjoda, dei andre maa lyda Mindretalet – ja samla alle dei under sitt Merkje, som trur paa ein rettferdig Gud og difor ogso trur, at det gjeng an aa arbeida for Rettferd her paa Jordi, alle kristne, alle ”rettferdige” um dei ogso ikkje er kristne, stutt sagt alle dei beste og gjævaste Krefter, som raar i Menneskja, vil samverka til dette Maalet. Og so sant det er Kristendom i Landet, vil no ein heil kristeleg Politikk reisa si Fane og baade avsanna dei, som segjer, at det ikkje er Samanheng millom Kristendom og Politikk, og dei, som segjer, at vaar Kristendom i Noreg allvist er for daud og utsliten til aa kunna vera med paa aa byggja upp Kristi Rettferds Rikje paa Jord, dei som lyg paa oss, at me hev Nøgdi med aa gjæta vaare eigne Sjæler, og at me ikkje hev Kraft til aa føra Kristendom inn i Samfundet, inni dei politiske og sosiale Ringar.

 

Me skulde altso no hava ein Politikk, som kunne samla alt som er godt: dei kristne og dei sjølvstendige til eit demokratisk Parti.

  

Ja Saki er stor nok til det, berre me var store nok. Det er talat i store Ord um den norske Kristendom og um det norske Frisinn, lat dei daa no baae visa Krafti si.

 

Men kva er det for Slag Kristendom og kva er det for Slag Frisinn, me hev? Fusk er det i dei baae tvo. Det kristelege Fusk visar seg i Vestlandsposten  og det politiske i Dagbl. og Verdens Gang.

 

Oftedal og Jak. Sverdrup, som so ofte hev lagt ut Evangeliet um, at det Rikjet, som Kristus vilde stifta, der var dei, som var fatike og nedtrykte og hadde det vondt, dei beste Emne til aa vera Borgarar. Men dei, som skal vera laglege til aa faa den høgste Borgarrett, som væl baade Oftedal og Sverdrup veit aa nemna, dei skal likevæl ikkje faa Røysterett her i Noreg; elder trur daa kanskje dei Kararne, at det skulde vera høgre aa faa Borgarrett i Norig enn i Kristi Rettferds Rikje paa Jordi? Ja men daa skulde dei helst slutta med aa føra Kristendomen paa Tunga.

 

Med dei ”politiske” er det ikkje det Slag betre. Det Partiet, som sjølv brukar aa kalla seg dei ”reine”, dei vil fuska burt og kløyva den Utviklingi, som hev voret her i Landet all Tidi, nemleg at den kommunale  og den statsborgarlege  Røysterett hev haldet Fylgje. Me hev til dessa sett det same Vilkaar for aa faa Lov til aa stella med Riksens Saker som aa faa vera med heime i Bygdi. Um Forskjell skulde vera, maatte det væl helder vera so, at ein fyrst slepte Folk til aa stella heime i si eigi Stoge, paa Garden, i Bygdi, fyrr ein torde vaaga aa sleppa dei med i den store Landspolitikken, so vilde det endaa meir verta til det, som det mangein Gong hev voret, at Stellet med Bygdestyret vart ei Uppøving og ein Skule for Stellet med Riksstyret. Og den Tanken vart slegen fast, at me fraa det smaae og kjende skulde arbeida oss fram til det større.

 

Ein maa og segja, at der det serleg trengst, at Arbeid og Interresse vert lagt no, det er ikkje so mykje i Statslivet, der Folk hev Interesse fyrr, vakt ved Skular, Diktarar, Talarar, Folkemøte, Stortingsforhandlingar, Avisur og Samtale Mann og Mann imillom. Men Interessa for Bygdestellet, utan naar det gjeld politiske elder personlege Umsyn, ligg reint nede.

  

No for Tidi nettupp gjeldst det so mykje um aa faa litt betre Greide paa det økonomiske. Me vert snart berre Fark og Fant, skal det ikkje verta ei Vending.

 

Og nettupp i Pengespursmaalet er det, at det komunale Styre hev so mykje aa segja. Aa gjeva Folk politisk Røysterett, men ikkje komunal, vil mest vera det same, som aa gjeva dei Steinar for Braud.

 

Men her er den saare  elder den ureine  Flekken hjaa dei, som trur seg so reine.

Dagbladet  segjer, at ”det kommunale væsentlig har Karakteren af et Aktiesamlag, hvor den, der er mest økonomisk interesseret, har den væsentligste Indflydelse”, og Quam  sagde paa Tinget 1886: ”Jeg er aldeles enig deri, at de kommunale Anliggender som rent økonomiske Anliggender forudsætte, at de som skal have aktiv Deltagelse i dem, bør være i Besiddelse af en vis økonomisk Selvstændighed, og at de bør deltage – og det i en ikke saa ringe Grad heller – i de kommunale Ydelser”.

 

Hev ein høyrt Make til ukristeleg og uvitug Tankegang!

 

Væl; um ein kallar det for eit ”Aktiesamlag” og ein vil sjaa etter kven det er, som mest ”deltager i de kommunale Ydelser”, kven er det so, som hev dei største Aktier, kven er det som ”yder” mest, og skaffar fram Rikdomen i Bygdi?

 

Jau det er nettupp dei, som Quam  og Dagbl. vil hava utestengde.

 

Um det er ei Bygd av Skogeigarar og Arbeidsfolk t. D., og det er mykje Pengar i den Bygdi, kven er det, som hev arbeidt upp den Bygderikdomen. Er det Skogeigaren kanskje, han som berre hev skrevet under eit Handelsbrev? Nei det er sanneleg Arbeidaren, som hev hogt Timmerstokkarne og fenget dei framkøyrt og framfløytt, for det vart nok lite til Pengar for Skogeigaren og, um ikkje Arbeidaren hjelpte han til aa faa tena, for det er ikkje noko anna enn Arbeid, som er Kjelda til Rikdom.


--- ferdige Fordeling. Daa Allmennings-skogarne vart sundbytte, gjekk dei fram etter den Regel, at ”den som hev, honom skal det gjevast”, den som hadde mykje Jord, fekk og mykje Skog, og den som var jordlaus, vart og skoglaus, - men so vil dei og endaa hindra den, som brukar Skogen, til aa faa Vinningi av Arbeidet sitt (den som brukar Skogen, er naturlegvis Timmerhoggaren). Men sjølv um dette var for mykje kravt paa ein Gong, so var det daa det minste ein skulde krevja av ein ærleg og rettferdig Politikar, at han vilde vera med og gjeva kommunal Røysterett aat dei, som verkeleg hev mest økonomisk Vegt i Bygdi, so at han daa i det minste fekk vera med aa avgjera Skattarne, han som hev arbeidt upp ”Skattefundamentet”.

 

Ein skal tru so godt um Folk, som det er Raad. Og kanskje dei ikkje er so harde og urettferdige lell i Hjartat desse Bladi og desse Menner, som held fram desse Meiningar.

 

Kanskje det er berre politiske Umsyn, som gjer, at dei maa segjaso. Og me veit, at i vaare Dagar skyggjer politiske Umsyn yver baade Hjartelag, Ærlegdom og alt, som er.

 

Dagbl. hev ei Setning soleis: ”En saadan Sondring” (av politisk og kommunal Røysterett) ”anbefales ogsaa af Hensigtsmæssighedshensyn. Det vil nemlig paa den Maade være muligt at samle ogsaa Østlandets Amter om almindelig Stemmeret paa det statsborgerlige Omraade”.

 

Hensigtsmæssighedshensyn” ja!

 

Set dei Austlandsbønderne so laagt, skulde sanneleg ein ”rein” halda seg for god til aa gjera Kompromis med Raaskapen og Dumskapen. 

 

Helder tapa med Ære enn aa slaa av paa det som er rettferdig.

Trur me fullfast paa Sanning og Rettferd, so skal me væl vinna og vinna heilt ein Gong, og me skal ikkje ganga og skjemma oss ut og fuska burt dei store, gjæve Tankar. Det kann vera høvelegt aat Oftedølerne det, driva Fuskepolitikk, vera Diplomatar, løyna burt si fulle Meining.

 

Det er so dumt og styvelegt og, so at ein Høgremann, kor toskutt han er, vil skyna det, at fær Arbeidaren fyrst politisk Røysterett, so vil han ikkje drygja lenger enn til næste Ting, fyrr han og tek’n i det kommunale.

  

Men dei er alle saman upplærde i Johan Sverdrups Skule, Høvepolitikk, Fuskepolitikk, Avskrøyving av alt, som er stort og heilstøypt, belande til Eigennytten og Vankunna, setjande ”Hensigtsmæssighedshensyn” yver den fulle Sanning og Rett.

 

 


Frå Fedraheimen 08.10.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum