Ei Gudstenest.

 

 

(Av Knut Mæland).

 

Det var ein Sundag i Juni, speglande klaart og fint Ver. Messe var det, og tidleg um Morgonen tok eg Vegen til Kyrkja. Eg sette meg uppe i Bakken og saag paa dei mange Slag rare Blomarne, som tittad fram fraa Jordi medan Fluga surrad og Svalurne svingad og dansad rundt meg so fornøgde og glade. Alt dirrad av Glede i den fine Morgonen.

No byrjad Folket til aa samlast og den eine Flokken etter den andre, fraa alle Sidur kom dragande, og slog seg ned der rundt det gamle graa og forfarne Gudshuset, som stod i ein Avkrok av Bygdi. Eg lagde Merkje til kvar Flokk, som kom vraltande fraa alle Kantar. Dei tottest ikkje hava stor Glede uppe i Lived, trass det fine Veret. Dei kom der, so tunglynte, krjupande og bedande, utan Mot, utan Von, vrengjande Augor til alle Sidur, liksom for aa gjera ei Uppdaging blant dei kringumsitjande. Der laag liksom eit Syrjeslør yver Mengdi baade av gamle og unge. Mange Tankar sveiv for Hugen, medan eg fraa Bakken skodad desse motlause Skapningarne, som med tunge Stig nærmad seg Kyrkja. Fyrst tenkte eg, kvad desse Folki kunne vera so tvungne, so tunglynte og sjaa so syrjande ut for, ein slik Dag som denne. Var det ikkje anna dei tenkte paa og var det ikkje anna dei saag avmaalat framfyre seg enn berre Dauden og kva som ventad dei etter den, paa dei ævelege Pinslurne, som aldri, nei aldri skulde taka Ende? Eg tenkte kor tungt eit sodant Liv maatte vera, kva Slag Glede dei hadde, kva dei livde for og so vidare, men alt gjekk berre upp i Spursmaal utan Svar. Ikkje noko innbyrdes Kjærleiksliv var millom dei helder. Missundelege og meinsperne som dei var, glade yver derre aa faa slengja eit vanvyrdelegt Smil burt til han elder ho, som kjem der lidt fri og kaut av seg utan aa vera rædd for kvart Stig han tek for dei kringumsitjande Kritikarar og Laatt av Folket, som kanskje vil halda’n for eit Narr, fordi at han, som hev fenget litt Syn paa Livet, ikkje er som dei flestalle andre. No kjem Presten. Ein tjukk, feit Gubbe med Nasen høgt i Sky, travande mot Kyrkja og etter fyglde ein hop Folk, som stormad inn. Eg tok Plass uppe paa Koret. Det vart snart kyrt og stilt inne og etter at Inngangsbøni var halden, lydde Salma: ”Hvor ser det ud i Verdens Ørk” nedantil fraa Klokkaren, og ei Mengd med dragande Tonar baade fyre og etter, umogelegt aa skilja Ordi. Presten var snart uppe i Stolen sin og me fekk derifraa høyra mange hyggjelege, lærerike og kjeikjande Ord, sosom kor tungt Livet her nede i denne Jammerdal er, og kor forfælande Pinslur der ventad oss ”hinsides”. Rektigt uppkveikjande for denne so livfulle Menigheit! Me vart ferduge fraa Kyrkja, og kvar krok heim til seg. Veret vart like blankt og friskt, Fuglande like glade og syngjande og svingjande seg millom den friske og frodige Lauvskog. Eg hadde vortet tung i Sinn, og gjekk studerande paa etter Prestens Ord, kvenn Gud hadde stilt best her paa Jordi, anten Menneskje elder den andre Skapning i Naturen.

 

 


Frå Fedraheimen 08.10.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum