[Ymist.] Skyttarmøte i Namdalen.

 

 

I Midten av den her Maanaden var dei inn- og nordtrønderske Skyttalag samlagde paa det gamle Marknadsromet Mælen, som ligg ei halvonnor Mils Veg fraa Namsos. Det var Premieskyting. Eg saag paa, korleis det vesle Dampskipet ”Trolla” strævad med aa frakta uppyver Namsen den eine Flokken etter den andre av kvikke Ungdomar, og Hornmusikken, som ljomade fraa Dampskipet, gjorde det endaa meir fristande for den, som heime skulde vera; men eg hadde ikkje Tid til aa reisa dit fyrr sidste Kvelden. Daa var det Fest. Eg gjekk inn i den store Samlingsstova, som var fullpakkad med Folk baade gamalt og ungt. Paa Talarstolen stod V. A. Wexelsen og fortalde Soga hans Gisle Illugeson, og tilslutt sagde han nokre varme Maningsord til Ungdomen. Han ynskte, at Federne sine stærke Kræfter maatte røra seg i kvar Ungdom til Gleda for honom sjølv og til Æra for Landet. Og hans glade Von var difor, at dei frie Skular og dei frie Skyttarlag maatte liva og ganga fram Hand i Hand.

  

Etter eit litet Upphald fyldtest Stova igjen, og etter at ein norsk Song var sungen, so kom Hægstad upp paa Talarstolen og heldt ei lang Tale paa Landsmaal. Hægstad er ein gjennom norsk og frilynd Mann, ordhag og blidlaaten; men denne Gongen var han, kvass, for han gjorde Samanlikning millom Høgres og Vinstres Politikk, idet han gjekk ut fraa nokre dømande Ord i ein politisk Høgretale.

  

Mest forvitnelegt var det aa høyra, daa han fortalde um ei Samrøda, som han nyleg hadde havt med ein syrisk. Presten hadde fortald um, kor kleint det hadde stadet til med det syriske Folket like til den seinaste Tid og um kor megtugt dette Fedralandet hans eingong var, daa Apostelen Tomas var der og sette litet Liv i Folket, og dinæst hadde dei gjenget yver til aa snakka um Norig, og den framande Presten hadde sagt, at Paradis, Paradis! Paradis!! var Landet vaart i Samanlikning med Syrien.

 

So bar det laust med Spel og Dans og Samrødur kring Veggerne. Og etter ei Stund viste ein ny ein seg paa Talarstolen. Det var ein ungvoren Mann med eit bleikt og aalvorlegt Andlit. Det var fælt til Skraal i Stova, og dei, som gaadde seg paa Talarne, tok til aa hyssa for aa faa det stilt. Og dei, som stod nærmast og høyrde Hyssingi, sluttad med Skraalet og hjelpte til med aa hyssa paa dei andre, som endaa ikkje hadde gaadd seg, og endeleg vart det daa aldeles stilt i Stova, og han fekk koma tilords.

 

Det var Anton Velde. Han hev ei rapp Tunge og snakkar rasande fort og kvikt, men blandar saman Dansk og Bygdemaalet sitt i Talen.

 

Straks etter kom Formannen for Væpningssamlaget i Nordtrøndelagen, Joh.s Okkenhaug, fram og heldt ein Tale for den dugande og trottuge Arbeidar for dei frie Skyttarlag, O. Five, som ogso var paa Festen, og som Svar paa det vart ropat eit dundrande tri Gonger tri Hurra.

 

Av rare Ting, som var aa sjaa, kann nemnast ”Revolutionslemmen”, som hang paa framre Sida aat Talarstolen, og ein ny og overlag gild Fane, som Kvinnur i Trøndelagen hev gjevet Skjotarlagi. Han var av raud Silke og innmed Stongi eit Par guldgule Duskar, og yver ei Valkyrkja, som stod mitt i Duken, var skrivet: Best aa vera budd.

 

_e.

 

 


Frå Fedraheimen 08.10.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum