[Ymist.] Maalskulen i Stavanger

 

sluttad den 17de September. Han varad i 5 Vikur. Alle var fornøgde og totte, dei hadde havt det gildt i mange Maatar. Dei hadde lært mykje, og so hadde det voret so morosamt au. Tenk aa faa vera isaman 5 Vikur kvar Dag og Kveld berre slike, som hev umlag dei same Lengslur og Hugmaal, som legg all si Kraft i det sams store Arbeidet for Upplysning og Framgang! Jau, det maa vera gildt, og det maa gjera godt. Med ny Hug og meir Kraft tek ein i etterpaa. Ein kjenner seg sterkare i Strævet; for ein hev fenget Syn for Sagn paa, at ein ikkje staar aaleine.

 

Der var uppimot 30 Lærarar og Lærarinnur paa Skulen. Der var nokre fraa Mandalskanten og nokre fraa Hardanger, hellest var dei fraa Stavanger Amt. Og eg torer segja, at dei kom seg sopass langt i Norsk, at dei klarar seg utrulegt godt. Og so fekk dei Greide paa Oldnorsken au; det var eit fint Maal. Men rart maatte det vera, um ikkje ogso Nynorsken skulde vera eit fint Maal. Dei tykkjer no det, dei, som hev voret paa Maalskulen, og andre, som skynar det.

 

Det er ein Ting, som vantar, vart det sagt i Stavanger, og det er, at me ikkje hev fenget Maalet inn paa Seminarierne og ikkje hev Skulebøker paa norsk. Men me fær vona, at det kjem seg etter kvart. I eit Vedtak, som vart gjort tilslutt, bad ein Kyrkjestyret um aa faa Skulebøker paa norsk og at Maalet i dette og i Bibelumskrifterne maatte verta noko lettare, enn det fyrr hadde voret. Dei sluttad seg hellest til det Vedtak, som vart gjort i Selgjord.

  

Forutan Lesning, Diktat, Stil, Grammatikk og Oldnorsk so hadde me Fyredrag kvar Dag og Diskussjonar 2 Gonger i Vika.

 

Mauland lagde fram for oss Bilætet av det norske Folks Liv ifraa Medelalderen og til vaare Dagar. Han byrjad med Folkevisurne og endad so aa segja med Maalskularne. Det var dei beste Fyredrag av det Slag, eg hev høyrt. Og so skildrad han dei Menn, som hadde voret med i Kampen for Norskdomen; ingen vart radt gløymd, alle fekk dei nokre Ord. Men best skildrad han Hovdingarne og daa særleg Garborg. Ingen kann fortelja um han slik som Mauland. Garborg var hans Ungdomsven og Kammerat. Dei er uppvaksne Granneborn. Mauland burde reist ikring og heldt Fyredrag um Garborg, so er eg viss paa, at dei ikkje skulde dømd slik um han elder faret so aat med han, som dei no gjer.

 

Attaat duglege Fyredrag hadde Mauland Stil.

  

Bjørnaraa hadde Lesning, Diktat og Fyredrag. Han var ein kjekk Gut, ein Gut, som der er To i. Han syner Byfolket og dei fine, at Landsguten ikkje er for Katten. Han er eit livande Vitne um, at den norske Bonde eig Kraft til aa stiga fram og hevja seg upp, ja hev Evne og alt, som krevst for aa verta fri – stor og fri.

 

Bjørnaraa heldt Fyredrag um Medelalderen.

 

Og so var det Eskeland. Han hadde Grammatikk og Oldnorsk og nokre Fyredrag um Hauge, Wergeland o. fl. Han var ein dugande Lærar, so ung han enn var. Og ein evnerik, frihuga Gut. Av Bonden han ogso. Han er full av Tru og Von.

 

Bjørnaraa og Eskeland er tvo unge, norske Gutar, som Mor Norig vil hava Æra av.

 

Gjev dei ikkje maatte verta misstydde elder knekte i sin rake Vokster som andre av deira Slag hev vortet!

 

Ordskifti var livlege. Der var norsk Fossedur og ville Hallingkast i dei. Men det var friskt og reinskande. Det var Granskog og rein Fjell-luft etterpaa. Der var mykje aa læra av desse Ordskifti.

 

Det gjekk laust paa med Socialismen i 3 Kveldar. Kvendesaki og andre vigtuge Spursmaal vart au ordskiftat.

 

Skulen sluttad med Fest. 

 

Og Tonarne, som vart lærde, vil med alt det andre gjera, at Maalskulen i Stavanger seint vert gløymd av dei, som var med.

 

 

Jadarbuen.

 

 


Frå Fedraheimen 08.10.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum