[Ymist.] Hestesjaa.

 

 

Fyrre Tysdag og Onsdag hadde me Statens aarlege Hestesjaa herinne.

 

Det er det tiande i Talet dette, og det syner au, at me er komne fram.

 

Det var regnalt og usælt Ver baae Dagarne, og baade Folk og Fe gjekk og knadde i Møki der ned paa ”Skjeret” til langt upp paa Leggjen.

 

Regnad det, so regnad det no ikkje med Premiar lell, for meir knipalt med dei, hev no vel aldri voret fyrr.

 

Ingi Fyrste-premi vart gjeven.

 

2dre Premi  fekk:

 

1. ”Bæringen”, Hingst, uppalat av O. Kobberstad, Toten. Eigar av: Eit Lutlag i Bærum.

2. ”Isabella”, raud Merr. Uppalar og Eigar Prost Leganger i Gran.

3. ”Stella”, raud Merr. Uppalar og Eigar H. O. Haugesten, Raade.

4. 2dre Premi B fekk ”Fager”, myrkbron Hingst. Uppalar og Eigar J. A. Solberg, Askim.

  

3dje Premi:

 

1. ”Stavheimsbron”, Hingst. Eigarar: Eit Lutlag i Rakkestad.

2. ”Storegut”, bron Hingst. Eigar E. Sand, Lier.

3. Dølen, brun Hingst. Eigarar: K. L. Dælen, I. S. Alm og Kr. Koller fraa Gran.

4. ”Lillegut”, Hingst. Eigar Kr. Koller, Gran.

5. ”Lina”, Merr. Eigar R. Vogstad, Ullensaker.

6. ”Bjønna”, Merr. Eigar S. Narvestad, Eidsberg.

7. ”Fjøra”, Merr. Eigar Ole Lie, Øydemork.

8. ”Blenda”, Merr. Eigarar Brødr. Hansen, Kristiania.

9. ”Bruna”, raud Merr. Eigar og Uppalar Paal O. Skatterud i Gran.

10. ”Victoria”, raud Merr. Eigar O. Borchgrevink, Enebak.

11. “Digra”, borkutte Merr. Eigar og Uppalar T. Bjanes, Fet.

12. ”Kapella”, Merr, Eigar og Uppalar Gulbr. Lindstad, Gran.

13. ”Flora”, Merr. Eigar Paal Lærum, Gran.

14. 3dje Premi B fekk ”Trygg”, Hingst. Eigar Prest C. Kiønig, Sylting.

 

 

14 Stykkje fekk Godord (Anbefaling) og 5 fekk Paa-aming (Opmuntring).

 

 


Frå Fedraheimen 08.10.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum