Er Kristendomen konservativ elder radikal?¹)

 

   

Dei fleste vil væl segja, at det er baade Atterhald og Bakstræv i Kristendomen. Einast Teologarne vil halda fram, at han kann semjast med Framstig, men naar det ber til Gjernings, avsannar dei Paastandet sitt sjølve, med di dei i Kristendomens Namn set seg imot Framstiget, for dei segjer allstødt, at det kjem ikkje paa rette Maaten. Dei sit berre paa Romet sitt og ventar paa, at Tiderne skal verta slike, at dei og kann faa vera med, men det kjem alltid eit elder anna i Vegen. Og etter den praktiske Politikk aa døma kjem den Trui paa Folk, at Kristendomen elskar Bakstrævet, og han misser dermed si Magt yver alle dei, som det er mest Liv og Framhug og Dugleik ved.

 

Men det er unaturlegt dette Samlaget millom Kristendom og Bakstræv, for Kristendomen er i Røyndi radikal, ja ein kann heiltut segja revolusjonær, naar ein ikkje dermed meiner hugad paa Uppreist. Kristendomen hev det nemleg med aa setja seg Ideal, det vil segja Maal, som ein aldri heilt kann naa, men jamleg strævar imot. Den, som hev det ideale Livssynet, kjem aldri til Ro, er alltid i Arbeid, alltid i den stridaste Straumen, med all si Kraft vend imot aa naa Idealet, soleis som Paulus segjer i Fil. 3,12: ”eg hev ikkje gripet det, men eg jagar etter det, um eg kunne gripa det”. Men nettupp fordi det ideale Livssynet alltid jagar etter det fullkomne, kann det aldri standa stilt, verta konservativt og endaa mindre bakstrævalt. Det vert revolusjonært i Grunntanken, d. v. s. slær seg aldri til Ro med ”det bestaaende”, men vil allstødt fram. Der finst ikkje noko so sterkt idealt Livssyn som det kristelege, for det hev paa Fyrehaand sigtat so høgt, at det vert raadlaust aa naa fullt fram her paa Jordi. Det naturalistiske livssynet gjeng ut ifraa, at ein kann og skal naa Maalet her, difor kjem naturalisten snart til aa slaa seg til Ro, men den kristne aldri. Sjølv um Naturalisten vilde segja: no er me ferduge, no kann me ikkje koma lenger, so vil den kristne segja: nei, me maa endaa eit Stykkje fram; um all Verdi var konservativ, var det berre att ein einaste verkeleg kristen, han vilde verta Framstigsmann.

 

At Kristendomen er radikal i Moralen, det vil segja aldri stansar, men set Kravet høgre og høgre til meir fullkomen ein vert – det er godkjent av alle. Men det idealistisk-radikale Kravet til Samfundet, som Kristendomen set, er mindre kjent. Mange trur, at Kristendomen ikkje hev det Slag med Politikken aa gjera. Men det er reint galet. Kristendomen hev og sitt Samfundsideal, som er revolusjonært-radikalt, d. v. s. der maa alltid verta noko, som det kristelege Samfundsideal maa freista aa venda upp ned paa.

  

Solenge Bodet: ”elsk Næsten som deg sjølv” stend ved Magt som Grunnlov for alt Samliv millom Menneskje, maa alle som verkeleg bøygjer seg for det, verta radikale. So lenge det nemleg finst ein i Samfundet, som vil arbeida, men ikkje er i so gode Umstende som eg, so lenge hev den kristne ikkje naatt Samfundsidealet sitt. Dei kristne er, elder skulde vera det vakne Samvitet i Samfundet og er Bodet skrivet i Hjartat deira, so vert dei det ogso.

 

Dette Bodet er liksom Grunnsteinen i den kristelege Samfundsbygnaden, alt som vedkjem Samliv, kviler paa dette. Sjaa t. D. den gilde Samanlikningi hans Paulus i 1. Kor. 12, der han liknad Samfundet med eit Lekem, der kvar ein er ein Lem, og Lemerne skal hava like stor Umhug for kvarandre” og ”naar ein Lem lid, daa lid alle Lemer”. Miskunn og Hjelpsamheit er difor det usvikelege Kjennemerkjet paa eit kristelegt Samfundsideal, og dei Pligter, som Samfundet hev imot dei fatike og nedtrykte, vert innskjerpt mange Stader, so at det jamvæl synest, at i Røyndi er det berre deretter, at eit Menneskje vert dømt etter Math. 25,35 – ”eg var hungrande, De gav meg aa eta, tyrst, De gav meg aa drikka osv.” Som eit aalment Bod for Samfundet lærer Jesus Luk, 6,31: ”soleis som De vil, at Menneski skal gjera imot Dykk, soleis skal De og gjera mot dei”. Ofte vert det sagt, at Rikdom er ikkje Maal, men berre Midel til aa fremja Samfundsbaten. Det vert sagt, at ein ikkje skal gjera Skil paa fatik og rik, ein skal ikkje døma Storleiken etter Rikdom og Vyrdnad; imot dei som gjeng med fine mjuke Klæde, som er i Kongsgardarne, vert Johannes Døypar, som hadde Kappe av Kamelhaar, sett upp som den største av kvendefødde. Det er daa allvist Apostelen Jakob, som lastar dei kristne, fordi dei gjer Skilnad paa Folk. Kjem det inn i Forsamlingi Dykkar, segjer han (Jak. 2,1), ein Mann med Ring paa Fingeren og blanke Klæde, og der so ogso kjem ein fatik inn med skitne Klæde, daa legg dei Merkje til han, som er so gildt klædd og bed han setja seg i Høgsætet, men Fatikmannen bed dei setja seg i Kroken elder og standa. ”Og gjer De ikkje daa ulikleg Skilnad, segjer Jakob, De hæder Fatikmannen! Er det ikkje dei rike, som kugar Dykk og dreg Dykk for Domstolarne!”

 

Dette maa vera nok til aa syna, at Kristendomen er radikal, naar det gjeldst dei sosiale Spursmaal, ja heiltut hev revolusjonære Tankar. For det er klaart, at skal ein naa eit slikt Samfundsideal, daa maa det fyrst verta ein Revolusjon i Tankegangen hjaa Folk flest, og det vil syna seg mange stader, at det Samfundsstellet, som er, vert so reint motsett det, som Kristendomen krev, so at Umbøter og Reformar er for lite, men det maa leitast etter eit heilt nytt Grunnlag for Samfundsskipnad, skal det høva det kristelege Ideal. Ein naar væl aldri dette heilt, men ein munar daa innpaa det, naar ein allstøtt set upp slike Grunnlag for Samfundsskipnaden, som høver for Tidi og for det Maal av moralsk Utvikling, som Ætti hev naatt. For det gjeng so med ein Samfundsskipnad som med alt anna i Verdi, at han vert enten opp ned att Senn, Maskinen arbeider tyngre og tyngre. I Fyrstningi kann ein so vøla paa Maskinen; men so kjem den Tidi, daa den gamle er utsliten og ein maa faa seg ein ny.

 

Ein kjenner, at ein Samfundsskipnad er uppsliten, paa det, at han ikkje lenger er god til aa gjeva Folk høveleg Utkome i Matvegen elder aandeleg Utvikling, som svarar til det, som Tidi krev. Samanliknar me med Paulus Samfundet med eit Lekam, so ser me, at Samfundet er sunt og kristelegt, paa det, at Blodumlaupet er so kraftig, at det vert drevet ut i alle Lemer, som fær paa lag like Del i det; men Sjukdom viser seg i, at materielle og aandelege Godar samlar seg sume Stader i Lekamet, medan ein stor Del lid Naud. Det høver for dei kristne aa verta det vonde Samvitet aa kalla i Samfundet, melda fraa, at det Blodumlaupet hev komet i Ulag, og vera millom dei fyrste i Arbeidet for aa faa det i Lag att. Det kann daa vera slike Tider, at Umvølingar gjer det; men det kann og raaka, at det trengst ei heil Umbygning av Samfundsskipnaden. Det høyrest noko underlegt, naar ein segjer, at det alltid er ukristelegt aa halda paa ”det bestaaende”, men det er likevæl mykje sant i det. Nett fordi Kristendomen hev det ideale Syn paa Samfundet, maa han allstødt utvikla nye Samfundsformer, etter kvart som dei gamle vert uppslitne, det vil segja utnyttad av Eigenkjærleiken, og soleis vert han radikal, endaa han difor ikkje treng preika nokon Revolusjon. Revolusjon og Uppreist kjem berre, naar Eigenkjærleiken held fast paa dei gamle Samfundsformer, lenge etter at dei er utslitne. Daa maa Guds Straffedom koma. Um ein av Profetarne i det gml. Testamentet hadde skrivet um den franske Revolusjonen, so vilde han – til mykje Forarging baade for Prestar og Rikfolk – hava kallat ’n ein Guds Straff for Synderne aat Storfolket.

 

Jesus sagde: Eld  er eg komen aa kasta paa Jordi. Men korleis hev det seg daa, at mange som kallar seg ”Kristendomens Vener” i vaart land, no er dei fyrste til aa sløkkja, naar det kvetkjest ein sodan Eld?

  

Grunnen er mykje den, at mange set Idealet so høgt, at dei trur det er raadlaust aa freista naa det her i Verdi og difor nøgjer seg med aa berga kvar si Sjæl utor Elden. Dei hev vortet slike, som berre driv med Teologi og rein Lære og ikkje magtar det verkelege Liv.

 

Og Liv, det er Utvikling altjamt.

 

 

¹) Fritt etter Pastor Henning Jansen i dansk Tilskueren.

 

 


Frå Fedraheimen 01.10.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum