Kristiania, den 19de Aug. Fjørtoft og Unionspolitikken.

 

 

Fjørtoft skreiv i Tiraljøren  so: ”Sambande millo Noreg og Sverike hev te denne Ti vore grei. Alder hev nokon Mann vore i Tvil om kva dæ hev vore: fælles Konge og fælles Fre og fælles Krig.

 

Dæ hev vore Bande og inkje noko anna og alder viare skaSambande gaa helde. Dei kann lengje nok i 17de Mai og 4de Novemberfrasane skreppe av Unionen, at han hev gjort Noreg so mykje gott; men me kjenne daa sopass den Goleiken no, at ein vel skulde tenkje seg tvo Gonge om fyrr han vaaga aa gjere noko, som kann snøre Folka meir politisk i hop. Men - - kva gott hev me havt av Unionen? Inkje vont seie De. Ja dæ e lite gott dæ. Dæ skulde ha vore Moro aa faa høyre nemnt noke, som me hev vunne paa ve aa vere i hop mæ Svenskjen, og kva gott han hev gjort oss. Eg veit dæ inkje. Han hev inkje hjelpt upp Flaaten vaar, han hev somenn inkje gjort noko te aa føre dæ norske Flag utover Viddene. Han ga oss vel Lov te aa sigle unde norsk Flag, og dæ va vist mykje dæ. Ja han e snild den svenske Bror. Rett no, so fær me Lov te aa stryke Statholdarposten mæ. Nei eg veit inkje noke gott, som Unionen hev gjort Federlande vaart; men noke galt veit eg. Ute gjere Unionen Federlande vaart ukjent og unemnt og avgløymt, og heime skaper han Kvakl og Floking i Tenkjemaaten. Noreg kann inkje vinne, men helder tape  paa Unionen.

 

_ _ _Unionen e bygd paa Urettvise, som eg ska syne. Eg trur nokk Noreg og Sverik vil ha mykje gott i hop mæ kvarandre; men me kann vera Brør og live gott og vel forlikte utan Unionen. Eg trur, at Normannen bør hjelpe Svenskjen og Svenskjen Normannen, ifall faarleg Mann herje vil Land og Retten e hjaa oss; men so bør dæ inkje vere berre millo Norge og Sverik, men Danmark maa mæ her. Men e dæ daa alder tenkjelegt, at Uretten og kann vere paa ein av Siom vaare. E daa me Skandinavfolk inkje Menneskje me mæ daa, som kann gjere politiske Mistak mot andre Land? Og ska daa dæ eine Folk vere nøydd te aa kjempe ve Sia aat dæ andre, om daa kvar Mann veit mæ seg sjølv, at han kjempe fyre ei gal Sak, berre fyr dæ Folk eingong i gamle Dage lovde aa hjelpe kvarandre i kjukt og tynt. Eg trur slikt vil vere sjeldan, men mulegt e dæ, at Styre i eit Land kann ta imist og grøtelegt og, og so ska dei hine gjere galt verre og kanhende li fyr dæ same. Nei e dæ noker Meining i Prate vaart gott Folk om Brorfolk og Brorskap, so lat oss syne dæ i Sanning kvar Mann og gaa sta og hjelpe vaare Brør, naar me veit, dei li Urett og rette paa gamle Misstak. Kjem dæ noko galt paa, so trur eg Nationalforsamlingane i Skandinavien bør sende Landsens Ungdom ut te Hjelp, naar dei finn dæ e rett, og vaaga inkje Normannen dette, so e han inkje vær te anna held aa verte tekjen av den russiske Busemannen, som dei skrik so mykje paa. Dæ e eit usselt Folk, som inkje vaaga aa hjelpe sitt Brorfolk, naar dæ li Urett og han sjølv stend seg paa aa hjelpe ataat, ja utan dæ mæ. Og ifall me e so daarlegt eit Folk, at me inkje veit aa ta te Svære, fyrr held dei dreg Matbyra fraa Munnen vaar, kva Meining e dæ daa ette ein Kontrakt aa komandere Hærene vaare ut? Inga Meining. Me gjeng daa som eine Træla. – Og skulde dæ tenkjast, at dæ vilde vere uklokt, at Stortinget hjelpte, kvi daa inkje gaa norske fri Menn liksomange som den skarve Hæra vaar kann kome mæ. Eg trur paa, at den Ti vil kome, daa so ska skje; men daa maa me ruste oss annaleis held no. Aa slutte Kontrakt paa Livsti om aa hjelpe kvarandre i kjukt og tynt e noko ulogisk og urettvist. Eit Samband millom tri Land, som gjekk ut paa, at dei tvo andre paa Flekken dæ trie kom i Knipe skulde kalla i hop sine Folketing te aa gjer av om Hjelp skulde sendast, dæ æ dæ einaste logisk rette. Viare bør eit Samband millom tvo skilde Land inkje gaa. Dæ e Band stritt nokk. Unionen, som han no e, e bygd paa ein gal Tanke, naar me ser paa vaart Hopehavande i Fre og Ufre; og om Hopekongen vil eg seia berre dette. Dæ, Folka og dæ me Skandinavfolka bør arbeie te, e aa setja Kongane av og styre oss ve folkevalde dygtege Menn og inkje ve nokre Arvekonga, som baade kann vera nokre Tulla som nokre Naut. Men no kanndæ eine Lande staa dæ andre i Vegen om Folkemeiningen i dæ eine Lande mæ Tia skulde verte republikansk. Difyr seie eg som so: Dæ e rangt dette aa knyte Folka meir i hop mæ Grunnloge og Unionsakte. Dæ, som den unge Normann ska’arbeie for i den Vegen, dæ e aa løyse Bande millo Noreg og Sverik. Dæ e dæ, som er mest logisk og klokast. Dæ vil styrkje Sjølstøa og Sjølkjensla vaar, og Federlande vaart vil daa fyr Utlande staa som eit kjent og sjølvstendig Rikje, som dæ langtifraa no gjere. Daa vil Brorskapen verte sannare, daa vil ingen li Urett av den andre. Daa vil Folketanken ha lettare fyr aa segre, og ska Republikken eingong kome i Norge, so maa Unionen løysast. _ _ _ _ _ _ _ _17de Mai vart Norge eit lausreipa og fritt Land; men sia den 4de November hev dæ korkje vore dæ eine elde dæ andre, all den Dag dæ inkje fær Lov te aa raa over sin eien Lagna. Difyr vert Framtidsmaale: Unionsopløsning  og ein sann 17de Mai.

 

 


Frå Fedraheimen 20.08.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum