[Ymist.] Det vert skrivet

 

 

i Indtr.: ”Vel føres fra fremmede Lande herhid, ret meget, hvorved vi oplives”, men ikkje kann eg tru, at me upplivas av Graastein fraa Sverik lell (sjaa ”Indst. O. Nr. 63, Side 149 og 50 for 1887): Ein kann lesa um Innføring av mykje rart, men Innføring av Graastein for Folkets Pengar er daa vel noko av det raraste ein kann sjaa. I 1870aari, daa dei heldt paa med Rikshospitalet, skulde det vera nokre hogne Steinstolpar, og desse fekk Styringi ifraa – Sverike. Det vart brukt Stolpar for Kr. 6311.50. Hadde ein norsk Steinhoggar fenget dette Arbeidet, kunne det voret hans Drift til stor Upphjelp; men sjaa det var i den Tid, daa Styring berre stirde mot aust, at dette hende. Det nasjonale trengte ikkje noko Upphjelp i den Tidi. Det er ikkje knapast um Graastein her i Noreg og serleg skal Steinen kring Kristiania vera god til Steinhoggararbeide, og det skal verta utført sovoret deifraa; likevæl maatte Styringi til Sverik etter honom. ”Er det noko, som ikkje trenger Hjelp, so er det det nasjonale. Enn um det hadde voret Varatoll paa norsk Graastein!

 

Slaveriet i Kristiania driv med Steinhogging, Tokthuset likeso, og so er det private Folk, som held paa med det same, men Styringi saag berre til Sverik ho. Um Tenestguten hjaa ein Gardbrukar, som ogso var Smed, utan fyrst aa tala med Husbonden, reiste til ein annan med Gardsmiet, tru um Husbonden so etterpaa vilde segja som Storting og Statsrevisjon: ”Kan efter Omstændighederne passere”.

 

Det er daa bra av Statsrevisjonen, at han hev snakka um dette. Mulegt er det og, at det er ”Europæaren”, avsett Statsrevisor Arne Garborg, som hev gjort ”Antegning” i Statsreikneskapet. Er det Garborg, som hev gjort ho, so er ogso det ei lita Heidersperle for dei nasjonale; det var jo dei, som fekk han avsett.

 

Men kva var det, eg vilde segja, jau no kjem eg paa det; tru um det for Framtidi ikkje var bra aa faa Beskyttelsestoll paa norsk Graastein.

 

Ivar ..s.

 

 


Frå Fedraheimen 20.08.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum