[Kristiania, den 19de Aug.] Ernst Sars.

   

 

Naar me soleis mønstrar Heren, kjem det for oss eit Hovdings Namn, jamstort med Johan Sverdrups, endaa han ikkje hev voret Herførar i dei fremste Rekkjur i Kulesprøyten, men han hev stadet for Taktikken, den strategiske Styrnaden, og planlagt med Vitenskaps og Visdoms raader, koss Striden skulde førast.

 

Kanskje nettupp fordi han hev voret meir utanfor sjølve Stridshiten, er Professor Sars ein Mann, som gjeng meir usaarad og rakare i Ryggen enn Sverdrup. Han er ein av dei gildaste gamle.

 

Sars skriv i siste Heftet av  Nyt Tidsskr. um Unionsgreidurne, og syner der eit Mot og ein Manndom, som det ikkje er so ofte aa raaka paa hjaa eldre Folk.

 

Sars fortel um Stemningi i Sverik, at ”Norsketingi” helder aukar enn minkar, sume vil heilt ut gjera Norig til Lydrike, men dei fleste vil gjerne taka ifraa oss dei Muner me hev vunnet i Samlaget sidan 1814, og dei frilynde tegjer elder sannar etter for det meste. – Dei unner ikkje Nordmenner aa hava Postar i Utanriksdepartementet, som dei segjer berre er svensk, dei unner oss ikkje aa hava Del i det ministerielle Statsraadet, og dei unner ikkje Normenner aa hava Konsulatpostar. Dei vil gjerne stengja oss ute fraa alt dette.

 

Og med slike Folk gjeng det sanneleg ikkje an aa underhandla meir, segjer han, me lyt gjera anna enn røda og diplomatisera, me lyt gjera noko sjølve: gjenomføra Hamaravgjerdsla, som korkje gjeng ut paa Utviding elder Innkniping av ”det institusjonelle Fællesskab”, men held seg til Unionen, som han er, og berre krev at ”Jævnbyrdighedsprinsipet” skal ”respekteres og faa en fuldstændigere Gjennemførelse, end det nu har”. – Um det no vert sett inn i Grunnloven ein Regel um dei diplomatiske Sakerne sameleis som i den svenske Grunnloven, so skulde det vera so faarlegt, segjer Folk. For anten vart den Loven vaar ein tom Bokstav, Svenskarne vilde ikkje vyrda han, elder Samlaget i diplomatiske Saker maatte slutta. Og dette andre maa me vera lagad paa. Og det er ikkje umogelegt aa gjenomføra, for det er inkje noko i Semja millom Landi, som forbyd ei slik Skiljing, Rikssemja krev berre Samlag i Krig og Fred og Sameige av ein Konge. Berre at det kannhenda vart litt ”uhensigtmæssigt”, ”forbundet med mange Vanskeligheder” meiner Sars. Og ”blir det for Alvor svensk Program at tilføie Jevnbyrdighedsprinsipet yderligere Afbræk og at fravriste Norge enhver ”Fordel” eller Rettighed inden det unionelle Fællesskab, som ikke er hjemlet det paa en særskilt og udtrykkelig Maade ved den mellem Rigerne indgaaede Kontrakt, - da vil ingen Unionsvenlighed og ingen ”Forsigtighed” kunne hindre, at det blir norsk Program at ophæve det bestaaende Fællesskab overalt, hvor vi har Ret og Magt til at ophæve det”. Og han meiner, at det er ingi Sak aa faa serskilt Konsulatstell, sjølve Grunnloven hev Reglar um det. ”Vi vil _ _gi tilkjende saa tydelig, som det paa Forhaand kan ske, at vor Unionsvenlighed er og vil vedbli at være betinget af, at Jevnbyrdighedsprinsipet blir respekteret uden Afslag og uden Reservasjoner, og at man faar indrette sig derefter, om man ønsker Unionen opretholdt i den Udstrækning, som den nu har”. Men skal me driva ”Skinnfeldsppolitikk” – venta til me fær sjaa og ingen Ting gjera – vil Norsketaranne faa so mykje stødare Tru paa, ”at vi heller gir Slip paa Jevnbyrdighedsprinsipet end paa Unionen” og - - ”derved opmuntres til at fortsætte sin Agitasjon med forøget Kraft”. ”Vi har diplomatiseret altfor meget i Hensyn paa de unionelle Spørgsmaal. Vi har paa dette Omraade undgaaet saameget som muligt og mere, end godt er, at tale rent ud og vedstaa for os selv og andre Konsekvenserne af vort Standpunkt, saa langt de rækker, uden Omsvøb og uden Afslag”. - ”Jo før og fuldstændigere man i Sverige kommer paa det rene med, at det er en Feiltagelse at tillægge det norske Folks om Helhed noget af den Unionsvenlighed - - der kommer til orde i Morgenbladets  og Budstikkens  Spalter, - at vi tvert om er fast besluttet paa heller at redusere det unionelle Fællesskab end at finde os i, at det faar Karakteren af et svensk Prinsipat, - des bedre”.

 

 


Frå Fedraheimen 20.08.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum