Ymist.

 

 

 

I Litlestraumen hadde dei 6 0Kjøl i fyrre Vika. Potetgraset fraus og den kaalgrøne Aakern tok Skade.

 

No fær me Regn  mest til kvar Dag her paa Austlandet. Det gjer fælt godt paa Aakern og Poteterne kjem seg; men at det vert lite Høy er avgjort. Der, dei hev djup Jord, hev Graset greidat seg nokso godt; men paa grunnlendt Jord er det reint galet smaatt.

 

Ein Ukse  sleit seg laus i Lakkegata her ein Dagen. Daa han hadde gjort ein Sving, strauk han inn paa Samlaget. Der traff han Selskap; men dei flaug sin Koss, og Uksen vart aaleine; men han bar seg fælt pyntelegt aat, berre stod og blaas paa Brennevinsflaskurne.

  

Den store Sobranja  hev valt Prinsen av Sachsen-Coburg til Styrar yver Bulgarien. Han skal vera ein bra Kar; men det kjem no an paa, um han kann gjera seg Godvener med Rusland. Dei andre Landi skal ikkje hava noko sers imot Valet.

 

Den personlege Fridomen er dei vare um i England. Ei ung Kvende vart her um Dagen teket av ein Konstabel og førd paa Raadstuga. Han meinte paa det, at ho ikkje kunne la Mannfolki gaa i Fred paa Gata um Notti. Ho sa det var Lygn alt samen, og ho hadde Vener, som tok seg av Saki hennar; for ho var skuldfri.

 

So kom dette upp i Tinget. Ministeriet vart spurd, um koss dette hekk i hop; men Justitsministarne drog seg unnav, og so fekk heile Ministeriet Vondord av Tinget for denne Saki si Skuld. Dei toler ikkje slikt Engelsmennerne.

 

37 Hus  gleid ut i Sjøen i ein By ned i Sveis som heiter Zug. 70 Menneskje vart der.

 

Fraa Stanley. I det geografiske Samlaget i Berlin vart det no nyleg leset upp eit Brev, som var skrivet i Leopoldville den 7de Mai.

 

Der stod det:

 

Stanley kom hit den 21de April; men han hadde havt altfor lite Mat paa Vegen, so det var ikkje lang Stubben, han var komen fram um Dagen, og han hadde mistat mange Folk paa Turen au.

Dei, som bur her, vart fælt sinnad paa han; for dei skrubbsultne Folki hans tok og aat upp alt som etande var, og daa var det ikkje aa undrast yver, at Eigaranne vart harme. Han var difor ikkje fulltrygg her, men drog avgarde so fort han vann.

Han kunne ha voret endaa snøggare, hadde ikkje dei amerikanske og dei engelske Misjonærarne voret so vrange, at dei negtad han Baatarne sine uppigjenom Elvi.

Fyrst sendte Stanley Major Bartle med 150 Mann i Fyrevegen til Blak River (Svarteelvi). Dei foor paa Dampbaaten ”Stanley”. Sidan braut han upp sjølv med Slompen av Folki sine og dei Baatarne, han hadde. Det var den 1ste Mai. Men dei fleste Varurne laut han leggja att her i Leopoldville. Han trur no, han skal naa Arruevinni til 1ste Juni.

Der vil han laga til ei stor Legr. Men sjølv vil han med nokre av Folki sine fara lenger innigjenom og fylgja Arruevinni-elvi. Dei andre lyt bida paa Varurne fraa Leopoldville. Major Bartle skal venta paa Stanley i Balobo.

Tippo-Tip fylgjer Stanley og han skal draga fyre for aa godtala ved Arabaranne i Arruevinni. Der skal han skaffa 1000 nye Berarar au. Stanley trur, at han um 3 Maanar skal vera hjaa Emin Pascha; men sidan veit han ikkje, kva han gjer, segjer han. Men dei Kvende og Born, som no er hjaa Emin Pascha, dei vil han daa senda attende etter Kongsvegen”.

 

 


Frå Fedraheimen 16.07.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum