Til ein annan Gong.

 

 

Naar det er so turt, som det no hev voret, so høyrer du altid, at Folk er svært rædde for aa røra i Jordi, i Epleaakrarne og Hagarne, for at ho ikkje skal turka ut endaa fortare. Dette er reint galet; nettupp naar Jordi er paa og skal verta for turr, skal ein regtig jamt losa Skorpa. Istadenfor aa turka ut held Jordi seg daa meir sveig og raamski. Dette hev seg so: Naar Lufti er varm, inneheld ho mykje Vatn som Eim; naar ho vert avkjøld, slepp ho dette. (Dogg i Graset). Naar du losar og knys Skorpa, fær Lufti lett sleppa ned i Jordi og der lata etter seg Vatnet sitt. Prøve, so skal du sjaa, det er so. Attmed Vatnet inneheld Lufti ogso Planteføda (kolsur Ammoniak, Salpetersyre), som samstundes vert innsogi (absorherad) i Jordi, som soleis vert baade vatnad og gjødslad berre ved, at ein losar lite i ho.

 

 

S_ø.

 

 


Frå Fedraheimen 16.07.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum