Til Arne Garborg.

 

 

Aa lyfta høgt si Panna,

daa Pili mot ein flyg,

til Strid dei andre mana

og ikkje bøygja Rygg,

den Mann, som det kan gjera,

lyt vera hjartevarm,

han lyt ein Hovding vera

med Mot og Tru i Barm,

 

Du er ein av dei gilde,

ein Stormann slik som faae,

du kann ’kje standa stille,

du evig fram lyt gaa.

Du høgt kann Merkjet bera

og hugheilt stemna paa

og fyrste Mannen vera,

daa me skal ut og slaa,

  

Ja allerframst i Lina,

so motfull og so fri,

der støtt me kann deg finna,

daa me skal ut i Strid.

Ja du kann trufast strida,

og aldri vert du trøyt,

um du so au lyt lida

og ta imot kvar Støyt.

 

Du lyftar høgt upp Stongi

i Strid den heile Dag,

og vendast gjer kvar Gongi

mot deg dei tyngste Slag.

Fordi du vaagar strida

og tek dei tyngste tak,

so skal du no faa lida,

fordi du stend der rak.

 

- Me vil ein Takk deg gjeva

for alt, som me hev faatt,

me vonar, du maa liva

og gi’ oss meire godt,

gjev du maa kunne syna,

at du er like varm:

dei kann ’kje Tanken tyna,

um Mannen dei gjer arm.

 

 

Martin Torgerstuen.

 

 


Frå Fedraheimen 16.07.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum