Landbruksmødet i Trondheim.

 

(Del 1 av 2.)

(Brev fraa Ola Fet).

 

 

I.

 

Det er lettvint og endeframt aa koma til Trondheim no mot i gamle Dagar, Daa var det aa skrangla i ei Firehjulsvogn elder i det høgste i ei Stolkjerre; og under open Himmel var ein, anten det so rignad hell skein Sol. Rignad det, vart ein gjenomvaat og fraus mest Helsa av seg; var det Solsteik og turt, so gauv det slik, at Augo og Øyro mest botnad att paa ein.

 

Men no?

 

Ja no puslar ein inn i ei Jarnvegsvogn og lær aat baade Ver og Vind og fram kjem ein som Folk. 

 

Slik sat eg og samstelte Fyrrtidi med Notidi og var so fornøgd med meg sjølv og mi Tid, som eg kunne vera, so kom det inn ein fin Fant ved Bryn. Han klengde seg ned imillom meg og Sidekameraten min, so det vart i det trongste Laget. Men ikkje nok med det; han hadde med seg ei heil Byrd av Reisety au, som han plent vilde ha Rom til ved Sida av seg; men eg ruggad meg ikkje av Flekken, eg. So vart han sinnad og momlad noko um Naud paa Liberalitet. Slik vilde hanha Liberalismen lagad. Aa ja, me hev mange som er liberale paa den Maaten. –

 

Det var ein fælt fin Fant dette. Han hadde kvit Vest og kvit Slips, Hattask og Vaarfrakk; og Krage, som det skein lang Leid av.

 

Men du skulde sett han, daa me var framkomne. Han hadde setet og sveitat heile Vegen med fanget fullt av Stasen sin. Sveiten trillad nedyver Kjakarne hans, so han var grimutte som ei Høymeis, og Kragen han svar vaat som ei Vaskefille. Slik sat han eismal og tagall. – Nei, aa reisa paa den Maaten, det maa vera verre enn aa reisa den gamle Gjeitevegen au det.

 

Nei eg reiste laus og ledug, og so gav eg meg i Drøs med ein pratsam Kramkar, og Tidi flaug so fort, at eg ikkje visste Ordet av, fyrr me var framme.

 

Ja so var eg i Trondheim daa.

 

Det var Liv og Rørels’ her no, og alt hadde pyntat seg til Festen. – Ja so fær me ta ein Tur burtpaa.

 

Jordbruks-sjaaet.  Det er eit av dei største, som hev voret her i Landet; ja det skal vera jamgodt med det i Stockholm i fjor, segjer dei. Dei hev fenget Tomt paa Ekserpladsarne og det er romelegt og vent innreidad.

 

Sjaaet delas i 9 Stor-bolkar: Husdyr, Maskinar og Reidskap, Korn, Meieridraatt, Hagestell og Skogbruk, Vitenskapsraader, som kann hjelpa fram Jordbruket, heimgjord Arbeid, Biereidskap, Biedraatt og Fiskefangst.

 

Riksraad Arctander opnad Møtet med ei Tale.

 

Landet vaart er bergfullt og tungbrukt, sa han; me hev stutte Sumar og skvekklutte Vær, so det er ikkje noko lettvint Livebraud aa vera Jordbrukar her. – Norge var det einaste Landet som det vaks Korn i so langt nord som berre 100 Mil fraa Nordpolisen. Og Jordbruket var daa det, som dei fleste Menneskjur her i Landet livde av, og heile Aveln var verdt sine 200 Miljonar Kronur um Aaret.

 

Var det so, at det var ulendt og paa Visk og Vaage aa driva Jordbruk her i Landet, so laut Brukaren leggja attaat so mykje meire Sjølvarbeid, vera meire trælsam og uvann.

 

Vaart Land var eit Sjølveigarland; alle strævar for aa faa noko for seg sjølv. Difor vart Gardarne kløyvde og kløyvde og ikkje som i andre Land ihoplagde. Storslompen av Jordbruki her i Landet var Smaabruk paa 1 Hest og 4-5 Naut. Difor lyt kvar Brukar arbeida sjølv, og Garden kastar som tiaste ikkje meir av seg enn det, som Mann og Born burde ha for Arbeidet sitt. Og dette, at Bonden sjølv er med aa arbeidar, det gjer, at slike Landbruksmøter, som dette, er meir verdt og gagnar meir endefram enn i andre Land; for her kjem praktiske Folk, som lærar fraa seg og dei som lærar hev Greida paa aa ta til seg, det dei treng. Difor skal me gleda oss yver at desse Landbruksmøti hev so god Framgang, som dei hev havt. So talad han um, at Kongen og Kronprinsen hadde mykje tilovers for dette Møtet, og at ”Selskabet for Norges Vel” hadde hjelpt til med Tilstellingi, og at Trondheims Styresmenn hadde voret reint umfram snilde og hjelpsame, - og so vonad han at dette Møtet vilde koma til aa spreda Kunnskap  og Ettertak  utyver heile Landet.

 

Sidan vart det Ordskifte um Landbruksskularne.

 

No vil eg gaa like lusk paa Fyrstepremiarne.

  

Kongens  Gullmedalje  fekk: For Maskinar og Reidskap: Frognerkilens Fabrikk For Korn o. s. b.: Det kongelege danske Landhusholdningsselskap. For Meieridraatt: Hedemarkens Amts Landhusholdningsselskap. For heimegjord Arbeid: Den kvindelege Industriskule i Kristiania.

 

Landbruksmøtets  Gullmedalje  fekk: S. H. Lundh & Co. Kr.a for Maskinar. Sydsvenska Föreningen för Odling och Förädling af Utsäde og Markfrøkontoret i Kjøbenhavn. Aas høgre Landbruksskule for ein Bøling Ayrshirekyr.

 

Landbruksmøtets vesle Gullmedalje  fekk: Strømmens Værkstad for ein Separator, Heyerdahl & Co. for det same, men innførde, Hedemarkens Amts Landhusholdningsselskap, Styrar Fr. Cederberg, Engebrektson Hallberg, Ørebro.

 

Selskapet for Norges Vels Belønninger fekk: Brede Svenneby, Soløyr, 1 Krus, som var verdt 200 Kr. for Kyr. Ole Richter, Stjørdalen, 1 Krus, som var verdt 100 Kr., for ein Bøling Cheviotsauer. Sørumsborkens Interessentskab, Gran, Hadeland, 1 Krus, som var verdt 200 Kr. for den likaste Folen.

 

Wedel-Jarlsbergs Premi  fekk Lundh & Co. Kristiania.

 

Desse Premiarne flidde Kongen ut sjølv, og sidan gjekk han rundt og saag paa dei ymse Ting og vilde ha fælt god Greida paa alt. Kronprinsen var au med, og han prøvde ein Mjølkeskummingsmaskin og totte det var fælt so morosamt. Han og Kona hans skal ta seg ein Tripp til Nordkap; men Kongen skal reisa like heimatt.

 

(Meir.)

 


Frå Fedraheimen 16.07.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum