Kristiania, den 15de Juli. Det gamle og det nye Høgre.

   

 

Det er meiningslaust aa nemna ”Oftedølerne” med Vinstrenamn. Dei er nye Høgreavleggarar, som hev skotet upp av den gamle Høgre-roti.

 

Og det nye Høgre hev ervd det gamle Høgres Lyter og Sermerkjer. Ja det vil segja Ervingarne hev litt raudare Blod og er ikkje fullt so støle og stive som Gamlekararne, og ikkje sett dei seg paa Bakbeini for alle mogelege Framsteg hell; men Høgre-to er det i dei, og Arti bryt ut, naar ein minst skulde tru det. Det er dei gamle Stridbokkar og dei gamle Bakstrævarar i ”ny omarbeidet Udgave”.

 

- Dei gamle Høgrekultarne tok Kristendomen til Hjelp, naar dei vilde tyna ein, som hadde ei onnor Meining enn dei. – Unggutane gjer det same.

- Det gamle Høgre snudde Augo sine mot Trona. – Det nye nistirar og bukkar og skrapar mot Ministarkrakken.

- Dei gamle fylgde den kongelege Bjøllekui. – Dei nye tuslar etter den ministerielle.

- Dei gamle svalt ut Motmennerne sine. – Naar dei nye ikkje veit noko anna raad aa koma dei tillivs med, so gjerde i det same.

- Dei gamle leitad ut dei beste Matbitarne til sjølve seg og sine; dei nye gjer plent det same.

- Dei gamle trugad  med skarpladde Kanonar, Statskup og anna Styggedom, dersom dei ikkje fek sitja i Fred og gjera so mykje galet dei vilde. – Dei nye trugar  au, men med aa gaa sin Kos, alle i hop.

 

Er det ikkje same Ulli?

 

Det er dei gamle, inngrodde Meiningar um Styringi; dei muggne, eldgamle Tankar um si eigi Dugleik. Det skal vera berre dei, som kann styra; og dei som skal styrast, dei skal berre vera nokre viljelause Krek, som berre skal gaa etter aa segja jaso. - 


Nei, naar berre det norske Folket fær sjaa kva Leid dette ber, so er det vortet sopass øvd med aa handsama Bakstrævarar og sjølvgode Styrarar no, at me tarv ikkje vera rædde for desse veslevaksne Høgregutarne.

 

Men burt med alt Brorskap i Kortspell. Dei er Høgrefolk og me er Vinstre, og lat oss so aldri gløyma Ættskapen millom dei gamle  og dei nye. Det er tvo Alner av eit Slag.

 

 


Frå Fedraheimen 16.07.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum