Jon Mager.

 

Du skal ha Takk for Rettleidingi, Jon. Eg er glad, for at Folk ikkje hev faret reint yver Stykkjet mitt um Bie-avl. Men det er so trongt um Rom i Fedrah., og eg laut vera so stutt, som eg kunne.

 

Eg skal no freista aa faa med meg noko av det, du vilde ha Greide paa.

  

Ja Boki, den fær du no i kvar Bokbod her i Kristiania, og eg vonar, at dei større Bokhandlaranne i dei andre Byar au hev ho. So vilde du ha Greide paa, kva Bate det var ved aa melda seg inn i Bie-foreiningi. Ja fyrst og framst fær du daa Bie-bladet fritt; og det er fælt godt styrt det Bladet, det er reint makalaust godt.

 

Krokvegs gagnar du daa Saki, for det Biforeiningen fær tilovers, det kauper dei Bie-kubbar for og laaner ut til Fatikfolk; og det skal eg tru hev mykje aa segja.

 

So var det, kor mykje du kunne tena paa ein Kubbe. Ja, det er no fraa og til det, etter Aargangen. Men ein 5-6 Kronur kann du nok vera stød paa, naar du steller væl med Bia.

Hjaa han Ivar Young fær du greide Prisen baade paa Reiskap og Bier, elles er det fleire au, som hev Bier aa selgja.

 

Dersom eg trudde eg fekk Lov, so skulde eg etter Bie-bladet fortelja: kor ein kann halda Bier, og kven det er som kann halda dei.

 

1. Bier kann ein no ha alle Stader, der det finst ein liten Hageflekk, og der det er Aaker og Eng elder Lyng-heier i Nærleiken. I Apal- og Kirseberhagar og i Kløvereng likar Bia seg best.

2. Kubbarne lyt ein setja paa ein Stad tett attmed Huset, der det er longt og Vinden ikkje blaaser for hart. Er det so nokre Tre framfyre, so Soli ikkje steikar altfor hart, so er det bra.

3. Dei aller fleste Menneskje, baade Mannfolk og Kvinnfolk, kann stella med Bia, berre dei aarkar løfta 20 Kilo, kann gaa for seg sjølv og ser sopas, at dei kann sjaa Buegget paa Cellebotn.

4. Vil ein halda Bier for berre Moro Skuld, so er det nok aa ha tvo Kubbar, men vil ein tena Pening paa dei, so fær ein ha ein 15-20 Kubbar.

5. Det er noko som segjer seg sjølv, at det er Stader, der Bia ikkje kann halda ut. T. D. paa vind-harde Høgder og like attmed Elvebrauti elder Sjøstrandi, for der vert ho i Vatnet. – Dette fær vera nok, og so fær du leva væl og ha god framgang med Bie-avlen din, naar du no legg i Vegen.

 

 

Ola Fet.

 

 


Frå Fedraheimen 16.07.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum