Hemn.

 

Politikken vaar er simpel og raa.

  

Han er fyrst og fremst ein Matpolitikk.

  

Er det ein, som Fleirtalet likar, so veit dei ikkje anna godt, berre segjer: kjære, lat han faa koma innaat og faa seg litt Mat.

   

Er det ein, som dei ikkje likar, so lydest det: lat oss taka Maten ifraa’n, lat os svelta’n ut.

  

Naar det er ein, som held seg Godven med Fleirtalet og veit og smeikja for det, daa er det det same, korleis han steller seg, han kjem aldri paa berr Bakke, men fær Mat og meir Mat i det endelause; sjaa no ein slik Mann som Albert Jacobsen, det er ein som hev Havavitet i Matvegen det. Han som er ein av dei klenaste Tingmenner me hev, med di ein aldri veit kva politisk Stelling han kann raaka til aa hava, han fær den eine gode Posten etter den andre, full Kapteinsløn forutan Arbeid, Stortingsmann, Komissjonsmedlem, Statsrevisor og det skulde ikkje undra oss, um han fekk endaa meir, t. D. um dei gav honom dei innsparde Diktarlønerne, so kunne han fara kringum paa Folkemøte Landet rundt og dikta og tala so mykje han vilde og leiga nokon til aa sitja i Statsrevisjonen, so ikkje Folk turfte segja, at Statsrevisorkantoret hans som oftast stend tomt. Men so veit ogso Jacobsen, at den som skal faa god Mat no um Dagen, han maa ikkje lata eit halvt Ord um nokon Sverdrup, men ”undskylde og tage alt i beste Mening”.

 

Det hev ikkje Arne Garborg hugsat paa. Han hev voret styven han og tenkt som so, at naar ein passar paa og gjer det ein skal i Statsrevisjonen, so er det fritt for alle aa hava sine Meiningar, ja aa skriva dei upp og senda dei inn i Bladi jamvæl, sjølv um det galdt han Jakob med.

 

Og Jakobitarne i Tinget er det Slag Folk, som finn, at det er lite verdt aa hava slike Folk i Statsrevisjonen, som kunne falla paa aa vilja kritisera ein Statsraad (sjølv ein Jakob kunne det finnast Lyte paa daa; sjaa no det, at han hadde gjevet Syster si Matpengar av offentlege Midlar framum andre; naar det daa er leide Statsrevisorar, bryr dei seg ikkje det Grand um aa dylja burt slikt). Det er ikkje no som i gamle dagar, for daa galt det berre um aa leita upp slike inn i Statsrevisjonen, som hadde Mot og Dugleik til aa fara Regjeringi etter i Saumarne, men no vil dei ikkje lenger hava Pennar med Sandhus i Statsrevisjonen. Den som brukar upp mest Sand og minst Blek vert nok heretter haldet for den beste Statsrevisor. Gjeve daa, at den nye Statsrevisor maa læra aa straa Sandet skilleg fint ut yver alle Regjeringshandlingar og bruka Pennen med Maate, so kann han vera stød paa aa hava god Mat til sin Døydedag, soframt elles han Jakob daa fær sitja i Fred paa Krakken sin so lenge.

 

Tenk det er nokre, som skuldar Garborg for, at han hev klen Tru til Bonden. Aa nei, me skulde meina, at det visar so stor ei Tru, som snaudt finst Maken aat i dette Landet, at han hev tenkt at det gjekk an aa vera Statsrevisor utan aa dyrka Bonden og Jakob Sverdrup. Men no hev han daa vortet skjemd i den Trui, og det vilde ikkje undra oss, um han heretter kom til aa tenkja ein Mun mindre høgt baade um Bønderne og Politikken i det heile her i Norig. Sume vil væl tykkja, at Høgre foor underleg aat, daa dei var med paa denne Avsetjingi, daa dei kunne vera godt tente med, at Statsrevisjonen hadde nokon, som ikkje vilde spara denne Regjeringi, som dei hatar. Men sume minnest for væl all den Skaden, som Garborg gjorde Stang og Selmerstyret, og sume er for harme yver, at den skal hava Mat til kvart Maal, som hev skrivet ei slik Bok som ”Mannfolk” og gjort so syndleg Narr av heile Kristianiadaningi. Endaa kann det væl hava voret nokte so fyrevise, at dei skynar, ein vert ikkje mildare i Hugen, naar Maten vert teken ifraa ein. Dei hev tydeleg tenkt paa det sume, at dei vilde faa ein Hjelpar i aa avklæda Sverdruparne, naar dei tok Garborg ut av Statsrevisjonen, so han fær betre Tid og Høve til aa tenkja yver eit og anna og kvessa sine Pennar.

  

Um so var, vilde ikkje me undrast, me vilde i alle fald ynskja, at alle Jakobitar kom til aa røyna, at slik Hemn ikkje allstøtt er so fullsøt endaa.

 

Aa so denne fæle Maaten aa tyna Folk paa, hu han er norsk han. I fjor var det Tale um aa straffa Garborg med Utstøyting lenge fyrr Valet var, men brae Folk fekk stevla det av. Men iaar ikkje noko Snakk, stilt og løynt gjekk alt til det siste, og so eit Braakast fram og kverka’n. Slikt kallar me for Kattegjerd og held det for usømelegt og stygt; men slikt er det som Oftedølerne kallar for norsk Politikk. Med slike Revakunster er det dei vil vinna.

  

Me vilde ynskja, at Folket vaart ved næste Val vil gjera væl att i det, som her er gjort galet, nemleg ved aa velja slike Menner inn i Tinget som dei hev Lovnad av, at dei vil gjeva Diktarløn aat den einaste norske  Diktaren vaar no, som Soga vil minnast.

 

Til dess fær me ikkje harmast, um Garborg ogso lyt tenkja paa Maten og tena den i det Maalføre, som gjev mest av seg.

 

 


Frå Fedraheimen 16.07.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum