Ein Tingar skriv:

 

 

No hev eg haldet Fedraheimen  i væl eit Aar; no vil eg fortelja deg, koss eg likar deg.

 

I Fyrstningi gjekk det fælt so traatt med Lesingi: Eg stavad meg fram som eit Baan; men ho var morosam den Stavingi, for rett som det var, so fann eg ein gamal Kjenning paa mitt eiget Maal; det var ikkje slik som aa stava og leggja ihop Dansk, for det hjelpte ikkje alt det eg pelad med det, eg skynad det ikkje fullt ut.

 

Men so er det ikkje med Landsmaalet; dei kann se ukjende ut mange Ord og Venningar; men naar berre Augat vert vann med dei, so er det mine eigne Ord i Helgepuss. Lenge laag eg no aa droges med alle yverlause Endingar og slik Stas; men dei vart eg snart leid. Eg tykkjer no me kunne vera forutan mange av dei au eg; men det er vel ikkje bra og vøla for mykje enno kanskje. No hev eg daa teket mitt eiget Bygdemaal til Underlag, og eg er vortet reint forundrad, kor endeframt og lettbrukt Landsmaalet er.

 

So fær du liva væl og ha god Framgang.

 

 


Frå Fedraheimen 16.07.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum