Brunen.

 

(Av J. E. Maakestad).

 

 

I samfulle fem og tjuge Aar hev Brunen slitet og slæpt aat Eigaren sin, den hardlynte, buldrande Einar, som gjeng og illskar seg upp og er bysten støtt.

 

Til Løn for strævet, for alt sitt Arbeid, hev Brunen jamt fenget Pryl og vonde Ord. Jau og so Maten. Mat hev han fenget, men stundom for lite. Og ofte hev Høyet voret utskjemt. Naar Kyrne ikkje hev viljat ha det, hev Einar bylmat og brumlat eingrand og so teket og kastat det framfyre Brunen, som hev lotet ta’ det, vist han ikkje helder vilde svelta.

 

Burte i den bratte steinutte Fillevegen gjeng Brunen og balar alt det han vinn med eit tungt Bordlass, som skal upp fraa Sjøen, upp til Garden hans Einar.

 

Han Einar sjølv gjeng ved Sida av Brunen og mylar. Han er klædd i ein raud Vampe, ei gamal Skinnbrok, som rekk ned til Knei paa han. Og so hev han kvite Sokkar og Svartesko. Med den eine Haandi styrer han Taumen. I den andre held han ei grann Piske, ei mjuk ei, som han hev stolet seg til aa skjera ut or ei Bjørk tett ved. Med sure Miner og beisk i Mælet gaular og gneldrar han alt som tidast.

 

Brunen! – aa gaa no daa, Brunen”.

 

Som han segjer dette brukar han Svipa retteleg kjapt. Svupp, svupp! Han let henne dansa laust paa den leitte Hesten, som kvepp upp og bivrar for kvart det Slaget, han fær. Svupp, svupp! ylar det fort vekk, og Brunen kjenner, det svider i Skinnet.

 

Brunen lyt freista gaa. Han ruggar paa seg som for aa leda seg til – og rigar til ”ara’kor” Sida. So tek han i, legg seg i Selen, dreg Lasset eit heilt Stykkje; han torer ikkje kvila endaa, Beini er stivnad, Kroppen er tung, Lemerne er leitte – og Sveitten silar og renn.

 

Berre han snur litegrand paa Hovudet og glytte attende, so møter han denne sinte Mannen med dei kaldslege Augo og ser den granne Svipa, som stødt vert svirrad i Tunn i Lufti. Daa kjenner Brunen noko kylslegt noko, kvekk og vert rædd, som han hadde brent seg. Han andar tungt. Augo er vaate og lidande. Det er den tagalle Sorg og Kvide, som lyser utor dei. Brunen hev gjevet seg heilt under den tunge Lagnaden sin, all Kjæte og Trass er piskad og trysjad utor han. Det er berre Saarleik og Rædsle og Trælehug, som sit att i han no...

  

Aa gaa no daa, Brunen!”

 

Ja, han balar, han – og Sveitten renn. Væta tyt utor Kroppen alle stader og tippar litt etter litt nedetter Føterne og nedyver Hovudet paa han, stoggar litegrand ved Kvarmarne, men fyller so Augo. Deitek til aa dimmast og svida. Brunen vert mest blind. Han stoggar eingrand og ristar paa Hovudet, han ser so lite, at han snaudt kann gaa.

 

Brunen! – aa gaa no daa, Brunen!”

  

Svupp, svupp! – Svipa leikar i Lufti og snerter Brunen ender og Gong. Ho raamar nett der Mannen tenkjer det kjennestmest.

 

Han Einar bannar ein stygg Eid og jagar paa. Han rykkjer i Taumen, slit i, so Brunen vert saar og truten i Mulen. Han lyt draga Lasset vidare. Tilslutt gjeng han og dreg i Ørska.

 

 


Frå Fedraheimen 16.07.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum