Amtstinget i Telefylkjet og Skularne.

 

 

Amtstinget i Telefylkjet hev teket den Avgjerdi, at Amtsskularne skal leggjast ned og at Folkehøgskulen hans Ullmann ikkje skal faa den Pengehjelpi av Amtet, som han hev havt fyrr. 17 Ordførarar var med paa Vedtaket, 8 imot.

 

Fleirtalet i Skulenemndi var einige um, at korkje Amtsskulen elder Folkehøgskulen ”bibringer den opvoksende Ungdom saa gode Kundskaber eller bidrager saa meget til at fremme almindelig og ned i Folkedybet gaaende Oplysning, at fuld Valuta erholdes for de betydelige Beløb, der aarlig anvendes til disse Skoler”.

 

Dei trur, at ”den almindelige Oplysning inden Amtet ikke vil faa nogen mærkbar Stagnation, om de heromhandlede Undervisningsanstalter nedlægges, og selv om det almindelige Skolevæsens mulige Omordning maatte komme til at udstaa 2 eller 3 Aar. I de nu bestaaende Aften- eller Dagskoler tror man desuden, at Herrederne vil faa Skoler saavidt fuldkomne, at de midlertidig kan afhjælpe den almindelige Oplysningstrang og for at gjøre disse Skoler mer fuldkomne, vil man - - foreslaa bevilget 700 Kr. mer end det sædvanlige. Disse Skoler tror man har langt større Betingelser for at komme alle – selv den ubemidlede Klasse – til gode end Amts- og Folkehøiskolerne, og for Folk, der har Midler og ønsker en videre Uddannelse, staar Adgangen aaben til at benytte Hvideseids Seminarium”.

 

Christiansen, Sandland, Nestestog, Sauer og Cappelen var dette Fleirtalet. N. Brødsjø skreiv Innstelling for seg sjølv og trudde, at ”kanske faa af Amtskassens Udgifter i Længden bringer et bedre Udbytte, end hva der udgives for at skaffe en bedre Folkeoplysning Indpas”; han vilde difor, at dei same Pengemidlar skulde latast til iaar som i fjor.

 

For Innstellingi talad iser Sandland og J. Telnes. 


Det som det galt mest um for dei, er det likt til, var aa faa tyna Folkehøgskulen.

 

Sandland trudde ikkje det var ”demokratisk” aa gjera mindre for dei fatike enn for dei rike, og slike Skular var berre til Bate for Vælstandsfolk. Naar ein negtad Pengar aat dei, vilde ein ikkje faa ”Stagnasjon”, men Upplysning. Ein fekk helder sjaa til aa gjera Folkeskulen betre, for alle Lærarar var daa væl helder ikkje Sjusovarar i gamle Telafylkja.

 

Den som hadde mest imot Folkehøgskulen var likevæl Jørund Telnes, Ordføraren i Seljor.

 

Etter som Varden  fortel var hans ”Standpunkt ligeoverfor Ullmanns Folkehøiskole iaar end mer udpræget end i fjor. Thi det stod klart for Tal., at den ikke tilfredsstiller Folkets Trang efter Kundskab paa den rette Maade. Man siger, at der vil indtræde Stagnasjon i Folkeoplysningsarbeidet, - men lad hellere denne komme, end at Folket gjennem Folekhøiskolen skal blive uskikkede til det virkelige Liv; - thi gammel Bondeerfaring viser, at saa er Tilfældet. Det har vist sig, at mange, som har søgt Skolen, er bleven misfornøiet med Hjemmet og dets Kaar, men det er vel ikke heldig. Grunden var, at saadanne Skoler ikke tilfredsstiller Bondens Trang til Oplysning. Bondeungdommen lærer der formeget. Oplysningen maa blive mer nasjonal og overensstemmende med Folkets eget nasjonale Liv. Teori herskede formeget i Skolerne. Hvis Bonden selv fik stelle med sine Skoler, var Tal. sikker paa, at Kurserne ikke vilde blive saa langvarige og følgelig heller ikke trække Ungdommen saameget bort fra det kropslige Arbeide. Den aandelige og legemlige Beskjæftigelse kunde da mer gaa Haand i Haand”.

 

Større Vas skal ein snaudt sjaa. Og det av ein Mann som Jørund Telnes; han som var ein av dei fyrste og dei idugste til aa arbeida for, at Telemarki skulde faa seg ein Høgskule. Han som lyste so store Ord ut um Folkehøgskulen, at han sagde som so, at me snaudt hadde havt 9de Juni, hadde ikkje Høgskulen voret. Han som hev skrivet og sunget so mykje vænt um, at no maa Folket vakna og ikkje lenger liggja og grava i Moldi – han er no den, som sjølv talar som den verste ”Muldets Træl”; han er det no, som vil tyna ”Ljoset” og ”Vermden” og dytta att Gluggarne, der Straalar fraa Utheimen kunne glytta inn i dei djupe Fjellholurne i Telemork. No klagar han paa, at Ungdomen lærer for mykje og vert for kloke, og Skulevegen maa difor stengjast, paa det at dei ikkje skal faa for stor ein Hug til aa fylgja med det nye.

Det maa vera vondt for ein Mann aa ljota avheidra seg sjølv og det, ein hev gjevet baade Elsk og Arbeid, paa ein sovoren Maate. Eg tykkjer Synd i Telnes, at han skal vera komen so burti det; han var baade for god og for snild ein Kar, til at slikt skulde hendast honom.

 

Mothugen hans imot Høgskulen hev aukat iaar, segjer han. I Vinter var eg i Staden hans Ullmann her paa Skulen og difor kunne eg hava Hug til aa røda litevetta med han um dette.

 

Ein skulde no tru, at han kjende noko væl til, korleis me dreiv Skulen daa, sidan han segjer slikt. Men det eg minnest, trur eg snaudt, at han høyrde paa eit einaste Skulefyredrag. Han sveiv her væl stundom, men tottest aldri hava Stunder til aa setja seg inn i korleis me tok det.

 

Me vilde hava’n til aa vera med paa eit Samtalemøte eingong og talast ved um korleis Folkehøgskulen helst skulde takast. Men han vilde paa ingen Maate hava det Emnet til Forhandling, og for hans Skuld laut me difor taka noko anna. So det saag ikkje ut til, at den Saki laag honom so aalvorleg paa Hjartat. Men likevæl fer han og læt so fælt kjenslegt um Skulen i Amtstinget.

  

So du totte, at Skulen ikkje var nasjonal nok her i Vinter du. Eg veit nok, at du hev dine eigne Tankar um kva som er nasjonalt; men eg tenkte daa sanneleg, at naar eg gjekk med Raudluve, Rundtrøye og Sylvknappar og heimegjorde Tresko, so maatte eg heiltupp vinna Pris av deg, som set det nasjonale mest i slikt noko, er det likt til. Og eg som baade talar og skriv berre Norsk og lærer andre til det same. Kvarhelst i heile Verdi meiner du aa finna meir nasjonale Karar til Lærarar daa enn Botnen og Sundby og han Per Bror og eg? Seg fram um du veit.

 

So du totte, at me for fram, som um me vanvyrde Arbeidet med Kroppen elder lærde andre til det? Eg tenkte helder, at du kunne ha fenget høyrt ein Snev um, at me vilde ha meir av Arbeid, ja med Kroppen og, inn paa Skulen.

 

Ein Ting kann du hava Rett i, det at me ikkje var rædde for at Ungdomen ”skulde blive misfornøiet med Hjemmet og dets Kaar”, der som Heimen var full av Synd og Skam, klent Stell og daarleg Tenkjemaate. Men um du vilde, kunne du og ha fenget høyrt, at me sanneleg mannad til aa reisa det som velt er.

 

Jaso daa Telnes, so du meiner det, at fem Maanar skal vera for lang Skuletid for ein Bonde. Du set ikkje Bonden høgt elder trur han til mykje daa.

 

Koss tru du vilde hava ein Ungdomsskule lagad daa, det skulde vera løglegt aa vita, soframt du daa vil ha nokon slik Skule, elder kanskje du trur, at dei lærer nok, medan dei gjeng og glaaper nedi Moldi og gjer som han Far hev gjort?

 

Etter dette Vedtaket kann ikkje Høgskulen i Telemork faa nokor Statshjelp elder gjeva Stipendier helder. Og Høgre er so glade, fordi det no daa vert Slutt med den Skulen.

 

Likesom um Ullmann vilde slutta for det. Daa kjenner dei ikkje Karen rett.

 

Elles i det heile maa ein segja, at det var rett gjort, at Amtstinget gjorde dette her. For no er det fullfri Tevling millom Amts- og Folkehøgskulen, og daa er det væl visst, at Amtsskulen ryk. Det vert berre litt leidt fyrste Aaret for Folkehøgskulen, fyrr ein fær det greidt so, at det vert gjevet Stipendier aat den som vil reisa aat kva Skule han vil helst sjølv. Og naar det kjem i Orden, kann det nok henda, at det som kanskje var tenkt til Mein, kann verta til Vælsigning likevæl, ja meir enn den kunne tru, som arbeide for det.

 

 

Seljor 9-7-87.

 

Ivar Mortenson.

 

 


Frå Fedraheimen 16.07.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum