[Ymist.] Ein ”Stortiggar”.

 

 

Karl den 15de var ein snodig Skrue. Han fann paa mangt og mykje han, naar han berre fekk det Lonet. Eingong fekk han Hug til aa sjaa korleis Tiggaranne hadde det, og so klædde han seg ut som Tiggar; tok Posen paa Ryggen og strauk tilvegs paa Tigging. Han gjekk gardimillom og tagg etter baade det eine og det andre; sume Stader fekk han baade Sugl og Mjøl au; men som tiaste vart det berre Vondordi. ”Det var daa ikkje Meining at ein slik stor og grov Kar skulde gaa aa tigga”. Daa det leid burtimot Kveldstid tok han til aa beda etter Husrom til Natti; men det gjekk traatt, for det var reint for tidleg paa Kvelden. Klokka vart 8-9 fyrr han fekk Hus. Det var paa ein litenvoren Gard. Kjeringi stod og kokad Kveldsmaten.

Han bad daa so vent um han kunde faa Hus; han laag meir enn gjerne paa Golvet burtmed Murhella.

 

Nei paa Golvet, du kom til aa frjosa reint ihel daa far, for Vatsbytti frys her um Notti i dette gisstne Kjøkkenet, men eg veit nok ikkje um eg vil ha deg uppi dei reine Sengeklædi mine; ja du fær ta til Takke med Skoltesengi derburte daa. Du er vel svolten au daa? du fær tokka deg hitaat Bordet aa faa deg litt Villing”.

 

Kongen aat og la seg og sov heilt til Kjeringi kom aa ruskad i han um Morgonen, og spurde han um det var noko Meining aa liggja slik aa draga seg.

 

Han upp; men no var han leid Tiggingi. So gjekk han ned i Stalden til Mannen i Huset, og spurde han um han ikkje vilde skjussa seg at Byen for gode Ord og Betaling.

 

Bonden saag paa han, og trudde han var reint faamutte.

 

Aa nei, det vil eg nok ikkje du; det vart vel ei snau Betaling eg fekk av deg, veit eg”, og so tok han til aa skrapa Hesten sin att.

 

Kongen reiv seg i Hovudet og grunnad seg svart paa korleis han skulde koma aat Byen igjen.

 

Men daa fekk Bonden sjaa noko som glimad uppmed Trøyeermen hans, og daa drog det etter med han, at det nok ikkje var nokon aalmen Tiggar dette, og so baud han seg til aa skjussa likevæl.

  

Daa dei kom inn til Byen, bad Kongen at han skulde køyra like fram til Slottet. ”Meiner du me torer det daa”, sa Bonden.

  

Aa ja me fær freista”, meinte Kongen. Dei køyrde like fram til Slotsdøri, og ingen ansad dei eit Grand. ”No fær du venta litt her du”, sa Kongen, ”eg skal straks koma att”.

 

Um ei Rid kom det ein fælande fin Fant og bokkad for Bonden og bad at han skulde koma inn. Ja Bonden grunnad nok paa dette; men so turkad han av Beini sine litt og strauk med. Der traff han Tiggaren sin i Kongeklæder, og Bonden stirrad paa han slik, at Kongen log, so han stod mest tvikrokutte.

 

No laut Bonden ha Mat; han vart bjodet tilbords ved Sida av Kongen sjølv, og paa Bordet var det so mykje gilt at han ikkje visste, kva som var etande og kva det var som var berre Stasen.

 

Daa han drog heim fekk han med seg eit Kræmarhus fullt av Gullpening.

 

Det skal ho Mor ha for god Husberging”, sa Kongen.

 

 


Frå Fedraheimen 16.07.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum