Ymist.

 

 

Til ny Styrar  i Dagbladet  vart valt Professor J. E. Sars og til Varamenner Kaupm. Dobloug og Arbeidsstyrar Nysom. Alle desse er Vinstremenner fullt ut.

 

Fritenkjaren  Ingersoll  som hev skrevet Boki ”Tænk selv” (innførd hjaa oss av Bjørnson) hev no sagt: ”eg hev stridt lenge nok imot Gud, eg gjev upp Striden imot Gud”. 

 

Statsraad Astrup  er sett i Inntekt for kr. 250,000 og Eigedomen hans er sett til Kr. 6,000,000, han er rikaste Mannen i Kristiania. Th. J. Heftye & Søn eig 3,000,000; Eger & Co. 4,000,000; T. Meyer 4,000,000; N. A. Andresen & Co. 2,600,000; Westy’s Egeberg 3,420,000.

 

Nei, ogso Høgre, som skulde verta sparsameleg paa sine gamle Dagar daa! Ja eg tenkjer daa paa desse Listurne mot Jury, som no fær og rakle gardmillom. Det var rart, at dei skulde verta so sparsameleg, men endaa rarare er det, at det skal bera galt iveg, naar Høgre skal prøva aa gaa same Vegen som Vinstre. Høgre fær i Tankarne aat Vinstre paalag, som naar ein skal leida Katta og fær i Rompa. Det skal vera ein Sakførar – og han hev vel Aanden fraa Drammen – som hev funnet ut, at det skal kosta 800,000 Kr. Aaret aa faa Jury i Norge. Det er no umlag 40 Aar, sidan Jurysaken vart teket upp til Forhandling i Stortinget, men endaa hev ingen sett so høg Pris paa han fyrr. 

 

Pus er glad i Fisk, fær me mykje Fisk, vert det nok ein Spol paa Pus og. Jury og 800 Tusen – Sakførar mnam nam! Er Katta leid paa Dampskipi, fordi dei jagar Fisken ut av Fjordarne.

 

Vinstre hev daa balat med og lest voret sparsamelegt det og, undarlegt at Høgre paa den Kanten skulde falla paa liksom aa verta Læremeistar. Undarlegt var det og, at nettupp denne Saki skulde gjeva Høgre ein Styng, so det vart so sparsamelegt.

 

Um eg ikkje tek imist, so er det ein gamall Statsraad, som no snart hev voret Pensionist i 25 Aar, han fekk den i 1862; Pensjonen for avgjengne Statsraadar er 6000 Kr. Det vert daa vel eit fælt Skrik fraa Høgre um ”Sløseri”, naar ein slik skal halda 25aars Jubilæum. Skal kanskje dei, som hev havt Pensjon solenge, hava Alderstillegg. Du kann rekna ut, kor mykje han hev fenget, men det er fleire enn han!

 

Enn Amtmennerne daa; han her i Amtet hev 9000 Kr. og ein bra Gard attaat. Tilsaman kostar dei yver 200,000 Kr. So er det Skrivarar og Futar, dei hev ein 4 a 7000 Kr. Aaret. Vil Høgre knipa av noko her? Enn Styret for Aalmenningarne, det kostar 200,000 Kr. Aaret; det vil vel Høgre stryka reint. No er det no ikkje berre desse Løningar; skal dei ut av Hiet eingong, so skal dei hava Skyds og Matpengar (Diæt); men Skydspengarne hev eit undarlegt Lag til aa retta seg etter Løni. Det same gjør Pensjonarne og. Det er hyggjelegt aa vita, at me hev so mange gullsnorad Menn her i dette fatike Landet, og det Folk, som ikkje lider noko Naud. Kjem Høgre med Listur for aa spara her, so vaagar eg dei fær Folk med seg likevæl. Det vert snakkat um Løningarne aat Stortingsmennerne, men dei vilde daa, um dei var saman heile Aaret, ikkje naa høgare enn umlag 4000 Kr. Ikkje for det, naar Høgre hev knipet av, so kann dei ganga vidare og taka Løni aat Tingmennerne med. Det er mange, som liver bra her i Landet, um dei ikkje hev Halvparten somykje. Høgre kann hjelpa oss aa spara, um det no ikkje skal vera paa Jury. Men kvifor vil Høgre endeleg hava, at Jury skal kosta so mykje som 800,000 Kr., naar Vinstre paastend, at han i kvart Fall ikkje kjem vyer 400,000 Kr. Ja, ja, det er daa godt, at Høgre hev vortet sparsamelegt, men rart var det. s. i Nordfj. Tid.

 

I Sverike sigrar Frihandelsfolket mest alle Stadar. I Stockholm vann dei med Glans. Det vert altso ikkje noko av det med Toll der. 


I Danmark  tek det til aa besna no. Berg hev gjenget av som Formann i Stortinget og Høgsbro kom istaden hans. Den namngjetne Loven, som forbaud Folk aa kaupa Vaapen og likeins aa øva seg i aa bruka dei – Riffelloven, dei kallad – hev no Styringi teket attende. Striden millom Høgre og Vinstre vert ikkje mindre hard etterdags; men han kjem til aa verta ført paa eit betre Grunnlag. Det fyrre Grunnlaget for Vinstre – ingi Dryfting med det estrupske Styre; men berre Strid, hev det no gjevet upp.

 

Nordenskiøld, den namngjetne svenske Ferdamannen, skal no ut paa Reis til Sudpolen.

 

I Belgia  hev Sosialistarne lenge voret eit stort og megtugt Parti. No hev det skilt seg ut i tvo Flokkar. Den eine held paa og vil arbeida som fyrr for aalmenn Røysterett o. s. fr. Den andre vil arbeida for Umstøyt. Det er serleg Kolgrubearbeidaranne i Sudbelgia, som gjeng med den siste Flokken. Dei hev det no so illt og vondt og i alle Maatar, at ein ikkje kann undrast somykje paa det.

 

Eit tysk Blad skriv, at det er Rusland, som er Skuld i at Tyskland og Austrike hev maatt lagt ut so mykje til Herstellet no paa det siste.

Solenge Trikeisarsamlaget stod paa, var Forholdet onnorleis; difor arbeider Bismarck alt, han kann for aa faa Liv i dette att. Men Rusland vil ikkje vita noko av det.

  

Eit nytt Sprengstoff, 10 Gong sterkare enn Melanit, er uppfunnet av ein Prest i Amerika. Frankrike hev fenget Tak i det, og Presten hev vortet Løytnant i den franske Heri.

 

I England vert det no haldet det eine Møte etter det andre um det irske Spursmaalet, og det ser ut for, at Styringi kjem til aa liggja styggt under. Iallfall er Folk yveralt med paa Sjølvstyreloven for Irland.

3dje Gongen hev det no vortet freistat aa tyna Russakeisaren. Det gjekk ikkje denne Gongen held. Buplassen aat Keisaren ser meir ut som ein Festning enn som eit Slot og korkje han elder Keisarfrua vaagar seg stort utum Dørerne.

 

Cetti, ein Bergensar, held no paa og svelt i Tyskland. Nyleg var han i Berlin og tente mange Pengar og no skal han fara ikring til dei likaste Byarne der nede.

 

Nyt  Tidsskrift styrt av J. E. Sars og Olaf Skavlan, Hefte 3 er komet ut. Det inneheld: 

 

Kristofer Kristofersen. Tilveirs. – Bjørnstjerne Bjørnson. Om retfærdiggjørelsen. Efter professor Gisle Johnsons systematiske teologi. – P. Ulleland. Et kapitel af selvmordets statistikk. – Kristofer Janson. Isblomsten. – Anmeldelser.

 

 


Frå Fedraheimen 23.04.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum