Kristiania, de 22de April.

 

 

Um Juryen skal snart Fedraheimen  koma med ei Utgreiding, skrivi av ein av vaare beste Jurymenner.

 

Fedraheimen  kostar Kr. 1.10 Fjordungaaret. Alle, som ikkje fyrr hev tingat han, bør gjera det no tilkvart.

 

 

Arbeidet imot Sedløysa  vert drivet ifraa tvo Kantar no her i Kristiania. Det er daa allvist Prostitusjonen, som det gjeldst. Det er daa ”Sædelighedsforeningen” paa den eine Sida, som vil hava Prostitusjonen burt, fordi han er ukristeleg, og Fritenkjarar paa den andre Sida, som vil faa’n burt, fordi han er unaturleg og skadeleg for Samfundet.

 

Ein skulde væl tru, at alle Fiendar av dette Ustellet skulde kunna arbeida saman i denne Krigen. Fritenkjaranne hev helder ikkje sagt noko imot dette, men den kristelege ”Sædelighedsforening” vil ikkje vita av noko slikt Samarbeide. Det er syrgjelegt, at her endaa skal raada slikt Trongsyn millom dei kristne. Ein vinn ikkje noko med aa vera so ljosrædd, det vert berre til Skade for Kristendomen, som dei set i ufortent Vanry paa den Visi.

 

No i det siste hev det voret her ein radikal Svenske, heiter Wicksell, som hev haldet Fyredrag um Prostitusjonen og det sedelege Spursmaal. Det var ein mykje klok Mann, han hadde Ro og Aalvor med seg, so at visst alle, som høyrde han, fekk det Inntrykk, at ogso so radikale Boteraader som han kravde, kann forhandlast millom skikkelege Folk, naar det berre vert gjort med Sømd og Aalvor og ikkje so raatt og skamlaust, som me er vande til det fraa Bohémarne vaare.

 

Han trur, at den einaste Boteraadi imot Prostitusjonen vilde vera dette, at ein let unge Folk, som var glade i kvarandre, faa umgangast kvarandre fritt som Ægtefolk, sjølv um dei var i dei Umstende, at dei ikkje kunne faa sleppa til aa gifta seg og setja Hus til saman. Ægteskapet, soleis som me no hev det, burde ikkje setjast som det einaste Maal endeleg, meinte han. Maalet burde berre vera aa arbeida for kvar Manns Lukke og for Samfundsvælferdi, so godt som ein forstod det og kunne magta det. Han meinte, at Ægteskapskilsmaal vilde koma meir og meir i Bruk, naar anten Mann elder Kone fann seg unøgd.

 

Han vilde føra fram til Yvertenking for Folk, um det kanskje vilde vera den beste Maaten til aa faa Skikk paa det, um ein tek etter ein utgamal Skipnad, som endaa finst hjaa sume Folk nede i Afrika, at det ikkje er Mannen, som raar Kona og Borni, men at det er Kvinna, som vel den ho vil til Mann og skifter som ho vil, og ho hev Retten til Borni og ber Ættetanken, medan Brødrar elder andre Skyldfolk verjar um ho. Han meinte, at Samfundet burde gjeva Kvinna fri Rett til aa vera Mor og likeins gjeva Borni fri Uppaling utan Statsfond til det Bruk.

 

Um dette og sovorne Tankar elles vil me visa til ei Utgreiding, som snart vil koma i Fedraheimen.

 

 

Riksraad  Astrup  hadde, som me veit, gjevet 36 av Lutarne sine i Dagbladet burt til likso mange Tingmenner. Lutbrevi hev han no teket att og byd dei no ut til Sal. Kva dei 36 Tingmenner tenkjer um ei sovori Aatferd, tarv me vel ikkje segja. Ho talar for seg sjølv.

 

 

Det er ikkje greidt  for Bonden no. Alt, han hev aa selja, vert betalat med lite og ingenting, medan Utleggi er like store og større paa alle Kantar. Me hev talat med mange Bønder, og alle klagar dei seg hardt.

 

Dei hev freistat paa mange Maatar, men det er reint raadlaust aa halda seg. Det gjeng tilatters, og soframt ikkje Styringi gjer noko med det fyrste, so vert det ikkje aa halda ut.

 

Det trur me og. Stortinget maa verkeleg sjaa til aa gjera, kva det kann baade ved aa leggja Toll paa eit og anna Kornslaget og ved Letting paa annan Maate. Noko maa kunna verta gjort.

 

Det vert skipat inn ein Mengde Byg her til Landet kvart Aar. Han vert brukat ved Ølbryggingi. Her i Landet vert det og alt mykje Byg, men det vert mest umogelegt for Bonden aa verta av med han. Um Styringi no lagde litt Toll paa Byg – mykje turvte det ikkje vera -, so vilde Ølet verta lite Grand dyrare, men det var ikkje fleire enn Øldrikkaranne, som vilde faa noko Mein av han. Og dei Folk, som drikk Øl, hev Raa daa betala eitpar Øre meir for ei Flaska, um det vart somykje av det. For Bonden vilde eit sovore lite Tollpaalegg gjera utrulegt godt. Likeins kunne det godt, utan at nokon vilde ha Skade av det, verta Toll paa Ost. Dei lagar likso god Ost her som i Utlandet, og er det nokon, som plent skal ha han derifraa, so er det jamt sovorne Folk, som hev Raa daa betala litt meir for han.

 

Aa leggja Toll paa dei Kornslagi, som vert brukat til Braud, trur me ikkje vilde vera til bate for Landet i det heile.

 

Og det er det, me maa sjaa paa.

 

 


Frå Fedraheimen 23.04.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum