Fraa Fjellet.

 

I Dalen er der Uro, paa Fjeldet er der Ro;

her planter ingen Lensmand, der panter de nu to;

her slaas man ei om Kirken, som alle de gjør der,

kan hænde det er derfor her ingen Kirkj er”.

 

 

Hr. Bladstyrar!

 

 

Frametter Vaarsida hev me no og daa fenget spyrt eit og anna fraa ”Dalen” og dei ymse Stadar i ”Dalen”. – So tenkte eg: Um du sendte ei Helsing fraa Fjellet au. Fær eg Lov, Hr. Baldstyrar?

 

Um Vinden ein Dag, - daa Skodda ligg tjukk og kald yver ”Dalen”, - ruskar i Skoddehamen, kann ein faa sjaa, at deruppe um Fjellnutarne, der er det klaart. Ja heruppe kann me daa sjaa ut yver Sjøen, der rullar mot Boar og Skjer; det er som ei Helsing fraa dei Frendarne der sud og vest. Innyver ligg Fjellnutarne skire og reine høgt mot Himelsyni, peikande mot det høge, me lengtar etter aa naa.

Naar dei i ”Dalen” hev ansamt med aa finna Grunnarne til Mannalivets Veilur og no og daa trur aa hava Tak i dei, so vilde det – um det ikkje var so aalvorsamt – vera flirande aa sjaa, kor dei kava i Skodda. Soleis naar ein trur at alt Gull er AndvaresGull, som legg Andvares Forbanning paa Eigaren og Ætti hans. – Det er leidt aa sjaa den Steinkolrøykens Flatlandslæra, dei kallar ”Socialisme”, legge seg yver vaare Dalar. – Elder, naar ein trur, at Flaska er Skuld i all Ulukke sosom, at Hestar laupa vilt, elder at ein og annan Ungdomen ikkje kjem seg fram i Verdi. Ein kann freistas til aa spyrja, kvifor der er Runnar og Vinnfall i Skogen og ikkje berre Mastetre.

 

Naar gamle Torkjel Skulemeistar forklaarad um Upphavet til alt vondt, gjekk han attende i Tidi til Adams Fall; men det gjeng nok ikkje an aa bjoda den Læra fram i vaare dagar! Nei. Gullet og Flaska. 

 

Til dei, som tykkjer seg lyft so høgt yver eigi Synd og Naud, at dei hev Raad til aa stella fyre dei hine, vil eg segja: Skulde det ikkje vera hævt aa faa dykk til Domare yver dei, der ikkje vil fylgja dykk paa Ferdi. Um me t. D. fekk eit Sokneraad – og so ein Gapestokk du, nett som i Kristian den 6tes Dagar?

 

Det kunne vera Gaman for Fatikfolk aa sjaa Rikmannen i Gapestokken, og den, som aatte ei Flaske, fekk vel ”staa Skrøft” (offentleg Skrifte), som det heitte i gamle Dagar. – Ja, eg berre spør, eg. – So kunne dei fredsame Blad sleppa aa vera Leikarvoll for dei Kararne, som støtt veit Raad for alle Mein hjaa Grannen.

 

Fjellet i April 1887.

 

X.

 

 


Frå Fedraheimen 23.04.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum