Aarsmøtet i Samlaget.

 

 

Naar Huseby so sterkt hevdar det, so lyt eg vel atterkalla det, eg sist fortalde, at han var tilfreds. Det var forresten dumt gjort av meg aa koma med ei sovori Skulding mot han; for Aatferdi hans paa Aarsmøtet synte altfor væl, at han ikkje var tilfreds. Men naar han fortel, at ”der på årsmødet ikke fra nogen kant blev fortalt, at jeg hadde sagt dette”, so er dette ikkje regtigt. Eg heldt det fram Gong paa Gong, utan at Huseby daa kom med noko Motlegg.

 

Kva Grunnen til det var, veit ikkje eg.

 

Det er noko, som segjer seg sjølv og som eg er viss paa, kvar einaste Lesaren av Fedraheimen skynar, at Samlaget ikkje hev med andre enn sine eigne Bøker aa gjera. Men samstundes vil dei og forstaa, at naar Huseby kravde, at Aarsmøtet skulde tvinga Cammermeyer til aa lata han faa Bøker, so vilde ein sovoren Tvang vera eit Innlegg – ein Dom, um ein vil – i Spursmaalet: Kann Cammermeyer negta aa lata Huseby faa Bøker? Det var iallfall Samlagets Dom. Dette tykkjer eg er so klaart, at alle maa fata det.

  

Naar Huseby fortel, at alle med Undantak av Belsheim og Lavik fann at Aatferdi hans Cammermeyer var ”daddelværdig”, so er det noko so av og til med dette ”alle”. Det er sant, at mange klandrad det laake Forholdet millom Cammermeyer og Huseby; men eg høyrde ikkje ein einaste, utan Huseby sjølv var Skuld i det laake Forholdet. At serleg Liestøl klandrad C. høyrde eg inkje til. Han sagde som me andre, at det var leidt med dette laake Forholdet; men samstundes so fekk Huseby og høyra sitt. Soleis hugsar eg væl, at Liestøl var sinnad paa den ”personlige hævn”, Husby talar um i 1ste §en av Framlegget sitt. Hadde han voret med og klandrad Cammermeyer, so hadde han sjølvsagt trudt det var personleg Hemn som laag til Grunn for Aatferdi hans. Men det gjorde han ikkje.

Det kann ikkje negtast, det ser noko mistenkjelegt ut, naar Huseby talar somykje um, at det var for Samlaget si eigi Skuld, han arbeidde somykje. Samlaget hev fyrr synt, at det raar yver Bøkerne sine, so eg trur ikkje, det trongst for Huseby aa læra dei det. Det er visseleg noko, som Samlaget klarar best sjølv. Huseby hev fyrr synt, at Samlaget og det, det arbeider for, ikkje ligg han so tungt paa hjarta, so at naar han no gjer so mykje Staak um det, so... ja eg vil ikkje segja meir.

 

 

L. Stavnheim.

 

 


Frå Fedraheimen 23.04.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum