Ymist.

 

 

Dronningi  hev no voret under Doktorhand og det er god Von um, at ho straks vil betra til att. Det saag stygt ut ei Rid; men no hev det ljosnat.

 

Odalen  er det fleire, som hev spelat upp.

 

Fut  Heyerdal  i Laurvik er daaen.

  

No strøymer Folk til Amerika att. Det er støtt verst um Vaaren og iaar er det reint Trengsel paa nokre Linur.

 

Statsraad Astrup  held paa aa strida med aa faa Fiskehandelen vaar i god Gjenge. Det er daa især fersk Fisk han meiner skulde lata seg gjera aa senda nedlagt i Is. Men det er Framferd som vantar dei flestalle; difor skal vel Utlendingen koma fyrst her au.

 

Havreprisen  er no nede i 7 Kr. for 100 Kilo og Bygg er mest ikkje aa verta kvitt, likeeins Erter. Smøret hev stiget litt. Mjølki er det likaste Bonden hev no for Tidi, især for dei som hev Meieri; det dreg ikkje so lite til det.

 

Paa Kr.a Teater  gjeng ”Julius Cæsar” Kveld etter Kveld so det susar. – ”Rosmersholm” er au ventande med det fyrste.

 

Godtgjort. Det vert skrivet fraa Glasgow (England): Det norske Barkskipet ”Capri” fraa Arendal reiste fraa Savannah, paa same Tid som dei fæle Jordskjelvarne heldt paa der burte. Lufti var daa fælt varm og mange av Folket umbord leid alt mykje av Feberen. Sjuken tok til og det varad ikkje lenge, fyrr 6-8 Mann maatte halda seg tilkøis. For aa gjera endaa mier Ugreida vart det eit ovstygt Uver, so Roren gjekk sund og Pumpurne kom i Ulag. Trass i alt dette heldt Skipparen Danielsen og tvo tri andre ut og fekk berga Skipet i Hamn.

  

Retting. I Stykket hennar Aashild i No. 12 stedn det tvo Prestar i staden for tvo Partar.

  

England. Det engelske Stortinget vedtok her ein Dagen ein ny Tvangslov mot Irland. Høgre og dei fraafallne Vinstremenn røystad for. Gladstone talad mot alt, han orkad, men Motstandi var han for sterk.

 

No gjeld det aa taka i og arbeida aalvorlegt”, skriv eit frilynt Blad. ”Det nyttar ikkje lengre med Snakk. Det maa verta reist ein Motstand mot Styringi større enn nokor Tid fyrr, for den Loven, som no er gjeven, er ikkje anna enn eit Krigsrop mot Irland. Alle som vil vera med paa aa verja Fridomen aat Irarne, bør no taka i, so det munar. Til Vaapen!” . Me hev og den Voni, at det noverande Høgrestyret med Tvangslovarne sine ikkje vert gamalt i England.

 

Sundhedsbladet, styrt av Lækjar Oscar Nissen, Formann i ”Det norske Totalafholdsselskab”, er komet ut for Mars med dette Innhald:

Kronisk forstoppelse; Virksomme mænds levesæt og helbred; Industririddere; Lus; La børnene komme ud; Et lykkelig hjem (med billede); Folkesygdomme; Aarsager til sygdom; Spørgsmaal og svar; En operasjon uden læge; Lidelserne.

 

Sundhedsbladet” kostar Kr. 2.50 um Aaret, kann tingast paa alle Posthus i Norge og Danmark og i Ekspedisjonen, Akersgata 74, Kristiania.

 

 


Frå Fedraheimen 09.04.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum