Styvborni.

  

 

Sin Ungdoms Draum so mangein Mann

so tidt maa røma fraa.

Eg drøymde um, at Noregs Land

eit annat Liv skuld’ faa.

Vaart norske Stræv! – Hm! ein for ein

fraa Noreg siglar av.

A. Vinje.

 

 

No kjem Vaaren og med han Reiserne til Amerika. Store Skokkar av unge, staute og raske Gutar og Gjentur, væne som Varablomen, fulle av Eld, draga iveg yver det store Havet for aa finna ein Plass, der dei kann faa Arbeide. Nokre av Slægtningarne deira fylgjer eit Stykkje paa Vegen og – gret. Det er, so eg kunne graata sjølv med, var det ikkje for det segjast aa vera Skam. I staden biter eg saman Tennerne og ventar paa den Dag, som vel kjem, daa dei, som no sit paa ein tri fire Stolar elder meir skal angra, at dei ikkje gav Styvborni den vesle Krakken, som dei sjølv aldri hev tenkt aa bruka.

 

Det vert arbeidt for lite i Noreg, segjer nokre; me fær ikkje noko Arbeide her, og fær me Arbeide nokre Dagar, so tek Staten og Bygdi Storparten av den vesle Fortenesta i Skatt, og so vert det ikkje noko for oss her, segjer Styvborni, og so reiser dei. Dei vil arbeida desse, dei reiser for aa finna Arbeide. Det er med Henderne sine dei tenkjer aa tena seg Braud og skapa ei Framtid. Dei kann hava Lyte dei norske Arbeidsgutar og Gjentur, men det høyrast ikkje fraa Amerika, at dei hev han, ikkje aa kunna arbeida. Dei som sitja paa dei mange Stolarne hev skriket mykje um, at det maa leggjas Toll paa Matvarurne, som vert ført inn fraa Utlandi; Maten vert for billeg for Styvborni, maa vita. Det kunne kanskje gaa an aa pina utor dei nokre fleire av dei Skilingar, dei surt tener. Men det duger ikkje det, gode Herrar, De maa leggja Skatt paa Utføring av Styvborn, elles hjelper det ikkje noko. Me hev nokre, som er so fælen for, at det skal bera utyver Stupet. Dei trur, at fær Styvborni Røysterett, so ber det dit. Dei kallar seg endaa ”nasjonale”; men kvifor trur dei slikt? Aa dei tenkjer vel som Vinje:

Og naar du det beste i Livet kann faa,

daa fyrst er du arm, for du kjenner daa,

at meir du fekk, enn du burde faa.

Og daa er du rædd, for du kjenna bør,

at missa du kann denne laante Fjør”.

 

Eg veit ellest ikkje, um Vinje var ”nasjonal”, men um ikkje so var, so kann vel dei nasjonale kjenna ei liti Pirking av noko sovoret lell for det. Me, som sitja paa Stolarne, maa ikkje gjeva Styvborni noko, me maa sjaa til ”at beholde ”vort” ubeskaaret”, sjølv um dette ”vort ” ikkje er vaart, men styvborn i sitt likasovæl som vaart. Det er no ikkje berre dei ”nasjonale”, som hev det – eg hadde ner sagt – med aa vera seg sjølv nok – vondte. Nei dette er so innerleg nasjonalt, so det tykkjest ikkje vera naudturvelegt for noko Parti aa taka det upp paa Programmet sitt.

 

La’ Styvborni vera med, naar det gjeld aa gjera seg dugleg til aa verja Landet. Seg dei, at det er ei Æresak. La’ dei vera med aa betala Skatt i Skulekassa, i Fatikkassa og i alle dei andre Kassurne. La’ dei betala duglegt i Toll aat Statskassa, for alt kva dei skal eta, klæ’ seg med og ellest bruka. Seg dei, at det er ei Æressak au. Nei seg dei det ikkje; det er best, at dei ikkje veit noko um det. Sjaa helder til, at dei kann faa den Trui, at det berre er dei ægte Borni, som betalar i Statskassa. Det kann daa vel helder ikkje vera noko Vande med aa innbilla dei dette; den Skatten vert daa teket inn paa ein sovoren Maate, at dei ikkje skal vita av, at dei betalar. Og det er ikkje faae av dei paa Stolarne, hev eg høyrt, som segjer, at dei maa betala Kaffen og Sukkeret, som Tenaranne og Arbeidaranne deira et upp. Anten hev dei ikkje so mykje Vit, elder so vildei ikkje forstaa, at Arbeidaren arbeider baade for den Maten og den Betalingi, han fær. Styvborni fær betala meir Toll enn hine, naar Evnen til aa betala meir Toll enn hine, naar Evnen til aa betala samanliknast. Dei maa kaupa Sko, Klæde, Mat o. m. paa dei tvo fyrste hev me Toll, og sjølv um Mesteparten av det, Styvborni brukar, vert verka her i Landet, so vert dei likevel for Skuld Tolli dyrare. Vert ikkje t. D. innanlands Leder dyrare for Skuld Tolli? Men det, det innanlandske Lederet vert dyrare, gjeng daa vel ikkje i Statskassa. Kven fær det daa? Styvborni, som lyt kjøpe, elder Jordeigaranne, som hev aa selja? Vert det no Toll paa Matvarur, vil den verka likaeins. Dei lovar rigtignok, at dei skal setja Tolli paa Kaffi og Sukkar litt laagare for – berre Styvborni? - alle! Altso Minking i Tolli paa dei Varur, som baade Jordeigarar og Styvborn treng um, ogso ”Toldbeskyttelse” paa dei Varur, som Jordeigaranne hev aa selja for aa faa Styvborni til aa betala noko meir. Statskassa treng meir og Jordeigaranne treng meir, men Styvborni skal betala. Dette er akkurat som det plar verta gjort mot Styvborni i Eventyri. Vert det Toll paa Matvarur, so vert det nok Pengar baade i Statskassa og til Propritærbunad daa – det er dei tvo som vert hjelpt daa -, naar berre ikkje Arbeidaren alt hev vortet so tur av Mjølkmangel, Kaffidryk og Betaling av Skatt og Toll, at det ikkje er mogelegt for den klokaste aa pina aa stela ein Blodrope utor han paalag som ei Øre.

For at dei skal faa sitja somykje tryggare paa Stolarne, hev dei ein Odelslov. Du kann ganga aa sjaa paa desse vassfulle Myrarne og dei nakne Moarne, der Skogen vart selt og Pengarne øydelagt. Det er Folk, som hev so innerleg Hug til aa hava noko aa arbeida paa, berre ein liten Flekk, men nei. Um du snakkar med Jordeigaranne, fær du vita, at det løner seg fælt kleint aa hava Jord, og skulde du ikkje tru dei, so hev dei ein Kar, dei kallar ”Landbruksdirektør”, han segjer det same. Eg hev høyrt, det skal ikkje løna seg aa føda upp Grisar med Flesk, og so – ja so kann det vel ikkje løna seg aa hava Grisar daa? - Korleis kann daa det henga saman: det løner seg ikkje aa dyrka Jordi, og likavel er det nestan umogelegt i dette store vide Landet aa faa ei Jord aa arbeida paa for Folk, som ikkje hev stort meir enn dugelege armar og ingen Odelsrett, og det i eit land, som er vidare enn det britiske Rike i Europa, men knapt hev tvo Millionar Ibuarar.

  

Jordeigaranne hev skriket mykje um at Skatt paa Matrikulen er uretfærdig, det er ein Serskatt paa dei, segjer dei. Var det so; var det ein personelg Serskatt paa Jordeigaranne, daa var dne uretfærdig, men det er det no ikkje. Matrikulskatten er Skatt paa Jordi. Og korleis kann det segjast, at Skatt paa Jordi er uretfærdig samstundes med, at det er Skatt og skrikast paa Skatt paa Mat, Drykk, Klæder, Ljos og so frametter. Skal eit Menneskje liva, er det naudturvelegt aa eiga Jord, det synest i kvart Fald so, daa so mange maa liva utan. Ein personleg Serskatt paa Jordeigaren er uretfærdig, men Skatt paa Jord er den retfærdigste av alle Skattar. Vil ikkje Jordeigaren betala Skatten, kann han kvitta seg med Jordi. Men Skatt paa Mat og Klæde er noko anna det; det gjeng ikkje an for eit Menneskje aa vera utan Mat. Og so det attaat: Mat, Drykk, Klæde, Ljos o. m. vert dyrare, naar det er Skatt paa dei, for den som skap kjøpe; men vert det lagt Skatt paa Jordi, so vert ho billegare.

 

Naar det talast um uretfærdig Skatt, so kann ikkje eg forstaa anna, enn at Skatt paa Arbeidsløni er uretfærdigare enn Skatt paa Jord. Men mest skrikande vert Uretten, naar Skatten, soleis som no Staten gjer ved Paalegg av Toll, vert lagt paa den Del av Inntekti som kvar brukar for aa liva. Han, som hev ei Inntekt av 5000 Kr. kann, um han vil, liva so smaatt, som den, som hev 500 Kr., ved dette ikkje aa faa meir Skatt enn han, som hev ei Inntekt av 500 Kr. Noko likare vert det daa, naar det vert gjort soleis, som Skatteloven segjer, lagt Skatt paa heile Inntekti. Men ved det vert Skatten likevæl lagt paa Arbeidet, medan Latingen gjeng fri. Dette verkar ikkje godt. Best og mest retfærdigt er det aa leggja Skatten paa Jordi. Daa vert det Jordi som betalar han, og Arbeidet vert fritt. Dei fleste Jordeigarar hev no mykje Jord, som dei ikkje hev noko Nytte av, fordi det ikkje vert arbeid noko paa ho: Myrar, Rabbar og steinutte Bakkar. Vart det lagt Skatt paa Jordi, vilde dei vera glade ved aa verta fri sovorne Jordstykke for aa verta fri Skatten. Denne Jordi, som no mange vilde arbeida paa, men ikkje kann faa fatt i utan ei stor Avgjift, vart daa fri og vilde snart til Nytte for heile Samfundet verta uppdyrkat. Det er sjølvsagt, at det ikkje maatte verta handlat slik med desse Jordstykki som no med Aalmenninganne – Mønsterjordbruket her i Landet – for daa kom Samfundet til aa maatte betala endaa fleire 100,000 Kr. til Mønsterjordbruket sitt.

 

Eg meiner soleis, at ved aa leggja lite Skatt paa Jordi, vart det baade Jord og Arbeide aa faa her i Landet for dei, som no maa reisa til Amerika for aa finna det.

 

Attaat det meire er det so her i Landet, at Styvborni hev ikkje Røysterett. Det kann nok henda, at dei ikkje vilde bruka Røysteretten, um dei hadde havt han; men det var daa deira eigi Sak. Ellest vert daa ikkje ein Eigedom teket fraa ein Mann, fordi han ikkje brukar honom, kvifor hev ein daa teket Røysteretten fraa Styvborni? Det er ikkje morosamt aa vita med seg sjølv, at ein er so laakt og simpelt Folkeslag, at ein ikkje hev same Retten som dei andre. Den, som hev Røysterett, røyster ogso for han som ikkje hev; kven hev gjevet honom Rett elder Myndigheit til det? Vald er gjort til Lov. Det er ikkje nok for aa hava Røysterett, at ein er eit vakset og dugande Menneskje, som er med aa verjar Landet sitt og som betalar Skatt aat Kommune og Stat; sovorne Ting kann ein ikkje taka Umsyn til. Nei fyrst skal det no vera ein av Hankyn; men det er helder ikkje nok. Han maa vera av Hankyn og eiga Jord elder hava ei stor Inntekt; at det skal vera blaatt Blod i han krevst ikkje no. Fær fleire Røysteretten att, ber det utyver Stupet, fortel dei ”nasjonale”. Um ein sjau otte Menner vil til aa byggja seg eit Hus, so kann dei vel ikkje koma aat Folk, som ikkje hev noko med Huset deira og segja: No hev me vortet einige um aa byggja eit Hus og hev reknat ut, at det vert so mange Kornur aa betala for Dykk. Maatru kva vilde Folk (av dei som hev Røysterett) segja, um nokon okm aat dei med slikt? Men aa krevja Skatt og Toll av dei, som ikkje hev Røysterett, det er nettupp aa bera seg aat paa same Vis det.

 

Alt det, som gjev Inntekt elder Ære her i Noreg, hev Jordeigaranne teket. Styvborni fær ikkje anna, enn kva deira eigne Par Armar kann gjeva og endaa langtfraa ikkje alt det helder. Etter aa hava livt eit møisamt, næstan baade Slave- (umyndug) og Tiggarliv, kjem Ulukka som oftast, dei vert klein, helselaus og kjem paa Fatikkassa elder fær Lægd. Og so heiter det um dei, dei ikkje hev voret arbeidssam og sparsameleg, dei hev livd for flott. Jordeigaranne jamrar og fortel, at det er Styvborni, som kjem paa Kassa, det er dei, som er Landsens Ulukka. Fyrst gjera Urett og so skulda andre for det, det er vænt det. Styvborni maa faa Hug til aa bu i det Landet, kor det er ”Sædejord nok” og ”Sommersol nok”. ”Vil du ikkje vera, kann du reisa”, hev eg høyrt Jordeigaranne segja. Det er fælt bra det; men den Retten hev vel Jordeigaranne og attaat alle dei andre Retter. Det er vel ingi Von um, at det skal verta betre her i Noreg no etterdags; me hev komet for langt. Dei nye Vegarne, Dampskipi og dei nye Jordbruksmaskinar hev gjort, at Jordi no er mykje dyrare enn fyrr. Paa same Tid hev Skogarne vortet øydelagt. Skuldi paa Gardarne hev ogso stiget og det kanskje meir enn Jordprisen. Men naar dei Jordeigarar, som hev etet upp Skogarne, Inntekti av deira Arbeid og av Jordi, og det Jordi hev stiget i Pris, ikkje hev komet paa Fatikkassa, so er det vel, fordi dei hev voret ”arbeidsam og sparsam og ikkje livt for flott”. Det einaste, som kanskje kunne hjelpa lite no, er Skatt paa Jordi; men det kann ein daa vera viss um, at dei som hev Røysterett, vil setja seg mot. Med Skatt paa seg vilde Jordi verta billegare, og det var ei stor Vinning. Det er berre for dei, som no eig Jordi, at det er bra, um Jordi er dyr; for Etterslegti og for dei, som no ikkje eig Jord, er det stor Skade.

 

 

I. N.

 

 


Frå Fedraheimen 09.04.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum