Politikken vaar

 

er ikkje greid aa skyna. Me trudde no det me, at naar Johan Sverdrup og so mange gilde Karar med han kom inn i Kongsraadet, so skulde det verta eit heilt anna Stell baade i den eine og andre Maaten. Me trudde, at desse Kararne fyrst og framst vilde arbeida alt, dei kunne for aa gjenomføra og styrkja Folkestyret i Landet og festna det slik, at det skulde standa traust trass i alt Bakstræv, som koma maatte.

 

Dette trudde me, og difor var me so glade den 26de Juni 1884. Johan Sverdrup, det var Noregs Soga i dei siste 30 Aar. Skulde nokon kunna orka aa driva Fridomstankarne gjenom, so maatte det vera han, han og ingen annan.

 

I dei tri Aar, som sidan hev gjenget, hev me røynt so ymist. Det hev ikkje voret den Fart i Arbeidet og det Tiltaket, som me hadde ventat.

 

Og me skynar nok det, at det ikkje er so greidt for Kongsraadarne vaare helder. Me skynar, at det er noko heilt anna aa standa som fri Mann i Tinget enn aa koma inn i desse Kantori, der Bakstrævet hev havt sitt bedste Tilhald hittil. Me skynar, at det ikkje er noko Dagsverk aa reinska upp og lufta ut alt dette Kantorstyre, som møtar dei yveralt og klemmer ein for Bringa, so ein knapt fær pusta.

 

Alt dette fatar me so væl. Men me ser berre ein Utveg utav det: Styringi maa henta Styrken sin hjaa Folkefleirtalet. Det er dette, som trengst. Det var Folket og ikkje Kongemagti, som bar Johan Sverdrup upp i Kongsraadet, og det er paa det, han maa stydja seg, skal han koma nokon Veg.

 

Siste Stortingsvalet var det ”Tillit til Johan Sverdrup”, som samlad Vinstre. Men Meiningi var ikkje berre den, at Vinstre skulde hava Tillit til han; men likso mykje at han skulde hava Tillit til det . Vinstre sagde som so: ”Du Johan Sverdrup hev voret ein gasta Kar. Du hev synt, at du orkar meir enn nokon annan, og difor liter me paa, at du heretter vil vera likso god som fyrr. Hald berre fram som du hittil hev gjort, kjem det noko i Vegen, so lit berre paa oss; me skal stydja deg. Me skal sanka oss ikring deg som i gamle Dagar, og naar du eingong hev stridt ut, so vil me minnast deg, som ein av dei fyrste i Noreg”. 


Det var dette, som laag i ”Tillit til Johan Sverdrup”, det og inkje anna.

 

Nettupp av di det heng soleis ihop med Tilliten, nettupp difor er det og, at me hev komet med Ankemaal mot Styringi ein og annan Gongen, naar me totte, at ho ikkje gjekk den gamle Vegen; men bøygde av innpaa ein nye, som kannhenda var lettare aa ganga, men ikkje fall saman med det Kravet, som i Tilliten laag. Kannhenda me stundom hev voret altfor stride med Ankingi vaar og ikkje tenkt so væl yver, kvifor Styringi gjorde det og det. Me skal gjerna medgjeva, at dette kann hava voret Tilfellet. Det er so lett gjort aa gjera formykje av det, naar ein vert harm yver noko. Men det veit me, at me alltid hev gjort det av Kjærleik til Folk og Land og ikkje av di me vilde skamskjella nokon.

Og Løyve til aa anka vil me hava heretter og. Trengst det, so ver viss paa, at Sanningi skal verta sagt, um ho ikkje alltid er so gild aa høyra.

 

Verst av alt, som er gjort i Politikken vaar paa det siste, er desse Freistingar paa aa mulebinda dei frilynde Bladi. Det er umogelegt for ei verkelegfrilynd Styring aa finna paa noko sovoret. Ei Styring, som liter paa Folket, ho treng ikkje sovorne Midlar til aa styrkja seg med. Ho likar godt aa høyra, kva andre Folk meiner og tenkjer um dei ymse Ting. Ho veit, at Kritikken gjer berre godt. Ho veit, at det er Folkemeiningi, som kjem fram i dei frie Bladi. Det er Folket sjølv, som skal setja Muleband paa Bladi og ikkje Styringi. Er det noko Blad, som fer uvyrdent aat og kjem med Ankemaal, som ikkje er Uttrykk for Folkemeiningi, so kann ein vera viss paa, at Tingaranne vil segja fraa.

 

Det, det gjeld aa fata er, at det er Folket, som er Styrar i Landet. Det og ingen annan. Samfundsskipnaden vaar segjer med klaare og greide Ord, at det er Folket, som gjev Lovar og gjenomførar dei. Embætsmennerne –fraa Kongen og ned til Lensmannen – er alle Folkets Tenarar, som hev aa lyda, naar Folket krev, at det og det skal verta gjort. Det vil aldri nytta korkje for Kongsraadar elder andre aa setja seg imot dette. ”Folkeviljen er den bevægende Kraft i Statslivet” hev Johan Sverdrup sagt, og sannare Ordelag kunne han ikkje komet med. Me ynskjer berre, at han heretter som fyrr maa hava Magt til aa syna det i Gjerd.

 

Men skal han det hava, so krevst det fyrst og framst, at han liter paa Folket, liter paa det, som i gamle Dagar, daa Folket og han var eit og det same.

 

Skal dette vera mogelegt, so maa Bladi faa tala fritt og uhindrat. Mulebandet maa burt, skal Tilliten koma.

 

Men daa kjem han og.

 

 


Frå Fedraheimen 09.04.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum