Paaskehelg.

 

No ringjar det inn til Paaskehelg

um Fjell og Lid og Strender,

og alt ligg Helgarplagget sveipt

utyver alle Grender.

 

Det minnar meg um den store Tid,

daa Landet fyrst vart kristnad,

det laag væl i Draumar ei liti Rid

og paa det nye bisnad.


Det blundad væl titt og drøymde um

eit Liv med Bot for Strider,

- ein ljosare Dag med Song i Lund

og Lauvsprett upp i Lider.

Og Krossmerkjet skein yver Norigs Grunn

med’ kristne Skaldar kvedde,

daa Glorien stod um Olavs Haar,

still tagde dei, som hædde.

 

No hev me ’kje lenger Heilagmenn,

som bed’ for oss til Guds Moder

og lata sitt Blod for den heilage Tru

paa Frelsaren, Gud og Broder.

 

Av Minnet forklaarad dei gjeng fram

og sprengjer Grav og Haugar,

so døyper dei Folket i Andarstraum,

der Sjæli kvit seg laugar.

 

Men Paaske det ringjast og Tonarne sviv

og lullar att for Øyra,

dei lyftar meg upp til den evige Heim

for Englesongen aa høyra,

 

og spaar meg ein fagrare Uppstaddag

med Fuglasong i Lider,

naar Kjærleik paa Jordi hev vunnet fram

til Herskarmagt umsidar.

 

 

Kr. Vn.

 

 


Frå Fedraheimen 09.04.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum