Kristiania, den 9de April.

 

I Aarsmøtet i Det norske Samlaget  vart det eit heit Ordskfite um eit Framlegg fraa Bokhandlar Huseby. Saki heng soleis i hop:

 

Ei heil Tid sidan vart fleire Bokhandlarar furten paa Huseby, av di han gjorde mangt og mykje, som dei ikkje likad. Millom desse var ogso Cammermeyer med. Det gjekk so vidt, at Cammermeyer (og fleire?) negtat aa la Huseby faa Bøker utan mot Kontant. Huseby vart sjølvsagt harm yver dette, og so stemnde han Cammermeyer for Retten. Huseby var daa Millommann for Det norske Samlaget. Dette sagde han imillertid fraa seg i fjor, og Cammermeyer vart teken istaden hans. No var det so, at naar Cammermeyer vart Millommann, so kunne ikkje Samlaget nøggja han til aa lata Huseby faa Bøkerne aat Samlaget fraa han. Det stod det fritt for aa taka Cammermeyer til Millommann elder ikkje, alt etter som det vilde, men det kunne ikkje tvinga han til aa lata Huseby faa Bøker. For at Huseby likevæl ikkje skulle koma i Beit, so fekk Samlaget ordnat det soleis med Cammermeyer, at Huseby skulde faa Bøker beint fraa Samlaget og faa det same Avdraget, som Cammermeyer gjev til Bokhandlarar (15 pCt.). Denne Ordningi var Huseby tilfreds med, etter kva han sjølv sagde til Samlagsstyret.

  

Paa Aarsmøtet kom han imillertid med eit Framlegg, som gjekk ut paa, at Aarsmøtet (Generalforsamlingen) skulde døma i Saki. Det skulde avgjera, anten Cammermeyer hadde Rett til aa fara soleis aat elder ikkje, og soframt dette siste var Tilfelle, so skulde Cammermeyer verta klandrat for Aatferdi si. Framlegget hans Huseby hev me ikkje nettupp for Handi; det skulde stadet her.

 

Ordskfitet vart baade langt og varmt. Det kom fram mange Framlegg (fraa Joh. Lavik, A. Fretheim, L. Stavnheim m. f.). Fraa Huseby si Sida vart det farmhaldet, at det her galdt ei Principsak (Forholdet millom Bokhandlaranne, um dei hadde Lov aa negta kvarandre Bøker o. s. fr.). Fraa andre Kanten vart det sagt, at naar Huseby den Tid, Saki vart ordnat millom Cammermeyer og han, hadde sagt seg aa vera tilfreds, so var det no ingen Grunn til aa gjera noko , solenge dei hadde Sak for Retten. Alle var dei samde um aa anka yver, at det skulde vera so laakt Forhold millom Bokhandlarne; men dei trudde ikkje, Tidi var inne aa gjera noko.

 

Endalykti vart, at det med stort Fleirtal vart vedteket eit Framlegg (fraa A. Fretheim) um, at soframt det var noko aa gjera, so kunne Samlagsstyret ordna det, som det fann for godt.

  

 

En gammel Maalven”er ute i Framgang  att. Det er sant, det han fortel um Tingartalet; me er ikkje rædde for aa segja det. Men det ser ut for, at han i alt dette Staaket, hev gløymt, kva det her er Spursmaal um. Spursmaalet er ikkje her, um kormange Tingarar Fedraheimenhadde i fjor Nyttaar; men kormange Aar hadde i fjor Haust. Soframt ”En gammel Maalven” hadde fylgt lidt med i Fedraheimenog ikkje berre gravet i Postbøkerne, so hadde han visst, at Fedraheimen  vart reint Vinstreblad ifjor Haust (i September) og ikkje i fjor Nyttaar.

 

Og vil han taka og sjaa etter i Postbøkerne, so vil han finna, at Fedraheimen  Nyttaar hadde fleire Tingarar daa (og hev det enno) enn han hadde i Haust. Det er dette me hev sagt, og det er dette, me er viljuge til aa prova, kva Tid som helst.

 

At Bladet i fjor Nyttaar hadde so mange Tingarar, kjem ellest av andre Grunnar. Soframt ”En gammel Maalven” hadde Tid ein Gong aa kika inn til oss her i Møllergata, so skulde me setja han inn i eit og anna, som han ikkje no hev Greide paa.

Er han ein gamall Maalmann, so skal han verta væl motteken, um han kjem. Me er aldri det minste sinnad paa han, so han tarv ikkje løyna seg for det.

 

Er han ein ærleg og hugheil Kar, so gjer han det og for Sanningi si Skuld.

 

 


Frå Fedraheimen 09.04.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum