Ho Anna og eg.

 

(_s_i Nora).

 

Eg hadde fenget Kjærleik til ei Gjenta. Liti og grann var ho, lettlivad som nokon og so framifraa hæv til aa dansa. Anna heitte ho og var Dotter aat ein Gardmann. Lenge gjekk eg og tagde med det; men for kvar Gong eg saag henne, vart det heitare og heitare, og tilslutt so brann det laus. Eg etlad meg fleire Gonger til aa segja henne, at eg heldt av henne; men eg kom meg ikkje til.

 

So laut eg skriva. Eg skreiv eitBrev, og eg skreiv tvo, og Brevi bar eg fram sjølv; men eg fekk inkje var. Det var snodig, totte eg; for kunne eg døma etter Augo hennar, so saag det ikkje so galet ut. Eg skreiv endaa ein Gong til, og daa fekk eg eit Svar, nett som eg vilde, for det var nok ikkje fritt for, at ho heldt utav meg, ho og; men ho hadde berre trutt, at det ikkje var Aalvoret mitt. Daa vart eg so glad, at eg bivrad, og eg ynskte, at eg hadde henne i Armarne, so skulde eg trykkja henne innaat meg; for eg kann ikkje segja, kor eg elskad henne.

 

Daa spurde ho ein Dag Foreldri sine. Men daa vart det anna Læte i Bjølla. Dei vilde det paa ingen Maate. Det var Jordi, dei vilde halda seg til, og eg var berre Skulemeistar, og so kunne eg døy, sagde dei. Ho vilde lyda Foreldri. No vart det ikkje godt for meg, kann du skyna. Eg sleit meg i Haaaret og ynskte, at eg ikkje hadde seet henne. Men elska henne laut eg korso. Eg kunne ikkje anna. Ho lovad, at ho og skulde elska meg – ei Stund.

 

So gjekk det av ei Tid. Sjeldan raakad me saman, og um so hende, so rødde me ikkje stort um Kjærleik. Ender og daa fekk ho ei liti Gaava fraa meg; men eg tottest skyna, at ho vart kaldare og kaldare mot meg etter kvart; for Foreldri hadde prentat inn i hennar, at hennar Giftarmaal skudle verta bygt paa Pengar og ikkje paa Kjærleik.

 

Ein Gong fekk ho ein ”kristeleg Kalender”. Det var endaa til paa Stølen; for ho var Budeigja. Ho vilde gjeva meg Boki atter; men Namnet hennar stod paa med Gullbokstavar. Daa vilde ho betala baade Boki og det andre, ho hadde fenget, og sagde: ”Aa, skriv ei Rekning, so skal eg verta glad i deg!” – Aa ja, eg lovad aa skriva ei.

 

Daa eg kom heim, so sette eg meg ned aa skriva Rekningi, som lydde soleis:

 

Fordi du indtrængende bad/ mig en Regning at skrive,

saa vil jeg paa dette Blad / en saadan dig ogsaa give.

Saa tag den og gjem den og glem den ikke,

men husk, at Betalingen maa du skikke:

Brevmappen med Indhold, som du fik,

koster, naar vi mødes, et kjærlig Blik,

Testamentet koster en Tanke for Gud,

Husk mine Sange, naar du staar Brud!

Kalenderen” koster et Suk hver Dag;

men ”Guldstøv” koster ikke det Slag;

thi den skal dei minde, / at Guld skal forsvinde

og blive til Støv, / som Træernes Løv.

Se her er Beløbet, /som dig har bedrøvet;

men nu kan du blive det kvit,

og siden gaar Brystet vel frit?

 

Ein Dag reiste eg med Rekningi tilfjells. Til Nista hadde eg eit raatt Egg i Lumma. Eg hadde høyrt so smaatt, at ein Snikkar skulde fara og lirka hjaa henne. Eg hadde spurt henne fleire Gonger, men ho vilde aldri læst vera ved det; men etter den Dagen, eg var paa Stølen med Rekningi, trudde eg det fullt og fast. For no skal du høyra:

 

Eg kom til Stølen, gjekk inn i Skotet og saag at ho var inne, for Hempa var av. Der var Hengjelaas ute, skynar du. Fyrst bankad eg i Golvet med Regnhatten; men alt var stilt. So pikkad eg paa Døri. Lenge var det stilt; men endeleg høyrde eg, eitkvart byrjad røyva paa seg; det var i Sengi. Eg høyrde, kor det knatt. So tok det i Døri. Eg stod eit Stykkje ifraa og tenkte: ”No kjem ho og læt upp”. – Døri vart varleg opnad, og daa ho var sopass’ opi, at ho Anna kunne sjaa meg gjennom Glytten, klemde ho Døri atter og læste. Eg burt og vilde lata upp; men det nyttad ikkje, - det var Krok paa Innsida. So stod eg ei Stund og tenkte kva Meining ho kunne hava med dette. Leidt totte eg det var aa snakka til henne og, sidan ho ikkje vilde sleppa meg inn; der kunne vera nokon inne hjaa henne, tenkte eg. Lenge stod eg stilt. So tok eg Rekning upp or Lumma og lagde paa ein Strokk og sagde høgt: ”Her ligg Rekningi!” Eg fort til Skotdøri, leet henne upp og att, men vart standande inne korso. Eg te, ho skulde koma ut og leita etter Rekningi; men eg stod lenge, ho kom ikkje. So tok eg Egget or Lumma, stakk Hol med ei Knappenaal i baade Endar og tømde det og lagde so det tome Skalet paa ei kveld Bytta tett med Døri. So hadde eg Hempa i Døri i Kjengen og gjekk heimatt. Um ho var god til aa lata upp sjølv, elder um ho laut ropa paa ei onnor Gjenta, veit ikkje eg.

 

No skynar eg, at ho elskad ein annan, og ettersom Folk sagde, so laut det vera Snikkaren. Vilde Foreldri hennar det, so var det Løgje; for han aatte ikkje Jordveg, han helder; men so hadde han eit fint Hus, maa vita, - og – so døyr vel ikkje han.

 

 


Frå Fedraheimen 09.04.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum