Det norske Samlaget. (Aarsmelding).

 

For 1886, det 18de Samlagsaaret, er utgjevet:

 

Fraa 1852 til vaar Tid, 1ste Heftet........................... 7 ½ Ark i 2000 Ekspl. = 15000 Trykkark

Evangeliet etter Mattæus......................................... 4 ” i 1700 _= 6800 _

A. O. Vinjes Skrifter i Utval, 4de bandet, 1ste Heftet 13 ” i 2200 _= 28600 _

Sogor. _Ein Bundel fortald av P. Sivle...................9 ” i 1800 _= 16200 _

33 ½ Ark elder 66600 Trykkark

 

i Upplag fraa 1700 til 2200 Eksemplar mot 44 ¾ Ark elder 87700 Trykkark for 1885.

 

Rekneskapen for 1886 visar: Innkomur Kr. 7330.16 og Utgifter Kr. 6793.13. I Kassa var ved Utgangen av 1886 Kr. 535.03; Gjeld – for Prenting – paa Lag det same. Aarspengar er i 1886 avgjorde av 893 Lagsmenn mot av 894 det fyrre Aaret. Talet paa Lagsmenner noko mindre enn i 1885, daa fleire daarlege Betalarar er strokne or Bøkerne. – Fleire Leselag, Boksamlingar og andre Samlag er komne til, soat innpaa 120 slike Lag er med no.

 

I Samlagsinnkomurne for 1886 er medteket Statshjelp Kr. 1800 til Umskrift og Utgjeving av nytestamentlege Skrifter paa Folkemaalet. Kand. Skard hev fleire Vendur haldet seg i Kristiania og saman med Prest Belsheim og Ivar Aasen seet igjenom Umskrift av Apostelsoga, fyrste Korinthiarbrevet, Galatarbrevet, Jakobs og Johannes’ Brev umfram Mattæusevangeliet, som ikkje var heilt ferdig ved fyrre Aarsmøtet. Skard og likeeins Belsheim hev ogso heime arbeidt med Bibelumskrift.

 

Boklista yver alt, som er skrivet paa norsk Landsmaal elder Bygdemaal fraa det 17de Aarhundrad til vaar Tid, er enno ikkje komi til Utgjeving.

 

Til aa arbeida for Samlaget og rettleida Folk i Maalvegen, hev Styret ingen ute no; Kand.- Bruhjell, som Styret tingad med i fjor, vart Prest straks etter.

 

Dei 4 fyrste Upplag av Austlids ABC skal etter kgl. Resolution koma ut hjaa Bokhandlar F. Beyer i Bergen. Kvart Upplag skal vera paa minst 10,000 Eksemplar. Boki, som hev Bilæte og skal kosta 25 Øyrur, kjem vonleg med det fyrste.

 

Til aa faa Samlagsbøkerne fortare ut hev Styret teket tvo Prentarar i staden for ein fyrr; det er Meiningi dessutan aa gjeva Bøkerne ein betre Bunad.

  

Med Bokhandlar Cammermeyer hev Styret den 18de Oktober i fjor gjort Semja um, at han skal vera Hovudkommissjonær for Samlaget. Samstundes tok han paa seg aa gjeva ut paa nytt Snorres Heimskringla, umsett av Steinar Schjøtt. Denne Boki vil snart verta ferdig og skal for Tingarar berre kosta 4 Kronur. Likeeins vil Cammermeyer taka inn i Boklista si ei Lista yver alle dei Bøker, Samlaget hev gjevet ut.

 

Dei Mennerne, som tok paa seg aa faa istand Utkast til eit norsk Lesebokstillegg (sjaa Aarsmeldingi for 1885) er longe sidan ferdige med dette Arbeidet. Utkastet er no hjaa Professor Moltke Moe, som av Kyrkje-Departementet er beden um at sjaa det igjenom.

 

Forslaget hans Kand. Vinge um aa skipa Lesekrinsar hev Styret havt fyre seg paa nytt, men kann ikkje vera med paa det no helder, daa alt so mange Leselag er med i Samlaget, og dette ikkje hev Raad til aa gjeva Bøkerne burt.

 

 

Kristiania i Styret for Det norske Samlaget,

 

den 1ste April 1887.

  

Andr. Hølaas.

 

Halfdan Halvorsen.

 

 

Utdrag av Reikneskapen for Det norske Samlaget for 1886.

 

Innkomur:

I Kassa fraa 1885.................................... Kr. 8.29.

Aarspengar: 30 Lagsmenn for 1884........ ” 120.00.

Do. 373 _” 1885 ..................................... ” 1471.00.

1599.29.

 

Do. 450 _” 1886.................... Kr. 1808.36.

Do. 11 _” Livstid................... Kr. 308.00.

Do. 29 _” 1887...................... Kr. 116.00.

2232.36

 

Gaavur: Dr. Sauerwein Kr. 16 og Maalkurset i Kristianssand Kr. 4... Kr. 20.00.

Boksalet i Aaret....................................................................................Kr. 1678.51.

1698.51.

 

Til nytestamentlege Skrifter........1800.00.

Kronur 7330.16.

 

 

Kristiania den 1ste Januar 1887.

 

24de Februar

 

 

Utgifter:

Trykkning og Bokbinding......... Kr. 2316.78

Bokskriving og Retting............. ” 1000.00

3316.78.

 

Bokseljarar og Millommenn..... Kr. 840.95.

Kasserar..................................... ” 500.00.

Postpengar................................. ” 421.64.

1762.59.

 

Lysingar..................................... ” . 95.59.

Ymist......................................... ” 85.61.

181.20.

 

Nytestamentlege Skrifter.......... 1535.56.

I Kassa..................................... 534.03.

Kronur 7330.16.

 

Hallv. Johanson.

 

 

I ”Det norske Samlag” vart i Aarsmøtet den 1ste April valt til Formann A. Hølaas med 17 R. og til Medlemer av Styret Prof. Seippel med 17 R. og Kand. Ivar Mortenson med 14 R.

 

 

Til Varamenn Dr. El. Holst med 17 og H. Halvorsen med 16 R.

 

Til Domsnemd vart valt Ivar Aasen, Prof. Unger, Statsraad Blix og Hans Ross med Haandklapping.

 

Med Avsyn paa Skriv fraa Huseby & Co. vart det etter eit varmt Ordskifte gjort eit sovore Vedtak: 


Styret har at ordne Sagen med Cammermeyer om Salget af Samlagets Bøger efter sit bedste Skjøn”.

Samlaget hev i 1886 selt Bøker for tilsamen Kr. 1678.51 og utgjevet 33 ½ Ark elder 66600 Prentarark.

 

 


Frå Fedraheimen 09.04.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum