Kven skal vinna?

  

Sjeldan – kanskje aldri – hev eg leset ein Bladartikel av Bjørnstjerne Bjørnson, der han hev gjevet Tankarne sine ei so yverlag fin og dragande Form som no, daa han skreiv mot det nroske Maalstræv. Han liknar der den store, framsynte Hovding, som ender og Gong vert kjælen og sorgtung, naar han tykkjest sjaa, at dei beste og gildaste Mennerne hans held paa og tutlar seg burt med gagnlause Smaating. Mjuk i Mælet, med lokkande, ”formelig” rørande Ord, bed den sorgtunge Hovdingen Mennerne sine slutta av med Gagnløysa og trufast fylgja han paa Ferdi vidare framyver. – Bjørnsonhev kjent seg nærskyld til dei, som vil reisa det gamle norske Maalet; men han kann ikkje skyna, at det gjeng. Og so kjem dette fine, dragande Stykkjet i Dagbladet.

 

Det treng Svar.

 

Eg vil ikkje byrja trætta breidt med han um Maalsak og Maalstræv. Dertil er eg for liten. Dessutan vilde det berre verta aa ta uppatt sovore, som ArneGarborghev sagt i ”Den nynorske Sprog- og Nationalitetsbevægelse”.

  

Det var berre ein Paastand, eg vilde vera med og slaa i hel. Naar Bjørnson liksom vil fortelja, at det norske Landsmaal rekk ikkje til, naar ein vil freista skildra Livet og Personar i Byarne, - daa tykkjer eg, at han spring for fort. Han finn ut, at Landsmaalet kann vera godt nok, so lengje berre Bondens Liv skal teiknast og Bondens tale hermast. Dertil og ikkje lenger!

 

Den historiske Utviklingi, som det norske Folket laut taka, den hev dessverre voret soleis, at mangt og mykje godter komet ikkje so lite til Nedfalls. Difor er det Tusund av Menn og Kvinnur, som segjer med Bjørnson um Landsmaalet: ”Sprogets Rytme besværer mig; det blir tilsidst saa tungt, at jeg er ude og brøjter”. Det er Sanning, det.

 

Men endaa mange fleire Nordmenn vil segja med meg um det Maal, som Bjørnson brukar: ”Sprogets Rytme besværer mig” osv.

 

Millom dei norske Bønder brukast ein Braate Ord og Vendingar, som no er eigne for dei; og eg tykkjest vera viss um, at desse vert mykje fleire enn dei, som Byfolki hev berre for seg.

 

Og Fylgja vert sjølvsagt den, at det er vandare aa skildra Bønder og bruka Bymaalenn det er aa skildra Byfolk og bruka Landsmaal.

 

Kvar vert det so av Beviset for, at Maalstrævet er noko toskutt Tull?

  

Bjørnson er Maalmann han og. Han fylgjer Knudsen og trur stødt og visst, at dei skal sigra. Han brukar det Spraaket, som no er fullt utviklat ved ein sprakande rik Skaldekunst, brigder berre paa ein og annan Bokstav, medan Maalstrævaranne elles gjeng attende til noko, som kom reint av Moten for mange hundrad Aar sidan. Det er Faare for, at desse Folki kann enda som Bakstrævarar paa andre Umkverve og. Og so er dei Nihilistar, for dei vil sprengja Dansken i Lufti, segjer Bjørnson.

 

Men han hev gløymt ratt au, at Trass i all Landsens Ulukka og i all Vanvyrding er det norske Maalet ikkje døydt ut, men hev haldet seg livande kring i landet støtt. No, daa Kjærleiken til Maalet er vaknat, no utviklast det Dag for Dag. Det vert daglegt rikare og rikare igjen, misser meir og meir dei forfælande tunge Formar, vert meir og meir avslipat (elles til stor Sorg for Ivar Aasen og Marius Hægstad), vert meir og meir eit demokratisk, moderne Spraak, som er lett aa bruka for den, som kjenner seg heime i det.

 

Bønderne kjem, Bønderne kjem! hev visst Bjørnson sagt eingong. Ja, han kann vera trygg. Dei strævar og balar av alle Livsens Krefter for aa koma ”høgare upp og vidare fram”, for aa verta med jamvæl i Aandsliv og Skaldskap. – Det Maalstræv, som no gjeng for seg ute paa Landet, det etsar seg inn hjaa Ungdomarne alle stader og vil eingong faa ein Grøde, som flymer so flusst, at den norske Skaldekunst skal trivast væl ved aa bruka ”Bøndernes maal”.

 

Det er berre ein Paastand dette og, det er sant. Men han er grunnad paa den Trui, at dei norske Bønder stødt vil gaa fram, faa meir Upplysning og soleis faa større aandeleg Magt i vaart Samfund. Og dei norske Bønder vil meir og meir ta’ til aa bruka sitt eiget Maal. Men Bjørnstjerne Bjørnson tarv aldri tenkja, at hansMaal er elder vert ”Bøndernes Maal”. I Visse tykkjer Vestlendingarne- alle som ein – at Knudsens og Bjørnsons Skrivemaate skjemmer Maalet ut.

  

Undtakan Vinje og Garborg hev dei nyare norske Diktarar ikkje voret Bønder og ikkje kjent Landsmaalet som sitt eiget. Men er det no nettupp so sagt, at Høvi alltid skal vera slike? Kann det ikkje tenkjast, at det er so mykje Merg i dei norske Bønder, at dei ein god Solskinsdag kann vilja ta’ ”Luven” fraa ”Storfolki”, verkeleg vinna yver dei i Skaldekunsten ogso? Til Dømes naar me eingong kjem so langt, at Bondeungdomen fær likso god Skule som Ungdomen i Byarne? Kvar vert daa den største Kans? Skaltru ikkje Bønderne fær fullt so gode ”Utsigter” daa som dei andre? Her kann det kannhenda vera verdt aa minna um, at ute paa Landet liver Ungdomen som oftast eit sedeleg reint Liv. Og Bjørnstjerne Bjørnson hev fenget innbillat meg, at gjennom Sekler kann dette ha mykje aa segja.

 

- Kven skal vinna? Enno hev eg ikkje leset den siste Boki hans Knudsen, men vil inntil vidare svara: Jau, det skal me Maalstrævarar gjera!

 

- Men at Bjørnstjerne Bjørnson trur, at vaart gamle norske Maal er so fatikt og so tungt, at det er noko toskutt Tull av vaare Bønder aa freista faa det fram til aalment Bruk her heime, - det gjer meg vondt. For det syner, at han ikkje hev fenget Has paa den Grunntanken som heile Maalstrævet kviler paa. Og det syner vidare, at han ikkje kjenner so svært mykje til det norske Landsmaalet.

 

 

Naa, 22de Febr. 1887.

 

 

J. E. Maakestad.

 

 


Frå Fedraheimen 05.03.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum